DEBATT: Tankar frå ein skulestreik-pappa

PARADOKS: Det er eit paradoks. Vi har ein verdsorden der kunnskap om- og tiltak mot klimaendringar er førande, samtidig som utsleppa av klimagassar aukar. Eg kan ikkje forstå anna enn at det er desse manglande resultata skulestreikane er ein reaksjon på. Det ser rett og slett ikkje særleg lovande ut for dei som kanskje skal vere foreldre i 2030 og besteforeldre i 2050, skriv artikkelforfattaren.

PARADOKS: Det er eit paradoks. Vi har ein verdsorden der kunnskap om- og tiltak mot klimaendringar er førande, samtidig som utsleppa av klimagassar aukar. Eg kan ikkje forstå anna enn at det er desse manglande resultata skulestreikane er ein reaksjon på. Det ser rett og slett ikkje særleg lovande ut for dei som kanskje skal vere foreldre i 2030 og besteforeldre i 2050, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Ein ettermiddag i februar synte 13-åringen i huset meg eit bilde på Instagram av Greta Tunberg. Ho sto saman med ei gruppe ungdomar med plakatar påskrive «School strike for climate action.»

– Eg vil SK ... sa ho, før eg avbraut. Eg følgjer med på nyheitene, og skjønte kva det gjaldt.

– Nei, sa eg bestemt.

– Du kan ikkje nekte meg!

Dette er ei grovt forenkla attgjeving av samtala, men denne augeblinken sette i gong ein prosess der vi begge måtte ta eit steg tilbake og tenke oss om: Ho måtte komme opp med saklege argument for å delta på skulestreik. Eg måtte komme opp med saklege argument til å støtte eller motarbeide initiativet.

Å skulke skulen er trass alt ganske drastisk. Kan føremålet med skulkinga likevel vere verdt det? I haust tok vi til dømes ungane ut av skulen ein dag for å dra på ferie. Vi tykte sjølv den ekstra dagen med lærerike opplevingar trumfa skulebenken.

For å ta dette seriøst, ville eg sjekke påstandane til dei som streikar. Kan det stemme at dagens unge ikkje har noko framtid? Første stopp i undersøkinga mi var FN sitt klimapanel. Den siste rapporten frå IPPCC i 2018 syner at utsleppa av klimagassar må meir enn halverast innan 2030 og fjernast heilt innan 2050 – for å unngå alvorlege og irreversible konsekvensar for verdas natur, miljø og menneske.

Neste påstand – er det sant at dei vaksne ikkje gjer noko med det? Eg fann at alt i 1997 gav 127 land sin forpliktande signatur til å redusere utsleppa gjennom Kyotoprotokollen. I 2016 ratifiserte 166 land utsleppskutt gjennom Parisavtala. I Norge har vi ei eiga klimalov som set mål om å redusere utsleppa med 40 prosent i 2030, i forhold til utsleppa i 1990.

Så, då burde vi vel ligge godt an? Vel, eg var nysgjerrig på kor mykje utsleppa har gått ned, men fann at berre i dette årtusenet har dei årlege, globale CO₂-utsleppa gått opp frå 23 til 33 gigatonn. Altså ei auke. I Norge har utsleppa ifølge Statistisk sentralbyrå også auka med tre prosent frå 1990 til i dag, sjølv med ein forsiktig reduksjon dei siste par åra.

Det er eit paradoks. Vi har ein verdsorden der kunnskap om- og tiltak mot klimaendringar er førande, samtidig som utsleppa av klimagassar aukar. Eg kan ikkje forstå anna enn at det er desse manglande resultata skulestreikane er ein reaksjon på. Det ser rett og slett ikkje særleg lovande ut for dei som kanskje skal vere foreldre i 2030 og besteforeldre i 2050.

Det er forståeleg at ungdomen ikkje held seg likegyldige til desse framtidsutsiktene. Kan eg som far, kan samfunnet akseptere aksjonsforma? Vel, etter mitt syn har dei grunnlova i ryggen for å stå på krava. Dei hevdar sin rett til eit levekraftig naturgrunnlag for seg sjølv og etterslekta, og styresmaktene er ifølgje paragraf 112 plikta å sette i verk tiltak.

Barn har ikkje stemmerett i val, men ifølgje artikkel 12 i barnekonvensjonen, har alle barn «rett til å seie meininga si, og deira meining skal bli tatt på alvor». Dessutan har barn ytringsfridom. Spørsmålet som går att no, er om dei absolutt må bruke sin ytringsrett i skuletida.

Tja, kva må til for å bli høyrt og tatt på alvor? Når tusenvis av barn kollektivt bryt reglar, blir det i alle fall lagt merke til. Sjølv regjeringa reagerer. Responsen frå statsministeren er å be dei gå på skulen, og heller komme på klimapolitiske toppmøte for å gje innspel til klimatiltak. Då er eg usikker på om bodskapen til ungdomane blir tatt på alvor: Dei unge vil ha resultat, ikkje prat. Greta Tunberg seier sjølv at løysingane for reduksjon av klimautslepp er godt kjende, det er berre vilje og handling som manglar.

Etter å ha prøvd å finne ut kva skulestreiken handlar om, har mitt instinktive «Nei!» til tenåringen blitt eit «Ja, i første runde. Seinare rundar må vurderast frå gong til gong». Hennar argumentasjonsliste vart dessutan lagt ved permisjonssøknaden til skulen. I verste fall bidreg dette valet til viktig læring og bevisstgjering for dei unge som engasjerer seg (og foreldra, skulen, media og politikarane som må følgje opp). I beste fall vil den globale oppslutninga om skulestreiken gje reduserte klimautslepp.

Fredag flokkar sunnfjordske ungdomar seg utanfor rådhuset i Førde med klimaplakatar og ropert, vel vitande om at dei denne dagen prioriterer å stå opp for vårt felles livsgrunnlag framfor å gå på skule. Då vert det spennande å sjå reaksjonane hjå våre folkevalde. Vil dei lytte, ta dei framtidige veljarane på alvor og gjere vedtak som faktisk reduserer klimautsleppa her?

Eg tykkjer vi skal støtte dei og takke dei for å løfte klimasaka opp våre lokalpolitikarar sitt bord. Lykke til alle saman!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags