CO₂ er framleis livets gass

Av
DEL

Meiningar 

Det er eit totalt hysteri i NRK og norske aviser omkring påståtte klimaendringar som skuldast utslepp av klimagassen CO₂.

Men vi ser aldri at påstandane vert verifiserte, bortsett frå at politikarar og forskarar trur at CO₂ styrer klima. Men studerer vi klima på Jorda gjennom millionar av år finn du aldri bevis for at CO₂ har slik verknad på klima som no vert påstått. Vi finn aldri at temperaturen på Jorda har gått opp ved auka CO₂ i atmosfæren. Går vi inn og studerer temperaturkurvene i tretti år fram til 1976, så var det då nedgang i temperaturen og påstandar om ei ny istid. Men på same tid auka CO₂ i atmosfæren. Altså var det ingen samanheng mellom CO₂ og klima.

Etter 1976 fekk vi ein oppgang i temperaturen som vart utlagt som global oppvarming p.g.a. auka utslepp av klimagassar. IPCC sine klimamodellar produserte temperaturkurver framover i tid som aldri har vorte oppfylte. Etter klimamodellane sine kurver skulle det vore mykje varmare på Jorda i dag. IPCC sine klimamodellar legg til grunn at CO₂ har stor innverknad på klima.

Klima den siste millionen av år har vore dominert av åtte istider. Var det p.g.a. vi hadde for lite CO₂ i atmosfæren? For 5–600 millionar år sidan var det ei lang istid med 15–20 gonger så mykje CO₂ i atmosfæren som i dag. Det indikerer ikkje at våre utslepp av klimagassar vi gje nokon vesentlege klimaendringar.

Truleg vil fram i tid få ei ny istid og då har politikarane lite dei skulle ha sagt med sine klimatiltak. Vi kan pøse ut milliardar av skattekroner på klimatiltak som alle går ut på å få ned utslepp av CO₂, men vi vil aldri sjå nokon verknad av denne pengebruken på temperaturen. Men auka CO₂ i atmosfæren vil gje ein grønare klode. Fotografering frå satellittar frå slutten av 70-talet fram til i dag syner at ørkenar har vorte 15 % grønare. Med auke av CO₂ treng ikkje plantane så mange hol i bladverket for å ta opp nok CO₂ for å vekse, og slepp då ut mindre vatn frå bladverket og kan leve i tørre område. CO₂ er livets gass!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags