​DEBATT: Et kjøt med godt samvit!

KJØTPRODUKSJON: – Kjøt er eit naturprodukt som har vore brukt nesten heilt sia tidenes morgon, det er gitt oss til mat/næring og burde kunne vere ein naturleg del av kosthaldet, skriv Sølvi Viola Skinlo. Illustrasjonsfoto frå Nortura i Førde. Bildet er tatt i ein anna samanheng.

KJØTPRODUKSJON: – Kjøt er eit naturprodukt som har vore brukt nesten heilt sia tidenes morgon, det er gitt oss til mat/næring og burde kunne vere ein naturleg del av kosthaldet, skriv Sølvi Viola Skinlo. Illustrasjonsfoto frå Nortura i Førde. Bildet er tatt i ein anna samanheng. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Det har vore masse snakk om kjøt i det siste og eg synest ting har begynt å likne eit hysteri. For det første så er kjøt eit naturprodukt som har vore brukt nesten heilt sia tidenes morgon, det er gitt oss til mat/næring og burde kunne vere ein naturleg del av kosthaldet.

All mat som er gitt oss gjennom dyr og natur kan vi med god samvit ete så lenge vi bruker vanleg sunn fornuft og måtehald – det vil seie at vi har eit variert kosthald, så vi får i oss alle dei ulike næringsstoffa og vitamina vi treng! Det er noko som heiter sunt bondevit og det trur eg vi skal bruke og ikkje gå heilt av skaftet. Viss ein ikkje skal kunne ete meir kjøt enn ei skive skinke på skiva per dag så seier eg berre: Eg trur faktisk ikkje alt eg høyrer! Det er lov å tenke litt sjølv!

Eg ser så klart at enkelte nok med fordel kunne byte ut litt kjøtdagar med fiskedagar, og at vi ikkje skal ha eit veldig einsidig kosthald, og at vi med fordel bør ete meir frukt og grønt, men eg trur vi trenge og kan nyte alt som kjem frå naturen – i skjønn foreining! Eg trur kanskje vi heller burde kutte ut mykje når det gjeld brus, godteri, chips osv. For her må nok vi nordmenn som mange andre innrømme at vi er komne inn i unaturlege vanar, og burde skilje meir mellom helg og kvardag.

For det andre, og no er eg ikkje ute etter å angripe eller skulde nokon, men eg synest det er trist at det har breidd om seg ein del med veganisme som jo går enda lenger enn vegetarismen. Nettopp på grunn av det eg skreiv ovanfor, at eg trur desse ting er gitt oss til glede og til føde. Livet vert veldig vanskeleg vist man skal leve med så ekstreme reglar, det er direkte trelldom og gjere det vanskeleg både for dei som er veganar, som jo ikkje eingong kan ete noko som kjem frå eit dyr, og vanskeleg for dei som får besøk av sånne.

Sjølvsagt er det lett for meg som kristen å seie fordi eg er fri til å ete alt som blir sett fram for meg, men eg trur ikkje dette berre har med det å gjere, det har med at vi alle er gitt ein sunn fornuft og treng ikkje ta imot ei kvar ny og merkeleg lære som kjem.

Livet vert så mykje lettare om vi ikkje har altfor stort fokus på mat og reglar. Eg trur våre forfedrar, alminnelege bønder og fiskarar osv. har gitt oss et sunt og ustressa bilde på mat som vi kan halde fast på, og så kan vi gjerne heller byte ut litt av snopen med frukt og bær, der er mange herlege freistingar som er sunt.

For det tredje så tenkjer eg at vi nordmenn skal vere stolte av vår matkultur og eiga tru så vi ikkje let muslimar påverke kva som skal bli selt av kjøt, eg vil berre seie skam på Hotel Norge som kutta alt svinekjøt på grunn av omsyn til Islam. Så lenge det er valfridom kan dei som ikkje vil ete svinekjøt velje anna kjøt å kose seg med. Men dei som ønskjer svinekjøt bør få kjøpe det.

Så til slutt folkens: La kjøtbøndene sleppe å bekymre seg for sin leveveg! Og la framtidas born få nyte pinnekjøt på julaftan, mors kjøtkaker osv., og la dei vite kor det kjem frå utan å skulle ha dårleg samvit av den grunn!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags