DEBATT: Soga om Sogn og Fjordane?

Av
DEL

Meiningar

Eg har nettopp gjort meg ferdig med «Soga om Sogn og Fjordane». Ikkje minst band fire av Hege Roll-Hansen las eg med stor interesse. Eg hadde deler av oppveksten min i Ytre Sogn og eg gjekk på gymnas på Firda. Sjølv om eg i vaksen alder aldri har budd i Sogn og Fjordane, så skjer der alltid noko med meg når eg kryssar grensa inn til fylket. Eg vert aldri ferdig med Sogn og Fjordane!

I etterkrigshistoria om dette annleisfylket er der likevel noko som manglar. Hege Roll-Hansen har rett og slett gløymt kyrkja! Eg har ikkje full oversikt over kvardag og fest i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn etter krigen, men eg er sikker på at kyrkja har spelt ein rolle. Heilt sikker! I Hege Roll-Hansen sin versjon er kyrkja fråverande.

Nei, ikkje heilt. Rett skal vere rett. Ho nemner, på ei linje, at «folket i Øvre Årdal trong kyrkje» etter krigen. Betelskipet får ni linjer, og bilde. Styraren på Fiskarfagskulen i Florø blir sitert på at sildeinnsiga før var «ledet av Guds hånd». Primus motor for straumforsyning til Solund var sokneprest Storeide (men at styreformannen i Firdakraft, Johnny Bakke, var prost, nådde ikkje opp). Folket på Aspevikstranda ville ikkje bli overførte til Lærdal på 60-talet fordi det var i Årdal kyrkja og kyrkjegarden deira var. Gaupne kyrkje er brukt som illustrasjon i namnestriden om nytt kommunenamn i Indre Sogn. Kristelege lag er godskrivne med ¼ linje i omtalen av kulturlivet i fylket før Lidvin Osland. Søndagsskulane fekk fylkeskulturprisen i 1984 og har fått 2/3 av ei linje. At skulehuset på Eitorn i Balestrand også vart nytta som bedehus får ¼ linje. Den kristelege føremålsparagrafen for kulturarbeidet i fylket får ei heil linje. Det var det eg fann, og eg las grundig!

Forresten, eg fann noko til: Det store unntaket er omtalen av Nordfjord ungdomsskule på Vereide. Denne «indremisjonsskulen» får over ei side med omtale og eit heilsides bilde!

Dette blir 3,17 sider av 260 sider. Det utgjer 12 promille av Soga og Sogn og Fjordane etter krigen! (Eg gjekk på reallina på Firda, og eg kan prosentrekning). Kyrkjer og bedehus, kristenliv og gudsliv, misjonsforeiningar og musikklag, kyrkjekor og ungdomskor med mykje meir: 12 promille?

Ja då, bedehuskulturen er ikkje det han var, kyrkjesøkjinga er i fritt fall, emissærane er døde og prestane er ikkje lenger embetsmenn som kan gjere som dei vil. Men på 50- og 60-talet blomstra den kristelege aktiviteten i annleisfylket. Det veit eg, for det opplevde eg! Hege Roll-Hansen opplevde det ikkje, men ho burde oppsøkt nokon som opplevde det. Dei er lette å finne.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags