Er det ei yrkesgruppe som jobbar til dei stupar med sitt yrke, så er det kunstnarar

KUNSTMUSEET: Her frå utstillinga Mønstring med arbeid frå medlemmer frå Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Norske kunsthåndverkere Vest-Norge (SF).

KUNSTMUSEET: Her frå utstillinga Mønstring med arbeid frå medlemmer frå Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Norske kunsthåndverkere Vest-Norge (SF). Foto:

Av
DEL

Meiningarhttp://www.bksf.no/fagpolitisk/ kan dei som er interesserte, lese artikkelen «Kunst og kunstnere som ressurs i Sogn og Fjordane». I sitt innlegg i FIRDA 24. januar viser Stig Eikaas delvis til denne. I min artikkel står det bl.a.: «De fleste profesjonelle billedkunstnere har eget enkeltpersonforetak. De får sine inntekter gjennom utstillingsvirksomhet, salg av egen kunst, oppdrag som kunst i offentlige rom, konsulentvirksomhet, undervisning og diverse andre jobber, som i helsevesenet, kassa på Rema, og mye annet.»

Eg nemner ingen stad at eg meiner staten skal finansiera livsopphaldet til alle dei som vel å arbeide med kunst. Men kanskje det hadde vore ein god idé med til eksempel nokre «distrikts-kunstnarar»?

Hjelpefond har eg heller ikkje omtala i artikkelen frå 9. mars. Eikaas sikter kanskje til det regionale produksjonsstipendet frå Bildende Kunstneres Hjelpefond som delast ut av Sogn og Fjordane Kunstmuseum kvart år? Han skriv i sitt innlegg: «Når hørte man om en hjelpepleier på et sykehjem søke om et stipend for å overleve?»

Aud Marit Skarrebo Holmen i Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane.

Aud Marit Skarrebo Holmen i Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane. Foto:

Samfunnet og politikarane meiner stillingane i helsevesenet er så viktige at løna til omsorgsarbeidarar, sjukepleiarar og legar i offentlege institusjonar skal subsidierast til siste krone. Bønder er i likskap med bildekunstnarar sjølvstendig næringsdrivande. Staten subsidierer dei delane av bøndenes verksemd samfunnet ser som viktig. Om ein ser den frie kunsten som eit viktig bidrag i samfunnet bør ordningar som frigjer tid og ressursar til framstilling av kunst også bli prioritert.

Kunstnarar søkjer stipend, for i periodar å kunne arbeide berre med kunstnarisk verksemd og produksjon. Det er mange fleire profesjonelle kunstnarar no enn for berre 20 år sidan. Stipend får ein på grunnlag av kvaliteten på tidlegare kunstnarisk arbeid og aktivitet, og særs gode kunstfagleg planar for perioden ein søkjer stipend for. Mange kvalifiserte søkjarar får avslag. At ein kunstnar viser glede på Facebook over å ha fått stipend, og får gratulasjonar frå kollegaer er kan hende ikkje så rart?

Nettsida til BKSF synast eg slett ikkje er så aller verst. (Eg har laga han på dugnad for BKSF.) Der kan ein finne oversikt over alle medlemar og over dei som har eigne nettsider. Fleire av våre medlem bur utanfor fylket i kortare eller lengre tid, slik kunstnarar òg har hatt for vane tidlegare. Alle BKSF sine medlemar er likeverdige. Ein kunstnar går ikkje ut på dato. Er det ei yrkesgruppe som jobbar til dei stupar med sitt yrke, så er det kunstnarar. Det er ikkje mange som sluttar ved vanleg pensjonsalder. Profesjonelle kunstnarar i alle aldrar er hjarteleg velkomne til å søkje om medlemskap i BKSF.

Kunstnartettheten i Sogn og Fjordane ligg ifølge Telemarksforskning 53 % under landsgjennomsnittet (Norsk Kulturindeks 2016). I det nye Vestland Fylke er det også viktig at kunstnarar med høg fagleg kompetanse og aktivitet busett seg og arbeider i vår del av fylket. Korleis kan vi gjere Sogn og Fjordane attraktivt for dei som arbeider med visuell kunst? Ei samanslåing av BKSF med Bildende Kunstneres Forening Hordaland (BKFH), slik Eikaas foreslår, ser eg ikkje for meg at er vegen å gå for å få fleire kunstnarar hit. Men det skal medlemane i BKSF, på demokratisk vis, få seie si meining om på årsmøtet i mars.

At bildekunst har eit viktig samfunnsoppdrag kan vi vere samde om. Mange kunstnarar lagar kunst som ikkje lett lar seg selje. Ikkje fordi kunsten har dårleg kvalitet, men fordi dei fleste som oppsøkjer kunst gjer det for å oppleve og reflektere rundt det dei ser, kanskje òg for å bli overraska eller provosert. Om berre marknadsøkonomien skulle styre i kunstfeltet ville ein miste mange interessante kunstnarskap og stemmer i samfunnet.

BKSF trur at kunsten kan gjere ein forskjell, bringe nye tankar og opplevingar, og vere ein endringsfaktor i samfunnet. Kunst kan skape nye blikk, òg i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har hatt ansvar for kunstsenterfunksjonane i Sogn og Fjordane sidan 2003. Det har ei stund ikkje vore så synleg. Men kunstnarane har stor tru på at den nye, oppdaterte, avtala som blei underteikna 12.12.18 med Musea i Sogn og Fjordane, om ivaretaking av desse funksjonane ved Kunstmuseet, skal endre på det. Ei av Kunstmuseet sine oppgåver er å syne fram dei profesjonelle bildekunstnarane og kunsthandverkarane i Sogn og Fjordane. Utstillinga MØNSTRING 2018 viste mange nye verk laga av kunstnarane i fylket.

Det er gledeleg at Sogn og Fjordane Kunstmuseum igjen er blitt ein stad der kommunar og private kan ta kontakt for å få profesjonell rettleiing i forhold til Kunst i offentlege rom (utsmykking).

Hanne Storm Ofteland har skrive utfyllande om innkjøp og innkjøpskomité ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i lesarinnlegg i FIRDA 31.01.19. BKSF stiller seg bak dette, og trur at Kunstmuseet også i framtida ønskjer å nytte fagkompetansen til profesjonelle kunstnarar ved innkjøp til museet.

BKSF er ikkje eit reklamebyrå eller ei marknadsføringsbedrift, men ein fagorganisasjon for profesjonelle bildekunstnarar i Sogn og Fjordane, ein av distriktsorganisasjonane under Norske Billedkunstnere (NBK).

Det er for tida tre kvinner i styret, som skal vareta medlemmane sine faglege, økonomiske, ideelle og sosiale interesser i Sogn og Fjordane, innanfor BKSF sine økonomiske rammer, og ein god del dugnad. Å vere styreleiar i BKSF er eit verv som gjer ei løn tilsvarande om lag 4 % stilling.

På nettet finn ein at det er menn med sterk hårvekst på magen som har mest navle-lo.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags