DEBATT: Ei heilskapstenking kan gi ny kommune eit «kulturløft»

Av
DEL

Lesarbrev

Ein overordna plan for utvikling av kulturaktivitetar vil bli ei viktig form for merkevarebygging for den nye kommunen Sunnfjord. Vi treng å utvikle kreativitet i eit samspel mellom skular, kultur og næringsliv. Dette er viktig for framtida, kulturelt og økonomisk og for å hindre fråflytting.

I Førde har kulturhuset ikkje rom for heile kulturspekteret. Tilboda i Førdehuset blir hovudsakleg kulturskule for barn og unge, bibliotek, profesjonelt teater og idrett.

Det er behov eit kreativt senter / eit større areal til kreativ aktivitet i Førde. Kulturaktivitetar er ein viktig trivselsfaktor for både barn, ungdom, vaksne og eldre – altså folk i alle aldrar. Kreativitet er og viktig i alle yrke. Vi treng stadar/rom der vi kan få kome inn og vere aktiv innan t.d. musikk, dans, kunst og handverk. Senteret bør innehalde rom for både amatørar og profesjonelle aktørar.

I tillegg til eit senter i Førde, treng vi større og mindre uformelle arenaer/rom rundt på andre stader i den nye kommunen – på stader der folk i alle aldrar kan treffast og vere kreative saman med andre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags