Kulturpolitikk og Førdehuset

ÅTVARAR: Fem aktørar vil bygge Nynorskens hus i Førde, der både mediebedrifter og Sogn og Fjordane teater kan halde hus. Her ei av skissene som er tenkt som ei utbygging av Fokusgården ved sida av Førde rådhus. Ivar Svensøy meiner konsekvensane av å flytte teateret ut av Førdehuset må drøftast.

ÅTVARAR: Fem aktørar vil bygge Nynorskens hus i Førde, der både mediebedrifter og Sogn og Fjordane teater kan halde hus. Her ei av skissene som er tenkt som ei utbygging av Fokusgården ved sida av Førde rådhus. Ivar Svensøy meiner konsekvensane av å flytte teateret ut av Førdehuset må drøftast. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Eg har framleis tru på visjonen om sameksistens mellom idrett og annan kultur, skriv Ivar Svensøy.

DEL

MeiningarÅ fremje nynorsk kultur og språk er over måte viktig! Både Førde kommune og den nye Sunnfjord kommune, regionen Vestlandet og staten har eit ansvar. For oss vestlendingar er det ein del av identiteten vår, det gjeld og for bergensarar. Både Bergen kommune og det nye fylket Vestland står opp for nynorsk språk! I Sogn og Fjordane er dette sjølvsagt, og eg hadde vona at det og gjeld staten!

På 70 -talet blei omgrepet «Det utvida kulturomgrepet» forma og utvikla. Både idrett og annan kultur som litteratur, film, teater og kunst høyrde saman i eit fellesskap til beste for folket, som kropp og sjel i kvart menneske. Desse tankane, denne visjonen, låg bak ei demokratisatsing og blei ein føresetnad for bygging av Førdehuset. Det må halde fram med å vere eit senter, eit Førde kulturcampus i fylket Vestland.

Frivillige organisasjonar, kulturrådet og kultureliten, fylkeskommunen og Førde kommune ved ordførar Reidar Tveit og rådmann Lars Askevold gjekk saman, og Førdehuset blei ein realitet, det første dømet på denne visjonen og som enno eksisterer og blir utvikla. På 90-talet blei idrettshallen tredobla, og vi fekk rom for teaterscene og verkstad, ein ekstra liten kinosal og kunstnarsenter. I 2. etasje hadde vi frå før eit kunstatelier og ei vevstove. Mellom etasjane kom ein hall med tribune og tilgjenge til kafeteria/kjøken.

I desse dagar kjem det tredje steget, ein ny kulturskule som skal fungere saman med institusjonane, også Førdefestivalen, og bli ein del av dette bygget i visjonen om «Det utvida kulturomgrepet». Her skal born og unge få sitt møte med og opplæring i litteratur, teater, visuell kunst, folkemusikk og klassisk, og der også talenta skal få utvikle seg under kyndig leiing i eit spanande og mangfaldig miljø.

Eg veit at dette er stort og kanskje strevsamt å realisere. Men Førdehuset har vore symbolet på denne tanken, visjonen, og eg ønskjer å arbeide for den. Og heile tida har dette vore politisk mål for både kommunepolitikarar og fylkespolitikarar, ja, også stortingspolitikarar. Førdefestivalen er eit godt døme på dette fellesskapet for idrett og annan kultur, der Førdehuset med fleire scener og rom og ein stor idrettshall til dei store arrangementa, har fungert svært godt. Vi ser og at teateret, biblioteket og filmsalane har kunna skape gode felles arrangement. At det og var i dette huset at NRK sitt første distriktskontor heldt til, er verdt å nemne. Denne institusjonen vart den første til å flytte ut, ikkje overraskande, for den trong eit eige bygg for å vekse. Den hadde vel mindre tilknyting til dei andre institusjonane!

Kvifor skriv eg om dette? Jo, eg har framleis tru på visjonen om sameksistens mellom idrett og annan kultur!

At den visuelle kunsten har flytt ut til Sogn og Fjordane kunstmuseum, svekka Førdehuset og samarbeidet om kunst og kulturformidling. Sjølvsagt var og er det avhengig av dei som leier institusjonane, men felles rom skaper fellesskap. Det ser vi mellom anna i næringslivet; døme på å byggje felles arena er høgskulebygga både i Sogndal (campus) og høgskulen på Vie. Det er det som er visjonen til den nye vidaregåande skulen på Øyrane; og det ligg bak ideane om Nynorskens hus. Eg har stor sans for at mediebedriftene Firda og NRK vil satse på felles kurs- og kultursenter, og Nynorskens hus lyder forlokkande! Det kan det komme mykje bra ut av med styrking av både media og nynorsk språk og kultur. Det er berre det at ideen om at teateret skal bli ein hovudleigetakar i dette mediesenteret, bryt med ideen bak Førdehuset.

For meg er det ein underleg tanke at flytte frå eit kulturfellesskap med aktive kulturarbeidarar og kunstnarar, til eit samvær med media skal vere så utviklande! Ja, eit nytt og fint bygg med gode arbeidstilhøve, er tiltrekkande og kan skape nye idear. Men nok ein gong blir fellesskapstanken til Førdehuset svekka, og det vil truleg gå ut over dei som er att.

Å bygge ut Kulturskulen skulle også styrke teaterkunsten og rekrutteringa til både dans, musikk, litteratur og teater. For Førde og for Sunnfjord kommune vil det bli krevjande å både gi tilskot til teateret og erstatte teateret som leigetakar. Kanskje det vil gå? Kanskje ikkje? Til no har alle i Førde støtta opp om Sogn og Fjordane teater, ingen politikarar har stilt spørsmål til budsjett og tilskot. Derimot har politikarane både i Førde og i fylkeskommunen slege ring om teateret og gjerne vore stolte over dei suksessane teateret har skapt. Det er denne støtta og kjensla av eigarskap som teateret må dyrke meir i denne litt usikre tida med regionreform.

Ja, Bergen er den store byen og Hordaland teater og Den nasjonale scene kan virke som eit trugsmål mot vesle Sogn og Fjordane teater. Men om økonomien og det kunstnariske er godt nok, og støtta frå folket i fjordfylket er stor, kan både teateret og andre kulturinstitusjonar greie seg, ja, gjerne utvikle seg og byggje på i det nye Vestland. Her vil samarbeid på tvers innan kust og kultur vere eit «must»! Med gode leiarar som deler ein felles visjon, er dette mogeleg! Og ingen vil kunne satse på å ha «sugerøyr inn i statskassa».

Nynorsk er truga av både engelsk og bokmål. Også endringar i talemål påverka av NRK, riksmedia og næringslivet sitt reklamespråk trugar nynorsk som skriftspråk. Når også politikarar regionalt og nasjonalt tek til orde for å svekke sidemålskrava, er det svært viktig å ta tak. Arbeidet med Nynorskens hus kan vere ein måte, men det er ikkje berre eit investeringsspørsmål eller ei sak for regulering og arkitektur. Det er eit viktig kulturspørsmål som må drøftast skikkeleg, ikkje minst av kommunen og fylkeskommunen. Konsekvensane er ikkje så tydelege.

Det er viktig å ta tak i desse utfordringane, ikkje minst før Førde og Sunnfjord som ønskjer å vere ein aktiv og pågåande aktør, senteret ein har seg tenkt mellom Bergen og Ålesund til beste for folketalsutviklinga, næringsutviklinga og kulturen i Sogn og Fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags