«Elendige Dalsfjorden spelemannslag»

Dalsfjorden spelemannslag

Dalsfjorden spelemannslag Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Desse forløysande ord er overskrift på Andreas Ramstad sitt lesarbrev 22.2. Diagnosen set han etter gjentekne sisteplassar på kappleikane, og må difor forståast som ein vedvarande tilstand. Då er gode råd dyre.

Dei meiner seg dømd «nord og ned». Før dei «dreg ein tone». Har domarane ein aversjon mot laget, eller er svaret så enkelt at dei andre er betre? Eg held på det siste. Som domar på mange kappleikar her i Telemark, er eg ikkje ukjend med at nokre har tungt for å ta kritikk, og legg skulda for «elendet» på oss. Ramstad syner til «gode blikk og nikk» frå «blide dansepar». Det opplever nok andre òg, utan at dei treng å få det i avisa.

Skildringa av kor godt dei eldre i laget vert varetekne, fortel meg at her har noko gått under radaren. To nære vener av meg som no er borte, røynde noko anna. På kvar sitt vis ytte dei mykje for laget sitt. Det hadde dei lite att for.

Men neste utskvising gjekk visst ikkje heilt bra. Han som vart vraka, rett før ein kappleik, fekk følge av yngre, dugande folk. Saman skipa dei eit nytt lag, som haustar rekruttar i same nedslagsfelt. «Ned med Dalsfjorden spelemannslag!» klagar Ramstad vidare mot domarane. Skulle dette tradisjonsrike og tidlegare så gilde laget gå ned, er det ein tragedie. Domarane er vel dei siste å laste.

Eit velmeint råd frå utsida: Start med å få dei utmelde inn att. Slepp nye til i leiinga. Lukkast dette, ligg alt til rette for ei rehabilitering. Men først skal begge laga på fylkeskappleik i Stryn. Røynde og flinke tilskiparar har sikkert fått på plass habile domarar. Og hugs, det er alltid botevon, jamvel for stabilt elendige.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags