DEBATT: Difor treng vi kulturfaga i skulen

DISTRIKT OG KULTUR: – Å bevare kulturfaga i distrikta er god distriktspolitikk, men fyrst og sist er det god kulturpolitikk, skriv Anders A. Fitje.

DISTRIKT OG KULTUR: – Å bevare kulturfaga i distrikta er god distriktspolitikk, men fyrst og sist er det god kulturpolitikk, skriv Anders A. Fitje. Foto:

Av
DEL

Kronikk 

Kvifor er kulturfaga i skulen viktige? Dei er viktige av fleire grunnar. Kultur sprer glede og ettertanke. Kultur kan vere terapi. Kultur skaper kreativitet. Kulturfaga er viktige for å lære andre fag. Men ikkje minst er kulturfaga viktig fordi dei tek vare på lokale kulturelle tradisjonar. Det er ingen andre som tek vare på vår kultur og våre tradisjonar enn vi sjølve og våre skular. Derfor er dette viktig å hugse på når vi atter skal bli Nordre Bergenhus Amt frå 2020.

Brått er det ikkje så lenge til. I 2017 og 2018 verka det så lenge til 2020, men no er det jo berre eit lite år til vi i vesle Sogn og Fjordane skal verte ein del av store Vestland. Når to skal flytte i hop er det ulike ting som kan gå tapt i flyttesjauen. Eg vil slå eit slag for at kulturfaga og kulturen i den lokale skulen ikkje vert blant desse.

Sogn og Fjordane har vore gode på kultur. Vi har ein blømande festivalkultur og ein mangfaldig kulturell skulesekk som har eit stort nedslagsfelt i skulen.

Vi har drivande gode kulturskular, ei sterk dugnadsand og ei heil vøle av kor og korps. Ikkje minst i Nordfjord har festivalar som Gloppen Musikkfest, Fjordblues, Norsk Countrytreff og Malakoff nytta lokale utøvarar. Vi har og lokalt forankra institusjonar som Opera Nordfjord, Nordfjord Folkemuseum og Firda vidaregåande skule. Korleis vert desse ivaretekne i den nye fylkeskommunen? Og kor sterkt står kulturfaga i nasjonen elles?

Sidan innføringa av Kunnskapsløftet er det rapportert om stadig fall i undervisninga i estetiske fag i norsk skule, frå 20 % i 1974, til godt og vel 12 % i dag. Det er og færre fagutdanna som underviser i desse faga. Nokre praktisk-estetiske fag er det vanskelegare å resultatmåle, og har i PISA- undersøkjinga sin tidsalder lidd under dette.

Enkelte næringslivsleiarar stiller framleis spørsmål ved nytten av dei estetiske faga i skulen, om Noreg har råd til denne typen fag. Dette er fattigslege spørsmål, og ein tankegong som røper lite kunnskap om kva kunst- og kulturfaga kan tilføre norsk kultur og næringsliv. Norsk entreprenørskap og næringsliv treng meir enn noko anna tilsette og leiarar som kan tenkje og arbeide kreativt. For å feilsitere ein gamal Jedimeister frå 1977: «Dette er ikkje tenkjemåtane de ser etter».

Så har då og land som gjer det bra i PISA-samanheng god røynsle med å gjere seg bruk av estetiske fag i skulen. Finsk skule har tradisjonelt gjort det godt her, men etter fall i slike målingar har dei innført meir estetisk metode i grunnskulen og i lærarutdanninga, integrert i faga. Er det slike fag vi ser på som hobbyfag i Noreg?

Kvifor er kulturfaga viktige? Ein grunn kan vere at dei er direkte matnyttige, som at elevar med bakgrunn frå drama- eller dansefaget har unike kvalitetar å tilby innan eit mangfaldig næringsliv. I konkurranse med regionar som Asia kan ikkje norsk næringsliv konkurrere på pris eller produktivitet, vi må finne våre eigne, kreative løysingar, tenkje nytt, utanfor boksen. Dei kreative faga kan lære oss korleis vi viskar ut rammene for boksen i det heile. Elevar kan bli betre i alle fag med metodar frå kulturfaga.

Så er sjølvsagt kulturfaga viktige i seg sjølv, fordi kulturen er viktig i seg sjølv. Vi treng unge som skal bli nye, sterke utøvarar innan song, musikk, dans eller teater. Og kulturopplevingar i skulen er noko alle elevar treng, dei er ein del av bygginga av det heile mennesket, av ålmendanninga som også er skulen sitt oppdrag, ikkje berre øving til nasjonale prøver.

Men den viktigaste grunnen til at vi treng ei vidare satsing på kultur og kulturfaga i denne vêrbitne, vindslipte kjempegrenda framleis kjend som Sogn og Fjordane, er at desse faga, meir enn noko anna, byggjer den lokale identiteten vår frå grunnen av.

Det er eit poeng i seg sjølv at det er nett HER utøvarane kjem frå, at dei unge får kulturelle impulsar frå heimemiljøet, samtidig som dei får møte historiske og internasjonale kulturuttrykk. At elevar kan få møte kultur på høgt nivå i sin nære skulekvardag, og at dei kan få utdanne seg innan kunstfaga i nærmiljøet sitt.

Dette er argument for at vi treng kulturfaga både i grunnutdanninga, i den vidare utdanninga og på høgskulenivå, som ligg lokalt plassert. Dette er og viktig for hovudmålet i regionen, for nynorsken og den stillinga den har for identiteten vår. Vi treng at elevane blir i regionen og lærer dette nett HER, ikkje ein annan stad. Slik vert kulturen vår herifrå.

Kultur kan vere sær, original, vrien å få tak på, men når du har blitt betre kjend med han, føler du deg rikare og klokare. Og har eg ikkje nettopp skildra den typiske vestlendingen og då?

Alle synest at kultur er viktig og rett – på papiret. Det er bra at vi i Sogn og Fjordane no får oppretta nye folkemusikkstillingar på fylkesnivå. Det vert og viktig å ta vare på den einaste skulen i vår region som har musikk, dans og drama som fylkesdekkande liner. Det er viktig å ha kulturarbeidarar av ulike slag buande og arbeidande i regionen, og det er viktig å ta vare på kompetente fagmiljø innan mange ulike kunstnarlege disiplinar.

Til og med embetsmannsverket vektlegg dei estetiske faga, til dømes i Stortingsmelding 28. Der slår Kunnskapsdepartementet fast at det «ønsker å bidra til å styrke de praktiske og estetiske fagene i skolen». I ny overordna del står det at «kreative og skapende evner bidrar til å berike samfunnet (…) og at «vår estetiske sans utvikles i møte med ulike kulturelle uttrykk, og de bidrar til å løfte fram nye perspektiver. (…) Kulturelle opplevelser har en egenverdi, og elevene skal få oppleve et variert spekter av kulturuttrykk gjennom sin tid i skolen».

Vi som bur her har eit ansvar for å sjå til at desse gode intensjonane vert følgde opp. Men det er og pengegjevande myndigheiter sitt ansvar. Vi treng lokalt forankra institusjonar, og lokalt forankra skular for å gje våre elevar den kulturelle sjølvkjensla dei treng for å bere med seg sin eigen identitet vidare. Desse må styrkast i den nye fylkeskommunen. Å bevare kulturfaga i distrikta er god distriktspolitikk, men fyrst og sist er det god kulturpolitikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags