DEBATT: God fredag for Sogn og Fjordane og Vestland fylke

FRÅ LANDSMØTET: – Kommande helg er det nominasjon for Vestland KrF. Viss stortingsgruppa vår klarer å forhandle på plass viktige sigrar for dei nye fylka, så blir det moro å ta det vidare i lokal politikk-utforming, skriv Trude Brosvik.  Her frå KrF sitt ekstraordinære landsmøte. F.h. Trude Brosvik, Beate Bondevik Lie, Sebastian Hjulstad, Raymond Edvart Myren.

FRÅ LANDSMØTET: – Kommande helg er det nominasjon for Vestland KrF. Viss stortingsgruppa vår klarer å forhandle på plass viktige sigrar for dei nye fylka, så blir det moro å ta det vidare i lokal politikk-utforming, skriv Trude Brosvik. Her frå KrF sitt ekstraordinære landsmøte. F.h. Trude Brosvik, Beate Bondevik Lie, Sebastian Hjulstad, Raymond Edvart Myren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Det snur fort i politikken. Der fredag for to veker sidan var skikkeleg nedtur for det KrF-samarbeidet eg hadde trua på, så var førre fredagen full av optimisme og god KrF-politikk. Alternativt statsbudsjett med klare prioriteringar av auka barnetrygd og familiepolitikk, minstepensjon, helse og omsorg, er balsam. Både på opprive engasjement og for trua på sakene vi har for å gje folk gode tenester. Budsjettframlegget har tydeleg retning for at KrF framleis skal ha distriktspolitikk høgt på agendaen!

I tillegg til dei største sakene, vil stortingsgruppa også prioritere viktige lokale og regionale satsingar. Dei vil m.a. reversere kutta til finansiering av ressurskrevjande brukarar, auke lærlingtilskotet så det svarar til ein skuleplass, gje fylka skjønsmiddel til mellom anna større dekking av flaumskadar, innlemme regionale utviklingsmidlar i fylkesramma og fullføre ordninga med tapskompensasjon for inntektssystemet. Alt dette vil hjelpe godt på økonomien til fylka som om eit år utgjer Vestland fylke, og gjere oss betre rusta til å gje gode tenester til innbyggarane og medverke til satsing på lønsame og framtidsretta arbeidsplassar og infrastruktur. Når det gjeld infrastruktur; det ligg også inne ein betydeleg auke på rassikring og til breidbandsutbygging.

Det viktige rekrutteringsarbeidet med fastlegar, som kommunar i begge fylka våre er med på; ALIS, vert vidareført og utvida med 40 mill. Og KrF vil styrkje Den Norske kyrkja med 70 mill. Regjeringa sitt framlegg til kyrkja var ein reell nedgang på over 50 mill., og ville gjort det endå vanskelegare å få til eit landsdekkande tilbod som også har ansvar for å gje trusopplæring til born og unge.

For Sogn og Fjordane er det i tillegg ein del små, men viktige satsingar, som 30 mill. til Stadt skipstunnel, 10 mill. til oppstart av Klimatilpassingssenteret i Sogndal, 5 mill. til oppstart på fengselet i Vik, og 0,5 mill. til formidling på Gulatinget.

Kommande helg er det nominasjon for Vestland KrF. Viss stortingsgruppa vår klarer å forhandle på plass viktige sigrar for dei nye fylka, så blir det moro å ta det vidare i lokal politikk-utforming. Eg gler meg til å vere med på det laget som skal sette gulfarge på Vestland fylke, og som veit at vi har gode allierte på Stortinget. Derfor heiar eg på budsjettforhandlingane og er tydeleg på at forventningane er store.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags