SFE og Sunnfjord Energi – sterkare saman!

SAMLA: – Stå samla! Det er vel ingen av oss som trur at dette er siste runde i strukturdebatten. Men eit fusjonert selskap vil stå sterkare i det som møter oss rundt neste sving, både nye strukturprosessar og investeringar. For å få dette til er vi heilt avhengige av å få eigarane med oss, skriv Per Atle Kjøllesdal og Arvid Andenæs.

SAMLA: – Stå samla! Det er vel ingen av oss som trur at dette er siste runde i strukturdebatten. Men eit fusjonert selskap vil stå sterkare i det som møter oss rundt neste sving, både nye strukturprosessar og investeringar. For å få dette til er vi heilt avhengige av å få eigarane med oss, skriv Per Atle Kjøllesdal og Arvid Andenæs. Foto:

Av
DEL

DebattI to år har vi jobba med å førebu ein fusjon mellom dei to selskapa. Mange tilsette har vore med og trua på at vi skal få det til er stor. Innsparingar på 30 til 50 millionar i året bør vere grunn god nok. Men mest av alt er det trua på at ein samla organisasjon har krafta til å utvikle seg i takt med tida og skape nye arbeidsplassar. Dette er kanskje vår siste sjanse til å skape eit større, sterkare og lokalt eigd energiselskap.


Sogn og Fjordane er det tredje største fylke i landet målt på vasskraftressursar. Til saman blir det produsert 15–16 milliardar kilowattimar. Berre 20 prosent av disse blir produsert av selskap med hovudkontor i fylke. Om vi reknar eigarskap blir talet om lag 12 prosent.

Bakgrunnen for dette er at dei store utbyggingane i indre Sogn er eigd og drifta av Statkraft (Høyanger, Luster, Vik), E-Co (Aurland og Lærdal) og Hydro (Tyin og Fortun). Størstedelen av dette er bygt for å etablere industriproduksjon i fylke, medan Aurland er bygt mest for å forsyne Oslo med straum. 

Ikkje noko gale i dette. Det har vore viktig for utviklinga vår, vertskommunane har fått billig konsesjonskraft og det er skapt mange arbeidsplassar i industrien. Det er også lagt igjen mykje verdiar både i utbygginga og den daglege drifta av disse store anlegga. Likevel fortel det meg at det no er viktig å sikre dei tolv prosentane vi har igjen gjennom kommunalt og fylkeskommunalt eigarskap i eit framtidig sterkt energikonsern.

Ikkje gjere noko er ikkje eit alternativ! Førre veke varsla Hafslund E-Co og Eidsiva Energi at dei ville innleie fusjonsforhandlingar. Om dei lykkast vil det bli eit selskap som produserer 16,4 milliardar kilowattimar og ha om lag ein million kundar. I denne bransjen vil dei store styre mykje av utviklinga på eksisterande område som kraftproduksjon og nettdrift. Med eit fusjonert SFE/SE vil vi produsere 2,7 milliardar kilowattimar og ha 40.000 kundar. Ein kan difor stille seg spørsmålet om vi likevel blir for små.

Men det dette fortel oss er at vi har dårleg tid og ikkje må la denne sjansen gå frå oss. Ein evig runddans der vi berre «jagar» kostnader vil over tid lamme ein organisasjon. Vi må over i ei fase der vi gjennom effektivisering skaper både økonomisk og organisatorisk handlingsrom for utvikling, nyskaping og vekst. Veksten i tal arbeidsplassar vil ligge i nye fagområde og nye teknologiske løysingar nær kunden. Krafta til å skape disse må ligge i eit effektivt og sterkt kunnskapsmiljø i dei eksisterande verksemdene.

Forretningsadresser: For ti år sidan stranda fusjonen på kampen om forretningsadressene. Det skal ikkje skje denne gongen, rett og slett fordi dei ikkje er så viktige lenger.

Vårt mål er at dei tilsette i svært liten grad skal endre oppmøteplass. Vi flytter arbeidsplassar i minst mogeleg grad. Dette fordi dei aller fleste er knytt til anlegg som uansett skal ha si drift og sitt vedlikehald. For administrative stillingar får vi god hjelp av ny teknologi som gjer fysisk plassering mykje mindre viktig.

Arvid Andenæs.

Arvid Andenæs. Foto:

Styreleiar Per A. Kjøllesdal.

Styreleiar Per A. Kjøllesdal. Foto:

Ein fusjon og eit nytt selskap krev likevel sine forretningsadresser for produksjonsverksemda, nettselskapet og morselskapet. Med tanke på at tre av fire arbeidsplassar i dag er knyta til Sandane, Førde og Flora så vil det vere naturleg og politisk «korrekt» å fordele forretningsadressene på disse tre stadane.

Stå samla! Det er vel ingen av oss som trur at dette er siste runde i strukturdebatten. Men eit fusjonert selskap vil stå sterkare i det som møter oss rundt neste sving, både nye strukturprosessar og investeringar. For å få dette til er vi heilt avhengige av å få eigarane med oss.

Det verste som kan skje no er at enkelte eigarkommunar på nytt tek opp spørsmålet om å selje sine aksjar. Tenk om vi for ein gong skuld kunne stå saman og tenkje at dette er viktig for heile «fylke». Ja, faktisk viktigare enn berre våre eigne eigarinteresser på kort sikt. For vi trur ikkje at denne sjansen kjem att om tre eller fem år. Då vil bransjen utvikle seg vidare medan vi står stille. 

Vi har sjølve sett kva kraft og kunnskap dei tilsette i dei to selskapa representerer. Vi er imponert! Difor fortener dei at vi lykkast med dette arbeidet og gir dei rom for utvikling og kraft til å skape eit endå sterkare energiselskap til glede for oss alle.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags