Lågare nettleige sikrar lokale arbeidsplassar

NETTLEIGE: – BKK har i dag ei av dei lågaste nettleigene i landet. Faktum er at nettkundane til Sunnfjord Energi vil spare om lag 75 millionar kroner årleg om nettselskapet slår seg saman med BKK, skriv Tonny Nundal i BKK.

NETTLEIGE: – BKK har i dag ei av dei lågaste nettleigene i landet. Faktum er at nettkundane til Sunnfjord Energi vil spare om lag 75 millionar kroner årleg om nettselskapet slår seg saman med BKK, skriv Tonny Nundal i BKK. Foto:

Av
DEL

MeiningarFredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi, presenterer mange gode tankar i sitt debattinnlegg om nettleige versus lokalt eigarskap.

Vi er heilt einige i at energibransjen må konsolidere framover og samle kompetanse og kapital i større einingar. Det handlar om synergiar og auka verdiskaping. Og ikkje minst lokale arbeidsplassar. Behrens ser behovet for først å samle seg til ei større eining i Sogn og Fjordane.

På den måten vil ein kunne utvikle og dyrke kompetansemiljø som vil vere robuste og store nok til å få viktige oppgåver og ansvar i ein større samanslutning på eit seinare tidspunkt om det skulle vere ønskjeleg. Vi ser på Sunnfjord Energi som både kompetente, robuste og store nok til å få viktige oppgåver og ansvar allereie no. Vi skjønar at ein må finna løysingar som er gode for begge partar når ein skal samarbeide. Difor er vi opptatt av at kompetansesenter for ulike fagområde blir delt mellom Bergen og Sunnfjord.

Sunnfjord Energi har i over 100 år vore ein viktig bidragsytar til utviklinga av lokalsamfunna i regionen. Behrens trekkjer fram fleire gode eksempel på dette. Oppbygging av ein moderne og god infrastruktur, god utnytting av naturressursane i området, og det å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som får ungdommen heim etter avslutta utdanning. Selskapet bidrar til skatteinntekter for vertskommunen og utbytte for eigarane, og er ei drivkraft for innovasjon og utvikling i nærmiljøet. Det anerkjenner også vi i BKK. Som den største eigaren i Sunnfjord Energi ser vi verkeleg verdien av det selskapet er og gjer for regionen. I eit samarbeid mellom Sunnfjord Energi og BKK er vår ambisjon ikkje berre å vidareføre dette arbeidet. Vi skal styrke det.

Behrens skriv at selskapet dei siste åra har halde att på utbytte til eigarane for å ha musklar til å investere for framtida, og at ein no ventar at investeringane skal kaste av seg. Det er særs positivt. Men kvifor ikkje tenkje endå større?

Kvifor ikkje samle kompetanse og kapital i ei endå større eining? BKK la nyleg fram eit fantastisk resultatet for 2018 på over 1,7 milliardar kroner. Dette kjem våre offentlege eigarar og heile befolkninga i regionen vår til gode. Resultatet vitnar også om at BKK er godt posisjonert for vidare vekst og utvikling. Vi satsar og investerer. Og vi ønskjer å satse og investere saman med Sunnfjord Energi.

Det vil bidra til endå sterkare kompetansemiljø og større finansielle musklar for begge selskapa. Det vil bidra til auka verdiskaping og fleire lokale arbeidsplassar. Saman vil vi stå sterkare når nye aktørar utfordrar dei tradisjonelle energiselskapa sine løysingar knytt til produksjon, transport og sal av fornybar energi. For det vil skje. Vi må møte denne utviklinga med tettare samarbeid. Vi må våge å tenkje stort. Berre slik kan Vestland fylke bli eit kraftsentrum i det grøne skiftet.

Regjeringa har sagt at dei vil greie ut korleis nettleiga kan utjamnast gjennom eit mest mogleg effektivt organisert straumnett. Vi kan forvente ein politikk som vil stimulera til å utnytte stordriftsfordelen ved større nettselskap. Større selskap er med andre ord vegen til lågare og likare nettleige. Ikkje storting og regjering.

Vi har sett utgreiingar og regjeringserklæringar i fleng dei siste 20 åra. Tiltak har blitt sett i verk. Men det har ikkje hjelpt nettkundane i Sogn og Fjordane. La oss heller hjelpe oss sjølve.

Behrens skriv at dersom BKK får det som vi vil, vil effekten på nettleiga vere at ein får lik nettleige over heile Vestlandet, men at den vil bli vesentleg høgare enn i dag. Han har rett i at det i eit stort selskap vert fleire kundar å dele utgiftene på. Men han utelét eit vesentleg poeng. Eit større selskap har stordriftsfordelar som gjer at nettleiga blir mykje lågare enn hjå mindre selskap.

BKK har i dag ei av dei lågaste nettleigene i landet. Faktum er at nettkundane til Sunnfjord Energi vil spare om lag 75 millionar kroner årleg om nettselskapet slår seg saman med BKK. For ein familie med normalt forbruk utgjer dette 4500 kroner kvart år, og for det lokale næringslivet, som kvar dag strevar for å halde kostnadane nede, har vi eksempel på verksemder i Sunnfjord som vil få redusert nettleigekostnadene med 30 prosent eller meir.

Det er sterke kjensler i sving når retninga til eit så tradisjonsrikt og viktig selskap som Sunnfjord Energi vert diskutert. Det vitnar om engasjement, og det er positivt. Selskapet betyr mykje for mange.

Vi er sikre på at både tilsette, innbyggjarar, næringsliv og eigarkommunar i Sunnfjord vil kome godt ut av ein fusjon mellom Sunnfjord Energi og BKK. På det komande styremøtet i Sunnfjord Energi vil BKK leggja fram forslag til korleis ein fusjon mellom BKK og Sunnfjord Energi kan gjennomførast. Der vil vi også presentere korleis ein fusjon kan medverke til ikkje berre å sikre arbeidsplassar i Sunnfjord Energi og ta vare på den gode kompetansen i selskapet, men også å utvikle nye arbeidsplassar i regionen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags