DEBATT: Organisering av kraftbransjen på Vestlandet for Framtida. Forvirring?

KRAFT PÅ VESTLANDET: – Vestland fylke er no ein realitet. Med vilje til innovasjon og evne til dynamikk i endringsprosessar, burde målet for kraftbransjen bli samle å seg i Vestland Kraft og Vestland Nett, skriv Ivar Sægrov. Bildet er ein illustrasjonb frå Kjøsnesfjorden.

KRAFT PÅ VESTLANDET: – Vestland fylke er no ein realitet. Med vilje til innovasjon og evne til dynamikk i endringsprosessar, burde målet for kraftbransjen bli samle å seg i Vestland Kraft og Vestland Nett, skriv Ivar Sægrov. Bildet er ein illustrasjonb frå Kjøsnesfjorden. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

BKK har lagt fram ein analyse som viser at nettkundane til Sunnfjord Energi kan spare 75 mill. kr årleg ved å gå saman med BKK. I 10 års perspektiv blir det 750 mill. kr.

Det er i analysen lagt inn som eksempel ein hushaldskunde med forbruk på 20.000 KWh i året som vil kunne spare 4.500 kr årleg. Dette gjeld ikkje berre hushaldskundar, men også næringsliv, offentleg verksemd og jordbruk. Samla for Sunnfjord Energi og SFE sitt dekningsområde kan det, grovt rekna, dreie seg om årleg meirutgifter for kundane på 150 -200 mill.

Både Energiministeren og NVE meiner at straumprisane kan bli lågare med å slå saman kraft-/nettselskap. Frå energimyndigheitene er ikkje dette noko nytt. Over lang tid (fleire tiår) er det gitt sterke oppmodingar til nettselskapa om (frivillig) å gjere strukturelle grep i form av samanslåingar og få til meir effektiv drift for å oppnå rimelegare nettleige.

Nettdrift er ein monopolaktivitet med passe streng kontroll frå myndigheitene. Utbygging og drift skal gjennom nettleige ha dekning for alle reelle kostnader, men utbytte til eigarane skal avgrensast. Dette er ulikt kraftproduksjon og omsetning der marknadstilhøve avgjer pris/inntekter. Høg kraftpris med høge avgifter rammar i noko grad den einskilde forbrukar sin privatøkonomi, men gir auka inntekter til stat og kommunar som eig produksjonsanlegg, og dermed får solide bidrag til offentleg disponering.

I Sogn og Fjordane ligg alminneleg forbruk av elkraft, alt forbruk utanom kraftkrevjande industri, på ca. 1.8 TWh (1.8 milliardar kWh). Kraftkrevjande industri i fylket har eit årleg forbruk på ca. 5 TWh.

I Sunnfjord Energi sitt område er forbruket ca. 400 GWh. I eit forenkla reknestykke, med grunnlag i BKK sin analyse, kan ein komme fram til at strukturelle val for nettselskapa, kvart år kostar straumkundane i fylket nærare 300 mill. kr ekstra.

BKK som har skaffa fram analysen er ein stor eigar i Sunnfjord Energi SFE og det kan vere forståeleg at ansvar som medeigar triggar fram initiativet. Det må likevel vere grunn til å etterlyse kvifor ikkje selskapa sjølv skaffar fram slike vurderingar og formidlar til eigarar og innbyggjarar som er kundar i selskapet? I denne samanheng blir det registrert at ordførarar i Sunnfjord uttaler seg til media med uvisse om kva dei skal meine om framtidig organisering av kraftselskap som kommunane dei representerer ansvarleg eigarskap til.

Det er registrert antydningar om uklare motiv frå BKK. BKK eig 37.5 % av aksjane i Sunnfjord Energi og 37 % i SFE. Gjennom sal av aksjar til BKK vart kommunar og fylket tilført midlar som har blitt nytta der det vart funne mest tenleg for kommunal utbygging og drift. At BKK, med sitt eigarskap, finn å gå tungt inn i det som skal bli framtidig selskapsstruktur for nett-/kraftselskap i Vestland fylke kan ikkje overraske.

Kraft-/energibransjen er i strukturell endring, og må tilpasse seg ei ny verd med digitalisering og andre tilpassande tiltak for effektiv ressursutnytting, men både myndigheiter og fleire av bransjen sine eigne meiner det går seint. Ein tungvektar i kraftbransjen, adm.dir. Tom Nysted i Agder Energi, har ved fleire høve gitt uttrykk for han har sitt virke der konservative krefter har solid forankring.

Historisk er det slik at vassdrags- og energilovgjevinga går attende til 1917 med dei mellombelse «panikklovene» frå 1906 for å hindre utanlandske interesser i å overta norske vassfall. På same tid (1917) starta revolusjonen i Russland som førte til at Sovjetunionen vart etablert. Med utvidinga etter 2. verdskrigen heldt unionen stand fram til 1991.

«Panikklovene» i Norge med, div. endringar undervegs, vart styrande for norsk vassdragsforvaltning og energipolitikk også fram til 1991, då olje- og energiminister Reiten fekk gjennomslag for ei ny energilov som opna for ei stor liberalisering av kraftsektoren. Den historiske parallellen er interessant, men skal ikkje utdjupast nærare her.

Vestland fylke er no ein realitet. Med vilje til innovasjon og evne til dynamikk i endringsprosessar, burde målet for kraftbransjen bli samle å seg i Vestland Kraft og Vestland Nett.

Strukturelle grep vil opplagt kunne gje synergieffekt både for nettområdet og for kraftproduksjon/omsetning. For nett er stort abonnementsgrunnlag viktig for å fordele kostnader. Kraftproduksjon skal gje størt mogeleg utbytte til eigarane og optimalisering innanfor gitte rammer bør vere strategiske mål.

Det må vere rimeleg å forvente at sentrale aktørar i bransjen posisjonerer seg strategisk for framtida, for å ta del i den verdiskaping som ligg i kraftproduksjon i det nye fylket. Gjennom driftsorganisering må kravet til basestasjonar, arbeidsplassar og kompetanse i ulike ledd og aktuelle nivå sjølvsagt sikrast. Det vil bli færre styreplassar og kanskje nokre færre direktørar, men kanskje meir rom for å sikre rett ferdigheiter og kapasitet der det trengst.

Vestland Kraft og Vestland Nett ville vere eit spennande prosjekt for å sikre forbrukarane lågare nettleige og optimal drift av ein solid portefølje med svært stor produksjon av fornybar grøn energi.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags