DEBATT: Kraftselskap i særklasse?

NORSK EIGARSKAP: – Hadde BKK, E-CO, Statkraft og andre store norske kraftselskap følgt same line som SFE eller Sunnfjord Energi, kunne langt fleire småkraftverk i dag ha vore i norsk eige, skriv Gunnar Yttri. Her frå linjebygging på Atløy med SFE.

NORSK EIGARSKAP: – Hadde BKK, E-CO, Statkraft og andre store norske kraftselskap følgt same line som SFE eller Sunnfjord Energi, kunne langt fleire småkraftverk i dag ha vore i norsk eige, skriv Gunnar Yttri. Her frå linjebygging på Atløy med SFE. Foto:

Av

– Dei største kraftselskapa i Noreg har selt eit stort tal norske småkraftverk til utanlandsk kapital. Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi har sytt for at norske grunneigarar sjølve eig og driv kraftverka, skriv Gunnar Yttri.

DEL

Kronikk

I artikkelen Lokal von, global ambisjon (Heimen 2/18) har eg teikna hovudlinene i utviklinga av småkraftverk i Noreg etter 2000. Artikkelen spring ut av eit større forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal (RELEASE/Noregs forskingsråd) om studerer korleis satsinga på fornybar energi spelar inn i lokalsamfunna.

Eitt av funna i artikkelen er at Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi peikar seg ut i ein nasjonal samanheng. Ein kan gjerne spørja om SFE og Sunnfjord Energi er kraftselskap i særklasse. Store kraftselskap som BKK, Statkraft og E-CO gjekk inn i småkraftfeltet med brask og bram. Dei teikna kontraktar med grunneigarar i grend og bygd, og bygde ut eit stort tal småkraftverk. Men i 2014 og 2015, etter nokre år med låge straumprisar, vart leigekontraktar og småkraftverk selde til utanlandske selskap. I skarp kontrast til dette har SFE og Sunnfjord Energi si line lagt grunnlag for at ei rekkje grunneigarar sjølve i dag eig og driv eigne småkraftverk.

Utbygginga av småkraftverk i Noreg har vore nesten eksplosiv etter år 2000. Fleire hundre småkraftverk er bygde og nye er i emning. Den nye energilova av 1990 gav opningar, men i fleire år var det omtrent berre grunneigarar med fallrettar som hadde interesse av småkraftverk. Først då statsminister Jens Stoltenberg i nyårstalen i 2001 annonserte at tida for dei store kraftutbyggingane var over, vende fleire store kraftselskap blikket mot nye lovande forretningsområde.

Tung ekspertise og mykje kapital vart sett inn i småkraft. Eit par døme er særleg slåande. Småkraft AS vart skipa i 2002 av den såkalla «Statkraftalliansen»: Statkraft, BKK, Skagerak Energi, Trondheim Energiverk og Agder Energi. Småkraft AS hadde i 2015 heile 45 kraftverk i drift og nær 100 under utvikling. Norsk Grønnkraft AS vart skipa i 2004 av Akershus Energi, EB Kraftproduksjon, E-CO Energi og Østfold Energi. I 2014 talde Norsk Grønnkraft AS opp 33 småkraftverk frå Lindesnes i sør til Hemnes i nord.

Båe selskapa hadde då i fleire år lukkast med å få til ein serie utbyggingsavtalar med grunneigarar. Grunneigarane vart lovde leigeinntekter. Kraftselskapa eigde kraftverket, tok den økonomiske risikoen og stod fram med sut for både grunneigarar og verdiskaping i distrikta.

I haust har avisa Nationen retta kritisk fokus på utanlandsk kapital si viktige rolle i norske småkraftverk. Finst det verkeleg ikkje norske investorar? Det er verdt å minna om at selskap som BKK, Statkraft og E-CO i fleire år var dei største investorane i småkraft. Men etter 2014 valde desse aktørane å selja småkraftverk til utlandet, med tilvising til sviktande kraftprisar og høgare utbyggingskostnader.

I 2014 fekk det tyske investeringsfondet Aquila Capital kjøpa aksjepostane i Norsk Grønnkraft AS. Året etter kunngjorde Statkraftalliansen sal av Småkraft AS til same kjøpar. Aquila slo snøgt dei to selskapa saman i det nye Småkraft AS. Med eitt var Aquila Capital den største operatøren av norske småkraftverk. Statkraft, BKK, E-CO og fleire noterte seg samstundes for fine sals-gevinstar.

Handlemåten hadde eit visst spekulasjonspreg, rett nok i ordna former. I Nord-Noreg fanst regionale, smertefulle variantar av same praksis. Troms Kraft og Nordkraft heldt på å gå over ende etter å ha satsa stort og kjøpt småkraftrettar til overpris. Båe selskap gjekk på formidable tap og måtte selja i tidsrommet 2012 til 2015. Utanlandsk kapital sto klar.

Alle regjeringar frå 2001 og fram til og med Erna Solberg si regjering i 2018 har fremja utbygging av småkraftverk. Konsesjonsvilkår, grøne sertifikat og skatteordningar har vorte tilpassa for at småkraft-utbygginga kunne realisera to gylne mål: verdiskaping i distrikta og auke i produksjonen av fornyeleg energi.

Småkraft-eigarane har i interesseorganisasjonen Småkraftforeininga hatt ein effektiv politisk lobby. I arbeidet for betra økonomiske rammevilkår har det stadig vorte fokusert kor kritisk viktig det har vore for næringsutviklinga i distrikta. Grunneigarar som har kome i økonomisk uføre har vorte nytta som døme på vanskelege rammevilkår. Men dei betra vilkåra har også gagna utanlandske aktørar som vil investera i småkraftverk i Noreg. Til all lukke tyder mykje på at den utanlandske kapitalen som dreg nytte av desse vilkåra, både er seriøs og langsiktig.

Mange småkraftverk i Noreg er framleis eigde og drivne av grunneigarane sjølve. Fleire døme finn me i Sogn og Fjordane, fylket som har bygt ut flest småkraftverk. Sunnfjord Energi og SFE har bidrege kvar på sin måte. Selskapa har det felles at dei ikkje gjekk inn i småkraftfeltet for å gjera gunstige avtalar med fallrettshavarar. I staden for hastige kjøp og sal av leigeavtalar og småkraftverk, har desse selskapa bidrege til grunnleggjande rådgjevingstenester som har hjelpt grunneigarane til å byggja sjølvstendige småkraftverk.

Sunnfjord Energi har bygt opp eit spesialisert kompetansemiljø som yter teknisk, juridisk og finansiell rådgjeving til fallrettshavarar. I SFE fekk ingeniøren Hermod Seim tidleg på 2000-talet arbeidet med å rettleia grunneigarar med fallrettar. Arbeidet vart so omfattande at Seim etter kvart gjekk ut av SFE og starta eiga verksemd med base på øya Kinn. Seim har hatt ei kunnig hand med i laget på over 50 småkraftverk i Noreg. Fleire av desse ligg i Sogn og Fjordane.

Hadde BKK, E-CO, Statkraft og andre store norske kraftselskap følgt same line som SFE eller Sunnfjord Energi, kunne langt fleire småkraftverk i dag ha vore i norsk eige. Det er ei linje som har sikra langsiktig lokal verdiskaping og eigarskap, men kanskje ikkje store økonomiske gevinstar her og no.


Gunnar Yttri.

Gunnar Yttri. Foto:



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags