Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I den nyleg avslutta Regionreforma vart fylket vårt slege saman med Hordaland, og namnet VESTLAND er åt å festne seg.
Eg ser denne samanslåinga som eit arbeidsuhell. Våre fylkespolitikarar vart «sporv i tranedansen», og etter kvart vil vel dei breie smila til vår forhandlingsleiar stivne.
For det er denne såkalla kjøttvekta då, pluss venstremannen Sponheim.
Dess lenger nord ein kjem i fylket, dess mindre nytte vil vi ha av samanslåinga – trass i den store medgifta som følgde oss inn i storfylket.
Eg har meint frå dag ein at det er møringane som er våre naturlege samarbeidspartnarar.
Ikkje berre er møringane rivande flinke til å finne praktiske og gode løysingar når det gjeld fjordkryssing og samferdsle generelt, men dei får til det meste av det dei prøver på, også i politikken. Og med Kvivsvegen og eit godt sjukehustilbod i Volda, vender stadig fleire nordfjordingar kursen nordover.
Tunnelen gjennom Stadt, skaper ein ny situasjon for folk på kysten. Hurtigbåt til Ålesund vil redusere trafikken Måløy-Bergen, og dessutan vil båtreisa bli kortare og meir komfortabel. Og Ålesund sjukehus på Åse kan konkurrere med dei beste i landet på mange område.
Eg får halde «kjærleikssorga» mi for meg sjølv, men konstaterer at nok ein gong vart vi husmenn i det politiske spelet.