«Ja takk, begge deler» funkar ikkje på Jølster no

NY GANGVEG: – «Ja takk, begge deler» funkar ikkje på Jølster no, skriv Paula Kathrine Lesto. Her frå ny gangveg mellom Vassenden skule og MoJo.

NY GANGVEG: – «Ja takk, begge deler» funkar ikkje på Jølster no, skriv Paula Kathrine Lesto. Her frå ny gangveg mellom Vassenden skule og MoJo. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Dagens fine spasertur enda med hjartebank og frustrasjon, ikkje på grunn av at vi gjekk så fort, men vi gjekk den nye gangvegen mellom Mojo og Vassenden skule for første gong. Då fekk vi nok ei påminning om denne forbaska hallsaka på Jølster!

Gangvegen er kjempeflott tillaga med asfalt og gatelys. Ungdomsskuledelen (som ikkje lenger er ungdomsskule då den er flytta til Mojo) vert heldigvis renovert med blant anna splitter nytt skulekjøkken. Kvifor kunne ikkje fleirbrukshallen bli bygd her, når desse to etasjane først måtte renoverast? Jo, fordi ein måtte verne om jordbruksarealet, men no er det ein brei veg med asfalt og gatelys over heile bøen til Mojo. Skjønn det den som vil! Her hadde det vore plass til hall utan at veldig mykje av jordbruksarealet hadde gått med.

Vidare på nedsida av skulen; her har eg heile tida støtta forslaget om å bygge fleirbrukshall. Rive gymsalen og fløya og nytte arealet der; hall, nye klasserom, større lokale til SFO, musikk- og naturfagrom. 1.–10. skule på ein og same skule, men no må vi heller leve i spenning om det vert hall i det heile teke.

Håpar våre folkevalde brukar fornuft og ikkje går for fotballhall på Skei i denne omgang. Vi kan ikkje kutte i hytt og pine fordi vi MÅ ha to hallar. Om økonomiplanen ikkje vert godkjent sit vi igjen med null og niks. Vil vi verkeleg risikere å ikkje få hall i det heile teke? Vi er nærare enn nokon gong der jølstringane kan få seg ein flott hall på Vassenden.

«Ja takk, begge deler» funkar ikkje på Jølster no.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags