Dette var ei gladsak, men som dessverre har fått liv i bygdedyret

NEGATIV DEBATT: – Det har vel nesten gått sport i at media lager ei kritisk vinkling om usemja i Jølster. I slike saker vil det vel alltid vere mange meiningar, men det er leit når allmenta heng seg på dei negative debattane, skrive Laila Tefre Dvergsdal.

NEGATIV DEBATT: – Det har vel nesten gått sport i at media lager ei kritisk vinkling om usemja i Jølster. I slike saker vil det vel alltid vere mange meiningar, men det er leit når allmenta heng seg på dei negative debattane, skrive Laila Tefre Dvergsdal. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Til frukostkaffien i helga las eg ein hyggjeleg artikkel i Firda om ei lita bygd i Sunnfjord som legg ned mykje dugnadstimar og står samla for å skape eit godt busamfunn. Vi som har valt å busetje oss i distriktet veit at vi er avhengig av mykje frivilligheit for å skape eit levande samfunn.

I Jølster har det siste tida storma rundt diskusjonar om to idrettshallar, noko som har skapt enormt engasjement hos mange. Fleire kastar seg inn i harde diskusjonar på sosiale medium og krasse innlegg i Firda og likes som avslører kven som er for og imot, der dei fleste diskusjonar handlar om at ein ikkje ser behovet for fotballhall på Skei.

Jølster idrettslag starta i 2016 forprosjektet om to hallar i Jølster, noko som var meint som eit prosjekt som skulle samle bygda og idretten, samt gode møteplassar som bidrar til mykje aktivitet også sett i eit folkehelseperspektiv.

Desse ville og vere eit bidrag til at Jølstringane fortset å halde på sin identitet. Etter god rådgjeving frå fylkeskommunen undersøkte vi kva mogelegheiter vi hadde etter styringsdokumenta som kommunedelplan og regional plan. Allereie etter fyrste planleggingsmøte fekk vi gode signal om at prosjektet var gjennomførbart.

Dette møtet bestod av Jølster idrettslag, leiar i Jølster fotball, rådmann og ordførar i Jølster kommune. Vidare hadde vi med oss styreleiar i Sogn og Fjordane idrettskrets, rådgjevar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og to representantar frå Norges fotballforbund. Leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets var invitert, og kunne ikkje delta, men ønskte oss den gong likevel lykke til med arbeidet. Vi var her eit godt team som var med å leggje grunnlaget for vidare arbeid om fleirbrukshall på Vassenden og fotballhall på Skei.

Etter einstemming fleirtal på Jølster IL sitt årsmøte, og eit fleirstemmig vedtak i Jølster kommunestyre i 2017, med sjølvaste Atle Hamar i ryggen som stemte for vedtaket, var vi alle optimistar. Så var det opp til kommunen og politikarane i Jølster gjere den utfordrande jobben med å finne plass til hallane i økonomiplanen for 2019–2022.

Dette prosjektet var i utgangspunktet ei gladsak som vil gjere idretten og bygda Jølster meir attraktiv. Men som dessverre i staden har fått liv i bygdedyret. Etter fem år som leiar i Jølster idrettslag har eg min siste periode og ser fram til å gje stafettpinnen vidare. Nettopp fordi arbeidet eg og mange frivillige har lagt ned dessverre har skapt mange negative debattar og netthets både til oss frivillige og politikarar.

Dette er etter mitt syn mykje media å takke, der det eine innlegget avløyser det andre om protestar og kritisk vinkla artiklar om hallane i Jølster, og fleire kastar seg inn i diskusjonen med lesarinnlegg og Facebook-innlegg utan å eigentleg å ha innsikt i prosjektet. Det har vel nesten gått sport i at media lager ei kritisk vinkling om usemja i Jølster.

I slike saker vil det vel alltid vere mange meiningar, men det er leit når allmenta heng seg på dei negative debattane. Det er vel likevel opptil våre folkevalde å avgjere vegen vidare. Og rett sitert frå ein klok førdepolitikar er faktisk jølstringane kloke folk, og då får vi andre stole på at dei tek kloke avgjersler.

Sogn og Fjordane og Jølster treng vekst og tilflytting. Frivilligheita er engasjerte for å skape gode bumiljø, nærsamfunn og ikkje minst idrettsaktivitetar. Derfor meiner eg vi er for små samfunn til å handtere slik negativ journalistikkpolitikk som no har utarta seg i Jølster. Dette er med å øydelegge både det frivillige arbeidet og dugnadsånda. Bygdene våre treng hyggjelege artiklar i media for å bli meir attraktive og skape utvikling og nytilflytting.

Om jølstringane prioriterer å byggje hallar er vel dette eit bidrag til å utvikle eit meir attraktivt Jølster. La politikarane gjere jobben sin og ikkje la ikkje negative debattar øydeleggje det gode engasjement og den kraftige dugnadsånda som vi har i Jølster.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags