Svar til Magne Skrede om Firda si dekning av folkemøtet på Skei

HALLDEBATTEN: Magne Skrede har reagert på Firda si omtale av folkemøtet 9. september om fotballhallen på Skei, der ein av hovudbodskapane var at Førde bør stille 2,2 millionar kroner til hallen, slik at den kan få interkommunal status og meir tippemidlar. Fotballhallen på Skei er planlagd bygd over kunstgrasbana – i venstre kant av illustrasjonsbiletet bak ordførar Oddmund Klakegg.

HALLDEBATTEN: Magne Skrede har reagert på Firda si omtale av folkemøtet 9. september om fotballhallen på Skei, der ein av hovudbodskapane var at Førde bør stille 2,2 millionar kroner til hallen, slik at den kan få interkommunal status og meir tippemidlar. Fotballhallen på Skei er planlagd bygd over kunstgrasbana – i venstre kant av illustrasjonsbiletet bak ordførar Oddmund Klakegg. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– At Skrede no skriv at utsegna hans ikkje var noko trugsmål, «men nemnt som ein realitet», endrar ikkje bodskapen, skriv Marie Havnen.

DEL

MeiningarMagne Skrede har reagert på Firda si omtale av folkemøtet 9. september om fotballhallen på Skei, der ein av hovudbodskapane var at Førde bør stille 2,2 millionar kroner til hallen, slik at den kan få interkommunal status og meir tippemidlar. Under møtet sa Skrede at han håpar Førde no spyttar i desse par millionane og viser storsinn – før han la til: «Går dei imot, vil det ikkje bli gløymt så tidleg på Jølster».

Skrede avviser at utsegna var meint som eit trugsmål, og i eit lesarinnlegg kallar han framstillinga til Firda heilt urimeleg. Men ei slik utsegn kan berre oppfattast på éin måte: Som eit varsel til Førde om at eit nei kjem til å få konsekvensar i samlivet i den nye kommunen, og at desse konsekvensane vil bli negative.

At Skrede no skriv at utsegna hans ikkje var noko trugsmål, «men nemnt som ein realitet», endrar ikkje bodskapen om at eit nei frå Førde vil bli hugsa, og at det neppe handlar om å hugse med glede. Same kva Skrede i ettertid kallar utsegna si, blir orda hans hengande i lufta som eit diffust varsel om vanskelegare samarbeidsklima dersom Førde ikkje gjer som Jølster vil. Slik vil det bli oppfatta, og det er mottakarens oppfatning som er det viktige, for det er der bodskapen får effekt.

Journalisten i Firda løfta fram realinnhaldet i det Skrede sa, og hovudbodskapen frå møtet. Seinare følgde han opp med å intervjue ordførarane i dei tre andre samanslåingskommunane. Slikt er ikkje å ha ein eigen agenda. Det er vanleg journalistisk arbeidsmetode, og det er skilnaden mellom å vere mikrofonstativ og å vere journalist.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags