Gå til sidens hovedinnhold

Prestar og matprisar

Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi ser at framgang og nedgang vekslar. Ei av gledene ved å studere historie er å sjå etter kva verknader endringar får i ulike deler av samfunnet, skriv Asbjørn Geithus.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Å forstå historie er å sjå på samanhengar. Det er mykje å velje mellom. Ein innfallsvinkel er å studere ulike økonomiske grunnlag. Utviklingar svingar; positive og negative periodar kan veksle, til dels dramatisk.

Den anglikanske kyrkja

På slutten av 1500-talet kasta den engelske staten ut den katolske kyrkja og tok over pavekyrkja sine store eigedomar. Staten sytte for at den nye engelske kyrkja, den anglikanske, fekk store jordeigedomar som gav solide inntekter. Bøndene som dyrka den kyrkjeeigde jorda, betalte jordleige til prestane, som levde svært godt. Og dei var mange.

I ei folketeljing frå 1851 finn vi 17621 anglikanske prestegjeld. Å få ei stilling i kyrkja var ein vanleg karriereveg for unge medlemer av adel og anna overklasse. Kravet for prestestilling var romsleg; ei eller anna form for universitetsutdanning, men ein måtte ikkje ha studert teologi. Mange prestar hadde studert klassiske språk og litteratur, og ymse anna. Pliktene var beskjedne. Ein kunne kjøpe seg ei preikesamling og halde ei gudsteneste av og til. Gravferder og andre seremoniar gav presten inntekter. Prestestanden var altså velutdanna og velståande menneske med massevis av tid til overs. Dei kunne velje å leve roleg, men ganske mange hadde vitskapelege interesser. Charles Darwin kom frå ein intellektuell familie, med legar, vitskapsfolk og prestar. Unge Charles var ikkje særleg interessert i skulepensum. Familien var litt bekymra for framtida til ein som styrde med makkar, planter, flaggermyser og ymse anna levande. Dei plasserte han på teologistudium og tenkte at dei med sine gode forbindelsar skulle få han plassert som prest i ein landsby; der kunne han leve godt med sine sære interesser. Heldigvis gjorde Charles sine eigne val, reiste på ei fleirårig forskarferd i fjerne farvatn og forandra for alltid måten vi forstår verda på med evolusjonslæra.

England leiande i modernisering

I England hadde mykje jord vore driven som smålappar. Men så fann godseigarane at dei kunne tene meir ved å drive bort småbøndene og drive jorda i store einingar. I tida 1750 – 1830 vart 25 millionar mål inngjerda. Småbøndene måtte søkje til byane. England var leiande i utviklinga av den moderne verda. I 1851 var der ei verdsutstilling i Hyde Park i London, der den største bygningen i verda vart reist, med stål og glas som byggjemateriale, Crystal Palace. 100 000 nyutvikla gjenstandar var utstilte. Verda var i stor framgang.

Gullalderen for kyrkjas menn kvilte på solide inntekter frå jordleige frå prestegardane, som igjen kvilte på høge prisar til bøndene som betalte jordleiga. Og på høge prisar for dei som kjøpte maten. Mange av dei beste hjernane i England hadde solide og sikre inntekter i prestegjelda sine. Og mange av dei dreiv med vitskapeleg arbeid dei var interesserte i, frå å skrive grammatikk og ordbok for islandsk, kartleggje dinosaurfunn og studere på kva funna kunne fortelje til studiar av plantevekst og jordforedling. Men så kom store endringar.

Nye mateksporterande område

New York var i 1800 ein middels by med 10.000 innbyggjarar. Fjellkjeda Appalachene utgjorde ein barriere mellom byen og prærien. Men New York fekk frå 1818 til 1825 bygt Erie-kanalen. Kanalen opna ein ny frakteveg mellom New York og dei store sjøane og dermed prærien. New York hadde 10 prosent av eksporten frå USA i 1800, 60 prosent i 1850. Innbyggjartalet auka frå 10.000 til 500.000. Fillebyen vart den nye økonomiske hovudstaden i USA og viktig i verdsøkonomien. Frå Buffalo ved Lake Erie til New York gjekk frakta for eitt tonn mjøl frå 120 til 6 dollar, og fraktetida frå tre til ei veke. Etter at borgarkrigen i USA var slutt i 1865 opna USA dei store slettene i Midtvesten for masseinnvandring. Stakkars indianarar! Slåmaskiner og skurtreskarar vart utvikla. Prærien var knusande overlegen i konkurransen på verdsmarknaden. Metodar for å bevare mat så den kunne fraktast langt vart utvikla. Og transportsystem vart bygde. Jernbaner opna prærien for mateksport.

Sjokktid for engelsk landbruk

Kveite frå Kansas vart langt billegare enn kveite produsert i England. USA vart kornkammeret i verda. Billeg storfekjøt kom frå Argentina. Lammekjøt frå New Zealand. 1870-talet var ei sjokktid for landbruket i England. Været gjorde sitt. Sju av dei ti åra hadde elendige avlingar. Bøndene og jordeigarane kunne ikkje kompensere med auka prisar pga konkurranse frå utlandet. Prisane stupte til det halve mellom 1875 og 1900. 100.000 bruk vart nedlagde i England. Kveiteproduksjonen i England minka med 40 prosent. Jordleiga vart ikkje betalt. Frammøtet i kyrkjene på landsbygda vart meir og meir spinkelt. Det var ikkje lenger økonomisk romsleg å vere prest og skulle aldri meir verte det.

USA vert kornkammer og økonomien voks

I tida 1872 – 1902 sjudobla USA kveiteproduksjonen og forsynte aukande område i verda. USA bygde ut sin eigen infrastruktur i voldsomt tempo. Mange vart rike. Og dei ville syne att som rike. Europa hadde vakse gjennom fleire hundre år, og verka til store kunstnarar var samla av rike europearar. No gjekk det dårleg med mange av dei store jordeigarane i England. Nye arveskattar pressa dei til å selje sine samlingar av Rembrandt, Vincent van Gogh og andre toppnamn. Og rike amerikanarar kom og tømde slott og herregardar for mange slags kunstverk. Heile slott vart selde, frakta til USA og sette opp att. Ein heil del engelske adelsfamiliar med skrantande økonomi berga seg gjennom ekteskap med steinrike amerikanarar.

Oppsummering

Vi ser at framgang og nedgang vekslar. Ei av gledene ved å studere historie er å sjå etter kva verknader endringar får i ulike deler av samfunnet. Prestane i England hadde sin gullalder då dei ikkje var særleg interesserte i teologi. Gode inntekter gjorde at mange av dei kunne bruke tida si til å utvikle kunnskap og vitskap på mange felt. Dei var moderne menneske.

Når det økonomiske grunnlaget for ei samfunnsgruppe minskar, skrumpar både inntekt og makt for gruppa. Dette galdt også engelske prestar. Kjøpekrafta i ei presteløn vart meir enn halvert frå 1850 til 1900. I 1851 var der 17621 anglikanske prestegjeld. I 1900 finn vi 13 000 prestegardar. No er der 900. Prestar skal vere ekspertar på korleis menneska skal forholde seg til verda, og til endringar i verda. Eg veit ikkje om dei fekk soknebarna sine til å forstå samanhengen mellom kanal- og jernbanebygging, bygging av skurtreskarar og den store nedgangen for jordbruket i England.

Og slutten på den økonomiske gullalderen for prestar. Men prestar kan alltid falle tilbake på grunnleggjande forståingar, som gjeld uansett: Som at; Gud er Gud om alle land lå øde!

Kommentarer til denne saken