Verdens autismedag 2. april

Av
DEL

Lesarbrev2.april vert verdens autismedag markert fleire stader både i Noreg og andre land. Autismeforeningen i Norge (AiN) ynskjer også å sette fokus på autisme og dei utfordingane ein autismediagnose gjev.

Autsmespekterforstyrrelse (ASF) er ein nevrobiologisk utviklingsforstyrrelse som påverkar nervesystemet sin utvikling og fører til ein annleis fungering i nokre av hjernens mange kognitive funksjonar. Personar med ASF har vanskar med sosial kommunikasjon, og sosial interaksjon og syner begrensa, repetitive atferdsmønster, interesser og aktivitetar. Symptoma er tilstades i tidleg barndom, men vil kanskje ikkje fullt ut vise seg før krav til sosial kompetanse overskrider barnet sin kapasitet. Symptoma skal i følgje American Psychiatric Association samla sett svekke og begrense dagleg fungering.

ASF er ein samansett utviklingforstyrrelse, som førekjem i forskjellige grader og former. Vanskane vil ofte kome til uttrykk tidleg i barnets utvikling og vil påverke banets funksjon i ulike settingar. Sjølv om personar med ASF delar nokre grunnleggande kjernevanskar, vil det vere store variasjonar med omsyn til personlegdom, motorikk, språk-, evne- og aktivitetsnivå, samt sensorisk fungering. Nokon kan ha alvorleg utviklingshemming og svært lite språk. Nokon vil framstå som passive medan andre er svært aktive. Nokon kan vere motorisk klossete medan andre har god motorikk.

Hos dei med eit evnenivå på normalområdet, vil vanskar med å forstå andre menneske og delta i gjensidig sosialt samspel vere dei mest framtredande trekka. Alle desse faktorane i kombinasjon med barnets personlgedom vil påverke symptombildet. Kor alvorleg symptoma er og kor mykje det påverkar funksjonsevna vil også kunne variere sterkt frå person til person alt etter livsfaser og omgjevnader.

Autismeforeningen i Norge har fylkeslag over heile landet og vi driv likepersonsarbeid for å gi råd og rettleiing om autisme. Vi held også kurs for pårørande og fagpersonar innan skule, helse og ppt. Vi har også aktivitetar tilpassa barn og ungdom med autisme.

Meir informasjon om oss vil de finne på Autismeforeningen i Norge sine heimesider. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags