DEBATT: Politikarane frontar ikkje Byrkjelo

TAPER: – Eg vil påstå at siste tre åra har Byrkjelo vore budsjett-taparen i Gloppen kommune, skriv Vidar Sandal (Sp).

TAPER: – Eg vil påstå at siste tre åra har Byrkjelo vore budsjett-taparen i Gloppen kommune, skriv Vidar Sandal (Sp). Foto:

Av
DEL

Meiningar

Gloppen kommunestyre prioriterer kvart år bruk av kring 403 millionar kroner gjennom årsbudsjett fordelt til drift i heile kommunen vår.

Annakvart år vert det vedteke ein økonomiplan som seier noko om prioriteringar og fordeling av dei ulike satsingsområde ut over i bygdene i Gloppen kommune dei nærmaste åra. Vi som lokalpolitikarar skal fordele investeringane noko lunde rettmessig etter tal på innbyggarar og behov.

Vi er valde for å bidra til å utvikle dei ulike bygdene på noko lunde like vilkår.

Breimsbygda og gjerne særskilt Byrkjelo-området vil eg påstå har vore gløymt og nedprioritert i kampen om løyvingar på investeringsbudsjettet siste tre åra. Fleire vil nok skubbe framfor seg argumentet om at arealplanen for den nye E39-traseen må no bli bestemt før ein kan gjere vedtak anten det gjeld mangelen på næringsareal eller behovet for bustadtomter.

For to år sidan var nok prosessen for tidleg. No er vi nøydde å starte løyvingane om vi skal vere i same utviklingsplan som Statens vegvesen. Det er ikkje ledig næringsareal i Breimsbygda og det er berre seks ledige bustadtomter i Byrkjelo sentrum. Nokre av desse er smale og ukurante.

Tilflytting og nye arbeidsplassar er dei viktigaste satsingsområda for å sikre folketalsauke og skattekroner når vi skal drifte Gloppen inn i framtida. Vi kan ikkje møte framtida med mangel på byggeklare bustadtomter.

Gloppen sine politikarar har eit ansvar for å legge til rette for utvikling også utan om kommunesenteret. Hyen er endeleg komen i posisjon for å få tildelt eit nytt skulebygg og investeringsbudsjettet. Kommunesenteret er prioritert samt bidraget frå private aktørar er på eit bra nivå.

Vi skal sjølvsagt hugse på at investeringar innanfor kommunen er ei fellesgode samla sett.

Vi har klubba mange gode vedtak siste åra som har bidrege til god satsing innan kjerneoppgåvene for Gloppen kommune.

Utanom Sandane har kommunen eit særskilt ansvar om å bidra til å stimulere til aktivitet. Til dømes på Byrkjelo greier ikkje private aktørar å skaffe eit naturleg overskot på tiltak i og med at prisnivået litt vesentleg lågare enn i kommunesenteret.

Eg vil påstå at siste tre åra har Byrkjelo vore budsjett-taparen i Gloppen kommune.

Vi skal investere over 350 millionar kroner i kommunal satsing nærmaste tre åra.

Underteikna må leite med lys og lykt for å kunne finne at ein einaste av desse millionane fysisk skal investerast geografisk kring Byrkjelo.

Om berre få dagar vil Statens vegvesen offentleggjere sannsynlege alternativ for den nye E39 gjennom bygda. Den 22. november vert det kontordag og møte i Breidarheim og mogeleg å kome med tankar kring alternativa. I denne prosessen og i tida framover er det viktig for kvar enkelt å delta aktivt slik at vi for Byrkjelo og samla for Gloppen kommune, oppnår ei best mogeleg framtidig løysing for traséval gjennom Byrkjelo.

Byrkjelo har eit behov for å møte framtida aktivt og kunne vere eit reelt alternativ for nyetablerarar samt ønskje om å busetje seg. Vi må ha meir enn nokre få tomter å tilby i konkurranse om attraktive bustadtomter. Byrkjelo aust som ligg mot den nye Meierivegen er allereie ferdig regulert. Dette arealet kjem vi med det første truleg til å få vete ligg utan om den bandlagde sona for alternativ veg kring nye E39. Ved eit klarsignal frå Statens vegvesen nærmaste vekene må Gloppen straks kjøpe grunnen frå privat eigar og sette i gang tilrettelegging av desse 20 nye sentrumsnære tomtene som ligg tett på eksisterande kommunalt bustadfelt.

Her må det inn i 2019-budsjettet midlar for å kjøpe og legge til rette for utvikling.

Samtidig er det viktig at Gloppen kommune planlegg bruk av midlar til å prosjektere næringsareal tett på den nye traseen. Planleggingsmidlar må inn i økonomiplanen for Gloppen som vert vedteken i desembermøtet.

Politikarane i Gloppen har ein jobb å gjere framover mot budsjetthandsaminga.

Byrkjelo forventar at politikarane ser kommunen samla under eitt.

Ordførar og andre politiske vener framhevar kor grunnleggande viktig det er å til ei kvar tid ha tilgjengelege attraktive bustadtomter for busetjing i kommunen vår.

Vi må oppnå ei fordeling av goda i heile kommunen vår. Vi må møte framtida sine utfordringar med ei satsing i alle bygdene våre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags