Friluftsliv er svaret

VIL HA FLEIRE UT: – Naturmøteplassar, dagsturhytter, turvegar og turstiar er alle med å få fleire aktive, og dei er arenaer for meistring og læring om natur og miljø. Skal folkehelsa i Norge betrast må ein utvide perspektivet, og følge opp i planar og budsjett. Å satse på det kortreiste friluftslivet er svaret, skriv innsendar. Her frå dagsturhytta i Fugledalen på Skei i Jølster.

VIL HA FLEIRE UT: – Naturmøteplassar, dagsturhytter, turvegar og turstiar er alle med å få fleire aktive, og dei er arenaer for meistring og læring om natur og miljø. Skal folkehelsa i Norge betrast må ein utvide perspektivet, og følge opp i planar og budsjett. Å satse på det kortreiste friluftslivet er svaret, skriv innsendar. Her frå dagsturhytta i Fugledalen på Skei i Jølster. Foto:

Av
DEL

LesarbrevIdrettshallar er for tida ei gloheit sak mange stader. Men er fleire hallar svaret på ei av vår tids største utfordring, som er inaktivitet?

To av tre vaksne er for lite fysisk aktive, og tur og «kortreist» friluftsliv er det folk seier dei vil gjere meir av, slår Helsedirektoratet fast. Samtidig viser ein fersk rapport frå Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) at det ikkje er samsvar mellom ambisjonane om å leggje meir til rette for friluftsaktivitet og faktiske prioriteringar i kommunane sine planar og budsjett.

Den lokale stien og turvegen er nærast, billegast og viktigast for å få fleire aktive, men taper likevel mot idrettsanlegga.

Søren Kierkegaard sa det slik: «Mist for all del ikke lysten til å gå. Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag og går fra enhver sykdom; jeg har gått meg til mine beste tanker og jeg kjenner ingen tanke så tung at man ikke kan gå fra den.»

Orda hans traskar livlege enno, frå danske sletter og heilt hit til dei vestlandske skogane våre. Nær sagt alle går tur, og forsking viser at det er samanheng mellom nærleik til attraktive, lokale turområde og fysisk aktivitetsnivå. Norma er kvardagsturar, ikkje lange krevjande turar i fjellet.

Då er det litt artig og temmeleg rart at det ikkje blir prioritert meir midlar til det kortreiste friluftslivet, den klart billegaste måten å få fleire til å bli aktive. Det kostar litt å rydde, merke og vedlikehalde turvegar og stiar, men samtidig varmar og gler denne handlinga oss fleire gonger. Det løyser også ut stor lokal dugnadsinnsats i nærnaturen, der fleire får til mykje med dei ressursane ein faktisk har.

I 4H Sogn og Fjordane har vi i over 10 år satsa på naturmøteplassar i nærnaturen. Meir enn 50 4H-klubbar har i lag med lokale samarbeidspartar lagt til rette for aktivitetar i naturen. Bygd gapahukar, grillhytter, gammar og grindbygg som er opne for allmenta. Naturmøteplassane er populære turmål, og mange er også lagt til rette for menneske med rørslehemming. Kostnaden på kvar plass er låg og dugnadsinnsatsen høg.

Dei siste åra har 4H i fylket fått Gjensidigestiftelsen med på laget, gjennom konkurransen «Draumeplassen». Nyleg fekk vi ein ny gåvesjekk frå Gjensidigestiftelsen som betyr ny Draumeplassen-konkurranse våren 2019, der lokalsamfunn kan vinne 100 000 kroner og prosjekthjelp til å byggje draumen sin verkeleg. Erfaringane er at midlane frå Gjensidigestiftelsen blir mangedobla, og vi får skapt nye spennande turmål og gode møteplassar for utforsking, leik, kreativitet og meir aktivitet i friluft.

Naturmøteplassar, dagsturhytter, turvegar og turstiar er alle med å få fleire aktive, og dei er arenaer for meistring og læring om natur og miljø. Skal folkehelsa i Norge betrast må ein utvide perspektivet, og følge opp i planar og budsjett. Å satse på det kortreiste friluftslivet er svaret.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags