Vindkraft på forsorg

store: Investeringskostnadene til vindkraftverk er store. Dei fleste av dei er alt på utanlandske hender fordi norske eigarar ikkje toler dei økonomiske realitetane, eller at eigarane får raske pengar ved å selje, skriv artikkelforfattaren.

store: Investeringskostnadene til vindkraftverk er store. Dei fleste av dei er alt på utanlandske hender fordi norske eigarar ikkje toler dei økonomiske realitetane, eller at eigarane får raske pengar ved å selje, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Mildt sagt misvisande er det når Stig Svalheim i Firda presenterer kor mykje pengar eit vindkraftverk på Lutelandet vil gje Fjaler og fylket. Svalheim er dagleg leiar i Lutelandet Energipark. Han ser vekk frå investeringskostnadene til vindturbinane. 

165 millionar kilowattimar vil gje 50 millionar kroner «i årlege inntekter» til Sogn og Fjordane Energiverk (SFE), skriv Kvalheim. 15 millionar skal gå til å drive verket, og resten kan SFE bokføre som netto. Han fortel vidare om kraftnettet «som Sunnfjord Energi skal bygge på oljeselskapa si rekning». 

Investeringskostnadene til vindkraftverk er store. Dei fleste av dei er alt på utanlandske hender fordi norske eigarar ikkje toler dei økonomiske realitetane, eller at eigarane får raske pengar ved å selje. Dei 44 turbinane på Midtfjellet i Fitjar hadde i 2015 – på berre eitt år – eit underskot på nesten ein kvart milliard kroner. Pengane rann ut og det tyske investeringsselskapet Aquila Capital overtok storparten av eigarskapen. Dersom dei enorme maskinene nokon gong leverer overskot, renn det ut av landet og lokalsamfunna.

Vindkraftverk leverer lite eller ingenting av økonomisk verdiskaping. Det vanlege har vore så dårleg økonomi at eigarane altså har selt pakkane til utlandet. Då kraftprisane var lågare, kom det av for mykje straum på nettet, for mange kraftverk. Dersom prisen på elektrisitet held seg høg, eller aukar, er det fordi Noreg har lagt nye kablar til Europa, og kopla vårt land på ein marknad med dyrare straum. Om vindkrafteigarane då klarer å gå i pluss, er det årsaka at folket må betale meir for eit gode som det frå før var rikeleg av. Dette er tvungen overføring av pengar frå folket til selskapa, ikkje framstilling av nye verdiar som kjem folket til gode. 

Likeins er det med overføringslinene. Frå vindkraftverket på Guleslettene i Flora og Bremanger skal SFE byggje ei ny line til 170 millionar kroner. Eigaren av kraftverket, den amerikanske kapitalgiganten BlackRock, betaler 30 millionar. Resten, 140 millionar, må straumabonnentane hos SFE og nokre til, punge ut gjennom nettleiga. Dei 75 millionane som kjem utanfrå til ny line mellom Hålandsfossen og Lutelandet, dekkjer i beste fall kanskje halve kostnaden. Straumkjøparane i Sunnfjord må subsidiere prosjektet med høgre nettleige. For å kunne handtere vesentleg meir vindkraft, har nettselskapa planar om å investere 140 milliardar kroner i nettet dei neste seks åra. Det er nesten 3000 kroner for kvar innbyggjar, liten som stor. Dette har ingen ting med forsyning til folket å gjere; det er pengeoverføring til ein industri som lever av tvungen forsorg frå folket. 

Framleis hevdar nokre at vindkraft er eit klimatiltak. Tyskland, det landet i Europa som har investert med i slik straum, har på same tid reist ei rekkje nye verk som fyrer med brunkol. Dei har 30 000 turbinar, og vinden leverte i fjor vel tre prosent av energiforbruket i dette landet. At Noreg kan endre dette bildet, er i beste fall ein dyr forretningsidé.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags