Reksnes med villeiande påstandar om nettleige

VILLEIANDE: Når Senterpartiet sjølve ikkje fekk gjennomført utjamning av nettleiga medan dei sat med regjeringsmakta, så er det ingen grunn til å tru at ein statsråd frå Framstegspartiet vil gjennomføre ein slik politikk, skriv Tonny Nundal i artikkelen.

VILLEIANDE: Når Senterpartiet sjølve ikkje fekk gjennomført utjamning av nettleiga medan dei sat med regjeringsmakta, så er det ingen grunn til å tru at ein statsråd frå Framstegspartiet vil gjennomføre ein slik politikk, skriv Tonny Nundal i artikkelen. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

I eit innlegg i lokalaviser i Sogn og Fjordane skriv fylkesleiaren i Sp i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes, at det vert billegare nettleige uansett. Og meiner det ikkje er nødvendig med samanslåingar i energibransjen. Kva er det som får Reksnes til å tru at ein statsråd frå Framstegspartiet, og ei regjering Sp er i opposisjon til, vil gjennomføre det Sp ikkje fekk til i sine 14 år som regjeringsparti?

Som Sigurd Reksnes heilt sikkert er kjent med, så har utjamning av nettleige vore tema i den politiske debatten i Norge i 20 år. I 14 av desse åra har Senterpartiet vore ein del av regjeringa, og i 11 av desse åra har den ansvarlege statsråden kome frå det same partiet.

Det har dei siste 20 åra vore levert eit utal utgreiingar om nettpolitikken og tre Stortingsmeldingar utan at nettpolitikken har endra seg vesentleg.

Les ein gjennom regjeringsplattforma til den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa som sat med makta fram til valet i 2013, vil ein finne ut at utjamning av nettleige var eit uttrykt mål. Men sjølv om Senterpartiet sat med makta i Olje- og energidepartementet, så realiserte ein ikkje målet frå regjeringsplattforma.

I plattforma til den sitjande regjeringa – som Sp altså ikkje er ein del av – står det at det skal fremjast tiltak for å jamne ut nettleiga for alle forbrukarar gjennom eit mest mogleg effektivt organisert straumnett. Eit frimerke-prinsipp der alle betaler likt vil oppheve nettselskapa sitt ansvar og krav til effektiv drift, og vil som det går fram av den utheva ordlyden heilt klart vera i strid med regjeringa si plattform.

I BKK ser vi på det som vår viktigaste oppgåve å sørge for at kundane våre har lågast mogleg nettleige og høgast mogleg leveringssikkerheit. Våre kundar har i dag ei av dei lågaste nettleigene i landet. Det er vi stolte av, og slik ønskjer vi at det skal vera. Vi trur at nettleiga vert lågare og skilnadene mindre når nettselskapa har mange kundar. Mellom anna vil stordriftsfordelar bidra til å redusera kostnadene gjennom til dømes innkjøp og systemdrift. Difor har BKK ambisjonar om å få fleire kundar enn i dag. På den måten får vi fleire å fordele faste kostnader på, og vi får større moglegheiter til å investere i ny teknologi som kan vera med å halde nettleiga på eit så lågt nivå som mogleg.

Det er nettselskapa sjølve og eigarane deira som sit med nøkkelen til lågare nettleige. Det hjelper ikkje kundane å vente på ordningar som ikkje vil få politisk gjennomslag.

Når Senterpartiet sjølve ikkje fekk gjennomført utjamning av nettleiga medan dei sat med regjeringsmakta, så er det ingen grunn til å tru at ein statsråd frå Framstegspartiet vil gjennomføre ein slik politikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags