Me kjenner oss ikkje att i framstillinga av BKK

SIGNERT: Høyanger-ordførar Petter Sortland er ein av ordføarane som har signert innlegget.

SIGNERT: Høyanger-ordførar Petter Sortland er ein av ordføarane som har signert innlegget. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Me ser i debattinnlegg og i møte med politikarar og rådmenn i Sogn og Fjordane at konsernsjefen i SFE både kjem med oppsiktsvekkjande omtale av styreleiar i BKK og elles framstiller BKK på ein måte som me ikkje kjenner oss igjen i.

Me er BKK-eigarar frå tidlegare Nordhordland Kraftlag, Masfjorden kraftlag og Gulakraft. Desse kommunane vart tidleg på 2000-talet ein del av BKK, og kommunane våre vart små eigarar i eit stort selskap. Våre erfaringar som kommunale eigarar er gode. Vår oppleving er at BKK er både ryddige, tek samfunnsansvaret sitt på alvor og behandlar alle eigarar – små som store – likt. Selskapet er ein god beredskapsaktør og løyser situasjonen ved storm og uvêr framifrå. BKK held jamlege eigarmøte, og leiinga er oppteken av å koma rundt til eigarane og held god dialog med oss.

Etter at me vart del av BKK har kommunane våre fått høgare utbytte, lågare nettleige og eit betre og sikrare straumnett. I tillegg er det fleire arbeidsplassar ved avdelinga i Nordhordland i dag enn det var før BKK tok over, mellom anna på grunn av BKK si satsing på fiberutbygging. BKK investerer årleg store summar i nett, kraftverk, fiber og ny teknologi. Det gode straumnettet, låge nettleiga og fiberutbygginga vår, har hatt særs stor betydning for etableringar og konkurransekraft for næringslivet i Fensfjordbassenget og elles i BKK-området. BKK er også med i lokalsamfunna gjennom lokale næringsselskap. Både verdiskapinga og utbytet i BKK er i fremste rekkje i landet. Dette stadfestar Statkraft, så me eig eit effektivt drive og lønsamt selskap.

BKK tek sjølvsagt også samfunnsansvar gjennom vesentlege bidrag til lag og organisasjonar i heile regionen, og spesielt til frivillig arbeid retta mot barn og unge.

Me kjenner til dei ulike ønskja om kraftfusjonar i Sogn og Fjordane (SFE-SE og SE-BKK), bakgrunnen og argumenta for og imot løysingane. I ytre Sogn og Hordaland har me lenge valt samlingslinja, slik rogalendingane og trønderane også har gjort. Såleis har kommunane Høyanger, Gulen og nedover i Hordaland etter tur har valt å gå inn i eit større kraftselskap, BKK, for å sikra innbyggjarar og næringsliv fordelar. Seinast i fjor gjekk Tysnes og Etne sine kraftselskap inn i BKK.

Alle lokalpolitikarar er opptekne av lokal vekst i arbeidsplassar og verdiskaping. BKK tener oss godt i dette bildet, og røynslene våre er at det gjer BKK overalt der dei er eigar. BKK og andre lokale og regionale selskap står også i konkurranse med eit samanslått Hafslund/E-CO og Eidsiva om vilkåra for innbyggjarar og næringsliv.

I denne situasjonen er me som eigarar særs interesserte i korleis me best kan nytta kraftselskapa våre i Vestland til vekst, verdiskaping og fordeling av verdiane i heile fylket. Den debatten kan enda med ulike løysingar, og bør førast på ryddig måte. På kort sikt må eigarane i SE som alltid gjera sine vurderingar før dei fattar avgjerd. I dette bildet vil me understreka at skremmeebilde av BKK er det dårleg grunnlag for.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags