Lutelandet i perspektiv

KONSESJON I 2012: Vindkraftverket på Lutelandet fekk konsesjon i 2012. Konsesjonssaka var lite omdiskutert og kontroversiell, med unntak av klage frå eit interessefellesskap mot vindmøller, skriv Stig Svalheim, administrerende direktør i Vestavind Kraft AS.

KONSESJON I 2012: Vindkraftverket på Lutelandet fekk konsesjon i 2012. Konsesjonssaka var lite omdiskutert og kontroversiell, med unntak av klage frå eit interessefellesskap mot vindmøller, skriv Stig Svalheim, administrerende direktør i Vestavind Kraft AS. Foto:

Av
DEL

MeiningarIndustriutvikling på Lutelandet har vore eit regionalpolitisk viktig prosjekt i fleire tiår. På Lutelandet er det regulert om lag 4000 dekar for etablering av industri. Halvparten er sett av til vindkraft og halvparten til annan industri. Dei styrande i forvaltninga av industriutviklinga på Lutelandet er Fjaler kommune, HAFS-kommunane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ikkje minst utviklingsorienterte grunneigarar. Lutelandet Energipark og Lutelandet Offshore er leigetakarar på kvar sin halvdel av industriområdet. Lutelandet Energipark, som står bak vindkraftplanane, er heileigd av Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Etablering av industri på Lutelandet er godt i gang, der Gjøaavtalen har vore ein nøkkel. I avtalen som Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk i stand i 2008 har eigarane av oljefeltet vest av Florø forplikta seg til å betale 46 millionar kroner til bygging av djupvasskai og veg på Lutelandet og 75 millionar kroner til bygging av kraftforsyning til Lutelandet. Utbetalinga frå oljeselskapet til kraftforsyning set som vilkår at det vert bygd vindkraftanlegg på Lutelandet.dagleg

Eit sterkt og kystnært kraftnett kan verte særs verdifullt for vidare industriutvikling på Lutelandet og ytre delar av Sunnfjord. Kraftnettet som Sunnfjord Energi skal bygge på oljeselskapa si rekning vil transportere straum frå vindkraftverket og inn på sentralnettet, men nettet vert også forma ut for å forsyne straum ut til nytt forbruk på Lutelandet og ytre Sunnfjord.

Vindkraftverket på Lutelandet fekk konsesjon i 2012. Konsesjonssaka var lite omdiskutert og kontroversiell, med unntak av klage frå eit interessefellesskap mot vindmøller. Saka vart avgjort av departementet, som er det øvste organ for avgjerd i slike saker. No er detaljplanen forma ut og ute på høyring hos dei som vert råka av prosjektet. Dei 10 planlagde vindturbinane på Lutelandet er berekna å produsere 165 millionar kWh per år, noko som svarar til straumforbruket til 8500 husstandar. Om straumprisen vert 30 øre per kWh vil vindkraftverket generere 50 millionar kroner årleg i inntekter til det kommunalt og fylkeskommunalt eigde SFE. Driftskostnadene for vindkraft er om lag 10 øre per kWh; og det betyr at det skal brukast over 15 millionar kroner årleg for å drive vindkraftverket. Her vil betydelege summar leggast igjen lokalt i Fjaler og i Sogn og Fjordane.

Teknologiutvikling har gjort at moderne vindturbinar er meir stillegåande enn tidlegare. Det er også etablert eit omfattande sett av reglar og retningsliner for utforming og drift av vindkraft, der styresmaktene fører eit strengt tilsyn med vindkraftindustrien. Ingen skal verte utidig plaga av vindturbinane, verken når det gjeld støy, refleksblink eller andre verknader.

Vår nabo Jim Heldal skriv i Firda den 6. mars at energipolitikken vert ført på ein bøllete måte. Sjølv krev Heldal ein av vindturbinane på naboen sitt område fjerna, slik at han får endå meir armslag for sine visjonar. Frå før rår han altså over eit areal på Lutelandet tilsvarande meir enn 300 fotballbaner. Han ber oss flytte ein vindturbin som over 25 år vil produsere straum til ein verdi på over 120 mill. kroner, og aller helst at vi skrinlegg heile prosjektet. Det Heldal ikkje nemner er at administrasjonane i Lutelandet Energipark og Lutelandet Offshore jobbar konstruktivt med å finne ei løysing der begge partane ser ut til å få realisert sine prosjekt. Slik sameksistens mellom industri og vindkraft finst det fleire gode eksempel på både i Norge og andre land.

Framtida er elektrisk. Og tilgang på rein fornybar straum i rikeleg monn er eit konkurransefortrinn som eg håpar vi her nord i Vestland framleis vil utvikle og heie fram.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags