Fylkeskommunen må avstå frå innblanding i saka om Sunnfjord Energi

STADFEST: Fylkeskommunen må nå stadfeste at det ikkje er aktuelt med noko som helst kopling mellom SE-BKK saka og ei eventuell overføring av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS Bildet er frå møtet mellom Sunnfjord Energi. Frå v. Fredrik Behrens, Sunnfjord Energi, Ketil Konglevoll,BKK Arvid Andenæs, Sunnfjord Energi

STADFEST: Fylkeskommunen må nå stadfeste at det ikkje er aktuelt med noko som helst kopling mellom SE-BKK saka og ei eventuell overføring av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS Bildet er frå møtet mellom Sunnfjord Energi. Frå v. Fredrik Behrens, Sunnfjord Energi, Ketil Konglevoll,BKK Arvid Andenæs, Sunnfjord Energi Foto:

Av
DEL

MeiningarEtter at fusjonsplanane mellom SFE og Sunnfjord Energi (SE) havarerte tidlegare i vinter, er BKK og SE nå i samtalar om vegen vidare. Som Firda melde i slutten av februar er dei to selskapa i gang med å greie ut full eller delvis fusjon, og desse samtalane skjer etter det eg forstår i ein god og konstruktiv tone. For meg – og det som òg har vore det politiske miljøet i Førde sitt syn – er det både rett og viktig at selskapet vårt får tid og ro til å arbeide med saka på ein god og skikkeleg måte. Så vil SE gjere opp status, konkludere, og gå til eigarane sine med sitt råd. Då vil eigarane få noko handfast og konkret å ta stilling til. Etter mitt syn er slik kunnskap avgjerande for at politikarane skal kunne gjere seg opp ei meining i ei svært viktig sak, kor spørsmålet om ei lågare nettleige for innbyggarane og næringslivet vårt òg høyrer heime.

Eg har forståing for at fylkeskommunen som største eigar i SFE ønskjer å ta i vare interessene til selskapet sitt, og vidare at ein òg ønskjer å avklare vilkåra for ei eventuell overføring av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS (kor aksjane til SFE er plassert) til kommunane i Sogn og Fjordane. Det som eg derimot ikkje har forståing for er den uvissa som dei siste dagane er skapt kring fylkeskommunens kopling mellom den pågåande prosessen mellom SE og BKK, og den tenkte overføringa av aksjar til primærkommunane i fylket vår. I både brev frå fylkeskommunen og i utsegner i ettertid i media er det nå skapt ei oppfatning om at eigarkommunar i SE ikkje vil få overført aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS dersom det skulle gå mot ein fusjon mellom SE og BKK.

Spørsmålet om korleis vegen blir vidare for SE, her medrekna om selskapet (heilt eller delvis) skal fusjonere med BKK, vil kunne bli krevjande for mange av dei politikarane som skal ta stilling. Desse politikarane må ha krav på å få behandle og avgjere saka, utan å bli utsett for ei utidig innblanding og press frå utanforståande.

Det handlar altså om at eigarkommunane i SE må få gjere seg opp sine eigne standpunkt kring kva som er best for selskapet, kommunane, innbyggarane, straumkundane, tilsette m.m., utan at dei skal bli utsett for eit slags trugsmål om økonomiske sanksjonar frå andre. I tillegg kjem at eit slik scenario òg vil vere ei negativ forskjellsbehandling av eigarkommunane i SE som av fleire grunnar ikkje vil stå seg.

ORDFØRAR: Olve Grotle er ordførar i Førde

ORDFØRAR: Olve Grotle er ordførar i Førde Foto:

I ein artikkel i Firda har Trude Brosvik (KRF) avkrefta at brevet frå fylkeskommunen skal forståast slik at det er aktuelt å nekte SE sine eigarkommunar aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS. Vidare at dette heller ikkje har vore noko tema for fylkesutvalet. Dette er ei grei avklaring. Det rår likevel framleis ei uvisse kring kva som er fylkeskommunen si haldning.

Fylkeskommunen må derfor nå stadfeste at det ikkje er aktuelt med noko som helst kopling mellom SE-BKK saka og ei eventuell overføring av aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS. Dette slik at Førde kommune og dei andre eigarkommunane til SE får høve til å ha gode og ryddige prosessar i ei svært viktig sak. Noko anna er ikkje akseptabelt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags