Billeg nettleige i Sunnfjord uansett

Sigurd Reksnes

Sigurd Reksnes Foto:

Av
DEL

Meiningar

Stortinget har bede regjeringa greie ut ei utjamning av nettleiga i Noreg. Kraftselskapet BKK brukar nettopp redusert nettleige som hovudargument for at BKK og Sunnfjord Energi bør slå seg saman. Regjeringa skal om ikkje lenge legge fram eit forslag om korleis nettleiga i Norge skal jamnast ut. Mi oppmoding til sunnfjordkommunane er at dei har is i magen, og ikkje gjev frå seg styring og kontroll med kraftproduksjon og nett, for å oppnå ei redusert nettleige som uansett må kome som følge av endring i den nasjonale nettpolitikken.

Lokalt offentleg eigarskap og styring med den enorme verdiskapinga som ligg i produksjon av kraft har vore ein suksess i Sogn og Fjordane. Derfor var det mange som hadde store forventningar til at ein fusjon mellom Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi skulle skape eit enda sterkare energiselskap, eigd av kommunane i fylket, og med hovudkontor i Sogn og Fjordane. Skuffelsen vart derfor stor når BKK valde å torpedere fusjonen, før den var handsama i styra og generalforsamlingane til selskapa.

Kort tid etter dette gjer BKK nytt framstøyt der dei sjølve vil fusjonere med Sunnfjord Energi og brukar argument som redusert nettleige, og at dei vil utvikle kraftbransjen vidare.

Sett frå min ståstad så har ikkje BKK bidrege så mykje verken til å få utjamna nettleiga, eller å utvikle kraftproduksjonen her i fylket. BKK har aktivt jobba i mot ei nasjonal utjamning av nettleiga. Når SFE ville utvide aksjekapitalen for å realisere Østerbø kraftverk i Høyanger, så ville ikkje BKK bidra med kapital til dette, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune og dei andre eigarkommunane i SFE gjekk tungt inn. Vi veit og at SFE sikra utbygginga av Jølstra etter at BKK trekte seg ut.

Det er grunn til å stille spørsmål ved motiva til BKK, eg trur ikkje BKK torpederer fusjonen mellom SFE og Sunnfjord Energi av omsut for innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Her gjeld det å sikre BKK sine eigne interesser. Det er å få kontroll og styring med både Sunnfjord Energi og SFE. Då var fusjonsplanane ein trussel som måtte ryddast av vegen.

Så er lik nettleige i heile landet ein viktig politisk kamp som må vinnast. Det må skje gjennom at Stortinget vedtek ei nasjonal utjamning av nettleiga. Vi veit allereie no at kring 2,5 øre pr. kwh. i påslag på nettleiga vil vere nok til at innbyggjarane i Sogn og Fjordane får lik nettleige som i resten av landet.

Sunnfjordkommunane står sjølvsagt fritt til å forvalte eigarskapen sin i Sunnfjord Energi. Men eg meiner at BKK ikkje bør få kontroll over meir av den verdifulle vasskrafta i fylket utifrå dei argumenta som dei har framført til no. I det minste kan sunnfjordkommunane vente med å avgjere dette til Regjeringa sitt framlegg om utjamning av nettleiga er framlagt for Stortinget og handsama der.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags