Om Bergumkrysset, ny bru og trafikktal – svar til Odd Skrede

KRYSSET PÅ BERGUM: – Bergumkrysset vart lyst ut på vanleg måte, og vi valte den tilbydaren som hadde det lågaste tilbodet, utan korkje klage eller anna form for konflikt, skriv Svenn Egil Finden.

KRYSSET PÅ BERGUM: – Bergumkrysset vart lyst ut på vanleg måte, og vi valte den tilbydaren som hadde det lågaste tilbodet, utan korkje klage eller anna form for konflikt, skriv Svenn Egil Finden. Foto:

Av

– I Førdepakken er det bystyrepolitikarane som styrer koreografien, og Vegvesenet er ballettdansarar, skriv Svenn Egil Finden.

DEL

LesarbrevDet er kjekt å lese at Odd Skrede meiner det nye Bergumkrysset er blitt trafikksikkert. Mange vil nok også legge til at det er blitt eit flott anlegg, til glede både for dei som bur på Bergum og trafikantane på riksveg 5.

Sluttoppgjeret med hovudentreprenøren er ikkje klart. I tillegg skal vi no i gang med støyskjerming av eigedomane rundt krysset, difor har vi ikkje noko endeleg kostnadstal per no. Kva Skrede meiner med at det rauk nokre titals millionar før ein kom i gang, og at det vart nytta feil tilbod, forstår vi ikkje. Bergumkrysset vart lyst ut på vanleg måte, og vi valte den tilbydaren som hadde det lågaste tilbodet, utan korkje klage eller anna form for konflikt.

Førdepakken har ei økonomisk totalramme som den blir styrt etter. Nokre delprosjekt kan ha høgare kostnad, medan andre har lågare kostnad enn først kalkulert.

Ny køyrebru mellom Førdehuset og Hafstadparken: Vi har ikkje bruk for noko køyrebru frå Førdehuset til Hafstadparken, skriv Odd Skrede.

Vegvesenet meiner at denne brua eit viktig ledd i eit framtidig trafikksystem i Førde.

For det første gir denne brua ein alternativ tilkomst til Førde sentrum frå aust, og det vil avlaste noko av trafikken på E39 og riksveg 5 som har lokalt mål eller utgangspunkt.

For det andre vil denne brua gjere trafikksystemet mindre sårbart, fordi det opnar for alternative ruter ved trafikkuhell eller stengd veg andre stader.

Kostnaden (ved ei dyrare løysing) får Statens vegvesen ta som har ansvaret for vegplanlegginga i Førde, skriv Skrede. Vegvesenet har ingen eigne midlar, vi bygger veg på vegner av andre. I Førdepakken kjem midlane i stor grad frå bompengar, statlege overføringar og midlar frå kommune og fylkeskommune. Men Skrede har heilt rett – det er politikarane som bestemmer løysing. For å følge opp Skrede sin metafor om vegballett; i Førdepakken er det bystyrepolitikarane som styrer koreografien, og Vegvesenet er ballettdansarar.

Skrede etterlyser også trafikktala for Sandane, Eikefjorden og Sande før og etter at europa- eller riksvegen vart lagt utanom desse tettstadane.

På tidlegare E39 gjennom Sandane sentrum, det som i dag er fv. 700, har vi registrert ein årsdøgntrafikk (ÅDT) mellom Sandane sentrum og Austrheimsbakken på 2500 i 2000, året før opning av ny E39. I 2002 var ÅDT på same strekning 1200.

For Eikefjorden har vi ikkje talmateriale frå åra før ny riksveg 5 vart lagt utanom sentrum i 2002.

For Sande sentrum var ÅDT 3500 i 2015. I 2017, året etter opninga av ny E39, var ÅDT 1300.

Vi må legge til at det er ein forskjell mellom Førde og andre tettstader i fylket. Førde er det største handelssenteret i Sogn og Fjordane, og den staden i fylket flest personar pendlar til kvar dag.

Trafikkanalysane syner at vel 70 prosent av trafikken på E39 har Førde som mål. Det betyr at storparten av trafikantane på E39 skal til eller frå Førde, ikkje forbi. Vi vil difor aldri oppnå den effekten (trafikkreduksjon) av å legge E39 utanom Førde sentrum slik som til dømes Sande fekk.

Med trafikkauken som er venta, også i lokaltrafikken, vil denne situasjonen krevje tiltak på vegnettet i sentrum.

Når det er sagt: Sjølv om E39 er ein liten del av totaltrafikken ønskjer Vegvesenet også å spare Førde for gjennomgangstrafikk, ved å flytte E39 utanom sentrum. Alle gode krefter bør difor kjempe for å få dette prosjektet opp på prioriteringslistene.

KLIPTE SNORA: Ordførar Olve Grotle, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Svenn Egil Finden og fylkesordførarJenny Følling opna Bergumkrysset i sommar.

KLIPTE SNORA: Ordførar Olve Grotle, avdelingsdirektør i Statens vegvesen Svenn Egil Finden og fylkesordførarJenny Følling opna Bergumkrysset i sommar. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags