Førdepakken, bompengar, elbilar og rettferd

FØRDEPAKKEN: – Bompengar kan aldri bli rettferdig. Ordninga er så urettferdig og usosial som det går ann å få det. Den tar ikkje omsyn til inntekt og betalingsevne slik som ved skatteinnkrevjinga, skriv Helge Ottesen. Her frå arbeids med Askvollkrysset.

FØRDEPAKKEN: – Bompengar kan aldri bli rettferdig. Ordninga er så urettferdig og usosial som det går ann å få det. Den tar ikkje omsyn til inntekt og betalingsevne slik som ved skatteinnkrevjinga, skriv Helge Ottesen. Her frå arbeids med Askvollkrysset. Foto:

Av
DEL

Meiningar

I eit lesarbrev i Firda avis, måndag 2. juli, i samband med opning av Bergumkrysset, skriv ordførar Olve Grotle dette: «Det nye krysset ved Bergum er det første tiltaket i Førdepakken. Utan Førdepakken hadde krysset på Bergum blitt liggande uendra i mange år framover.»

Ordføraren rosar og «spleiselaget» som har gjort dette mogleg. «Spleiselaget» består av staten, fylkeskommunen, Førde kommune og bilistane med bompengar. Og eg som trudde at i eit spleiselag gjekk partane inn med like store innskot? Men i dette «spleiselaget» som ordføraren kallar det, betalar bilistane med bompengar 60 prosent, medan dei tre andre partane deler på dei resterande 40 prosent. Er det rettferdig?

Kostnadane med Førdepakken er kalkulert til over 1,7 milliardar kroner i dagens kroneverdi. Då vil bompengane vi betaler til Førdepakken utgjere over 1 milliard kroner.

Det kunne bli bygd mykje tunnel for dette gigantbeløpet – for å få tungtrafikk og gjennomgangstrafikk bort frå Førde sentrum slik folket ønskjer. Men Statens vegvesen vil noko anna.

Dei vil heller ha denne trafikken gjennom Førde i dagen. Og då blir det slik. For å vere sikker på at det vert flyt i biltrafikken – med dei trafikkprognosane Førdepakken har fått utarbeid for år 2040, vil dei og ha nok ein gjennomkøyringsveg i sentrum. Og det har bystyret godkjent!

Det er merkeleg at Staten ikkje vil bidra med meir enn 1/3 del av 40 prosent for utbetringar på E39 i Førde, når vi ser kva Staten kostar på E39 i nabokommunane Jølster og Gaular. Kan det skuldast at det ikkje er noko press frå Førde kommune til Staten om vegmidlar til E39 i eigen kommune? For – dei har jo Førdepakken og bompengar, og er kanskje nøgde med Staten sitt bidrag i Førdepakken? Er det rettferdig?

Eg er opptatt av rettsferdigheit, til liks med ordføraren, for han skriv i det nemnde lesarbrevet sitt: «For å sikre god oppslutning og legitimitet til bypakken (Førdepakken), må betalinga kjennast rettferdig. Det har politikarane vore opptatt av, både når det gjeld bompengenivå, rabatt og fritaksreglar.»

Bompengar kan aldri bli rettferdig. Ordninga er så urettferdig og usosial som det går an å få det. Den tar ikkje omsyn til inntekt og betalingsevne slik som ved skatteinnkrevjinga. Bompengar svir mest for dei som har lite å rutte med, og har vanskar med å få endane til å møtast. Medan dei som tener godt og har flust opp av alt, kjøper seg Tesla – slik som ordføraren, eller ein billigare elbil, og slepp dermed å betale bompengar. Ikkje nok med det, dei slepp og å betale alle avgiftene som normalt følgjer med kjøp av ny bil. Ikkje rart at el-bilsalet har tatt heilt av.

Men det er berre i Noreg. I nabolandet, Sverige, som har mykje større bilpark, og som er minst like miljøbevisste som oss nordmenn, er salet av elbilar berre 3,5 prosent av nye bilar. I Noreg utgjer salet av elbilar 35 prosent. Svenskane meiner elbilane kostar for mykje. Dei må betale det bilane kostar, og har ein heilt annan avgiftspolitikk enn vi har. Dei avgiftene el-bileigarane unngår å betale i Noreg, kunne gått til vedlikehald av dårlege og rasfarlege riks- og fylkesvegar. Men det vil ikkje Regjeringa.

Alle avgiftsfritaka elbilar har, og den store veksten av dei, har fått store konsekvensar for budsjetterte inntekter til bomstasjonane i heile landet. Førdepakken bomstasjon hadde eit budsjettunderskot på 2,8 mill. kroner for ei stund sidan. Sjølv om tal passeringar er meir enn berekna. Årsaka er at alle elbilane som køyrer gratis, har auka mykje meir enn berekna.

Regjeringa har innsett at dette ber gale av stad, og har vedtatt at kommunane sjølve kan avgjere om elbilane skal betale bompengar, men ikkje meir enn 50 prosent av det bilar med forbrenningsmotor betalar. Førde kommune har nyleg vedtatt at dei vil følgje Regjeringa sitt forslag. Elbilar skal heretter betale 50 prosent av det andre bilar betaler til Førdepakken bomstasjon. Men er det rettferdig? Er ikkje bruken av vegnettet i Førde kommune den same for elbilar som for bilar med forbrenningsmotor?

Tiltrua til rettsferdigheit er dessverre ikkje stor hos underteikna – korkje til lokale eller sentrale politikarar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags