Førdepakken: Alle gode krefter, kjemp for E39-tunnel

RIVING? – Her kan ein gjerne skåne sentrum sør inkludert riving av bensinstasjonen Circle K. Kan Bystyret gå inn for å rive bensinstasjonen utan å vite kostnaden? Og så kanskje kjem det fram at kommunen ikkje har råd til å løyse den inn? Bystyret må no ta saka i rett rettefølge, skriv Odd Skrede.

RIVING? – Her kan ein gjerne skåne sentrum sør inkludert riving av bensinstasjonen Circle K. Kan Bystyret gå inn for å rive bensinstasjonen utan å vite kostnaden? Og så kanskje kjem det fram at kommunen ikkje har råd til å løyse den inn? Bystyret må no ta saka i rett rettefølge, skriv Odd Skrede. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Eg takkar avdelingsdirektør Svenn Egil Finden for greitt svar i Firda 10. november. Han svarar meg på ein respektfull måte og kjem med klare opplysningar på ein del trafikktal, som eg har etterlyst.

Når det gjeld Bergumkrysset kan eg også understreke/skryte av at i tillegg til å vere trafikksikkert, så er det vorte eit flott anlegg utført av Vegvesenet.

Frå sidelinja – sure oppstøyt: Eg lever elles godt med sure mageoppstøyt som kom inn frå sidelinja på mitt innlegg 5. november. Kanskje nokon har det verre enn eg etter oppstøytet.

Førdeprosenten mindre, men årsdøgntrafikken størst i heile fylket: Tala for Førde viser mindre gjennomsnittstrafikk prosentvis enn eksempelvis Sande, noko eg var klar over. Dei siste trafikktal er ca. 15.000 årsdøgntrafikk gjennom Førde. Med ca. 30 prosent reduksjon ved E39-tunnel vil dette utgjere ca. 4000–5000 (ÅDT) ein god del tungtransport. Dette vil bli positivt merkbart på trafikken frå Hafstad – Fjellvegen – Halbrendslia. Og trafikken er aukande.

Med midlertidig tunnel mellom Førde hotell og Hafstad: Som sivilarkitekt Kjartan Myklebust presenterte i Firda 16. november, vil ein ta bort behovet for å bygge nye trafikkanlegg gjennom sjølve sentrumskjernen. Ja, eg er klar over at dette har vore oppe før. Men det går an å bruke fjellvettregel nummer 8 «Vend i tide, det er inga skam å snu».

Her kan ein gjerne skåne sentrum sør inkludert riving av bensinstasjonen Circle K. Kan Bystyret gå inn for å rive bensinstasjonen utan å vite kostnaden? Og så kanskje kjem det fram at kommunen ikkje har råd til å løyse den inn? Bystyret må no ta saka i rett rettefølge.

Ifølge Finden er det bystyrepolitikarane som styrer koreografien i Førdepakken, der Vegvesenet er ballettdansarar. Då forundrar meg litt at det var Vegvesenet som sa nei, då Circle K ville få behalde stasjonen, ifølge Firda.

Om det ikkje er alt eg likar i Førdepakken, så er oppglødd av at avdelingsdirektør Finden uttalar

– Sjølv om E39 er ein liten del av totaltrafikken, ønskjer Vegvesenet også å spare Førde for gjennomgangstrafikk, ved å flytte E39 utanom sentrum. Alle gode krefter bør difor kjempe for å få dette prosjektet opp på prioriteringslistene.

Så er det å finne rette traseen: Bruland–Tverrgrova (Reset) vil fange opp både noverande og framtidig busetnad i denne delen av Førde. Og det same med tungtrafikk i etablert industri og framtidig industriområdet på Reset. Ein treng ikkje komme frå Bergen for å vere definert som gjennomgangstrafikk. Det er og lokaltrafikk som passerer gjennom Førde sentrum, som då kan passere utanom på omlagd E39. Halbrendslia må straks få avløysing som gjennomgangstrafikkåre.

«Firarbanden» må såleis trekke våpen straks: Eg hadde ei utfordring i mitt førre innlegg, om at dei fire noverande ordførarane måtte danne ein «firarbande» for å få fram ein plan, slik at tunnelen på E39 kom inn i Norsk transportplan.

No når alle gode krefter bør kjempe for dette, må de fire vyrde ordførarane: Olve Grotle, Førde, Oddmund Klakegg, Jølster, Håkon Myrvang, Naustdal og Matias Råheim, Gaular, straks engasjere dykk å ta fatt i denne viktige vegsaka å få den opp på prioriteringslistene. Dette også i tråd med avdelingsdirektør Finden sitt ønskje. Samtidig må no dette vere ei god politisk sak inn i den nye Sunnfjord kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags