Vi kan ikkje gløyme Førdefjorden

Av
DEL

LesarbrevKven skal ta ansvar når fleire tusen nordmenn prøver å fortelje at klimapolitikken er for dårleg? Eg meiner at vi som har stemt fram dagens regjering har stemt fram desse partia av ein grunn. Ein grunn basert på tillit og håp om at dei fører ein politikk vi kan vere nøgd med. Noko som vi tydleg ikkje er. Norge skal stå fram som klimaforkjemparar der Oslo er kåra til miljøhovudstaden i Europa. Likevel vel de å opne ei tredje rullebane på Gardermoen, bade i olje i Lofoten, Senja og Vesterålen og ikkje minst å dumpe gruveslam i Førdefjorden og Repparfjorden.

Sommaren 2018 melde eg meg inn i Natur og Ungdom, i håp om at eg kunne få vere med og påverke det eg brenn for og utgjere ein forskjell. Eg brenn for Førdefjorden. Fjorden både eg og familien min har kunne nytta heile livet til både arbeid, fisking og bading. Ein fjord som har skapt næring, mat på bordet og gode opplevingar i generasjonar. Eg kjem til å bruke stemma mi og kjempe for denne saka, men til kva nytte? Kva nytte har det når eg kjempar, medan politikarar stretar imot og lokalbefolkninga tenkjer at det er ei tapt sak? Det er ikkje ei tapt sak. Vi kan ikkje gi oss før vi har sikra fjorden vår!

Frida Leknes

Fylkesleiar for Natur og Ungdom i Sogn og Fjordane

26. januar 2019 hadde Arbeidarpartiet programmøte, der ei av sakene var gruvedrifta ved Førdefjorden. Der kom det fram innlegg om at dette er eit ungdomsopprør. Dette ungdomsopprøret er tydelegvis sett fram av ungdommar frå Bergen som blandar seg inn i det Sogn og Fjordane driv med og at dei prøver å stoppe viktige arbeidsplassar i eit prosjekt som har kome langt.

Nei, dette er ikkje noko som ungdommar frå Bergen har funne på. Dette er noko som ungdom i heile Framtidsfylket Sogn og Fjordane jobbar imot. Dette er ei forureinande katastrofe som vi, ungdommen i Sogn og Fjordane, er villige til å lenkje oss fast for å stanse. Dette er ein idioti som berre vil bidra til at ungdommen i Sogn og Fjordane flyttar vekk.

Noreg er eitt av fem land som tilet dumping i sjø, Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord og ressursane blir lite brukt. Avfallet som ein dumpar i fjorden er både skadeleg og ein ressurs ein kan fylle tilbake eller bruke til å lage sement eller asfalt. Faktisk er dette ei nasjonalsak som er kjend over heile landet. Dersom partia og regjeringa ikkje gjer som vi seier, må vi bruke stemma vår og demonstrere, lenke oss og presse på med så mykje motstand vi kan. For det er slik, at vi som er unge er dei som må ta konsekvensane med å rydde opp etter naturskadane som den eldre generasjonen har skapt.

Eit av innlegga som kom fram under møtet vekte reaksjonar. Det var ei utsegn om at vi som lever i den vestlege verda er blitt avhengige av mineral. At det er betre at vi kan vinne det ut på ein forsvarleg måte, slik at ein unngår at det skal skje med kriminalitet og barnearbeid i andre land. Det treng ikkje vere tilfelle. Det er eit val om ein vil vere avhengig, spesielt i dette tiåret vi lever i, med ein teknologi så god som den er. Vi kan alltid finne andre løysingar som kan vere betre alternativ. Og kva i all verda er det for argument når gruvedrifta her heime vil vere ei katastrofe for naturmiljøet? At gruvedrift er ille andre stader i verda gjer den ikkje noko betre her heime.

Som Leonoro Hjelle, fylkesleiar i Vestland AUF seier: «Å kome med uriktige påstandar om oppstart av gruva i Vevring og det å dra store uetiske og forkastelege utfordringar gruvedrift i andre land har til denne saka er uakseptabel. Vi ynskjer gruve, men ynskjer ikkje deponering i norske fjordar!»

Vi må ta ansvar. Vi må ta ansvaret og seie ifrå når miljøpolitikken er alt for dårleg. For dette er ein kamp vi må stå saman om. Partia og regjeringa må høyre på oss. Folket i bygdene og folket i landet må aldri gi slepp på kampen om å halde fjordane reine!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags