DEBATT: Det gjeld FJORDANE og liva våre!

LANG BEHANDLING: – Eg har som kommunepolitikar i Naustdal vore med å handsame saka om mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal i 30 år! Fyrste gongen, den 7. juli i 1990, skriv Åsmund Berthelsen i SV. Her med Eliane Wergeland (MDG), Magnhild Runde (V) og Dagmar Falkenstein (R) i 2015.

LANG BEHANDLING: – Eg har som kommunepolitikar i Naustdal vore med å handsame saka om mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal i 30 år! Fyrste gongen, den 7. juli i 1990, skriv Åsmund Berthelsen i SV. Her med Eliane Wergeland (MDG), Magnhild Runde (V) og Dagmar Falkenstein (R) i 2015. Foto:

Av
DEL

MeiningarSluttkampen om Repparfjorden i Kvalsund i Finnmark og Førdefjorden i Naustdal i Sogn og Fjordane er i gang! Regjeringa har sagt ja til å fylle den fyrste fjorden med gruveslam – og no er det også søkt driftskonsesjon for å gjere det same i Førdefjorden.

Etter at Venstre og Kristelig Folkeparti med eit års mellomrom, valde regjeringsmakt framfor å berge dei to fjordane, er det ikkje att så mange parti som tek kampen for å halde fjordane våre reine. Vi ventar i spenning på kva Sunnfjord Ap og Vestland Ap endar opp med.

Uavhengig av det; berre ei brei grasrotmobilisering, og ei folkeleg rørsle for miljøet og ei grøn mineralnæring, kan redde dei to fjordane!

SV vil halde fram kampen i lag med folket. SV vil medverke til å fornye gruvenæringa, og kjempe fram betre og meir framtidsretta løysingar for natur og folk. SV vil kjempe for at gruvenæringa tilpassar seg lokale og regionale tilhøve. Gruvenæringa må tilpasse seg andre næringar, og ikkje «erstatte» eksisterande arbeidsplassar. SV vil kjempe for at gruvenæringa medverkar til lokal, regional og nasjonal verdiskaping til liks med andre næringar.

For å hive avfall i fjordane våre, er ei usivilisert handling i 2019!

Eg har som kommunepolitikar i Naustdal vore med å handsame saka om mineralutvinning i Engebøfjellet i Naustdal i 30 år! Fyrste gongen, den 7. juli i 1990. Som den gongen er det 4–1 i formannskapet. Fleirtalet gjer som selskapa vil og godtek deira strategi om å få godkjenning bit for bit – og til slutt få det som dei vil!

Prosessenkring avgjerder om mineralutvinning er lagt slik at det MÅ bli eit ja. Det er som ein snøball som rullar og vert større og større. Til slutt er den så stor, at den rullar av seg sjølv, og direktorat og regjering seier ja. Det vert umogleg å gjere ei samla og heilskapleg vurdering. Fyrst kommunedelplan og reguleringsplan, og så utsleppsløyve. Så plan for vassforsyning som ein ikkje visste korleis skulle løysast då reguleringsplanen vart vedteken. Ny detaljregulering er det neste. Til slutt, når alt anna er avgjort, vert søknaden om driftskonsesjon handsama.

Eg meiner det må vere eit krav at vi snarast får innsyn i søknaden frå Nordic Mining om driftskonsesjon, før vi i Naustdal sender fleire planar på høyring og vedtek dei.

Nordic Mining sine planar om å fylle Førdefjorden med steinstøv kom ei tid før 2010. Det fekk meg attende til kommunepolitikken i 2015. Eg ville vere med å kjempe for at vi framleis skal ha ein rein og rik fjord i kommunen vår. Uttak av mineral må verte gjort utan å hive store mengder med restmassar i fjorden og kappe toppen av Engebøfjellet!

No veit eg at det er mogleg, både utifrå det eg les – og utifrå dei planar som eit nytt selskap, Artic Mineral Recources (AMR) har presentert. Det er mogleg å ta ut granat, rutil og andre mineral utan å sende restmassar på fjorden, men plassere alt trygt på land i ein periode før ein tek restmassar inn att i gruva, og etter kvart også sela dei. Det som vert sendt på fjorden får ein aldri opp att! Store økonomiske verdiar er tapt for all framtid.

Ei berekraftig og grøn næring er ei næring som nyttar alt av eingongsressursane og driv utan risiko for miljøskadar!

Arbeidsplassar og andre samfunnsverdiar vert sett opp mot miljørisiko. I Førdefjord-saka har miljødirektoratet frårådd utsleppsløyve på miljøfagleg grunnlag, men sa ja når det skulle vurdere det opp mot samfunnsverdiar, som mellom anna arbeidsplassar. Og sjølv om tal arbeidsplassar vart sterkt redusert i nye planar frå Nordic Mining, heldt dei fast på vurderinga som er ei rein meiningsytring, og ikkje ei fagleg fundert.

Då Naustdal kommune handsama planane i 2011 var det tale om millionsummar i skatteinntekter. Med reduserte planar og endringar i formues- og eigedomsskatt er dette kraftig redusert. Og ressursane får selskapet gratis. Her er det korkje grunnrente eller ressursskatt.

Etter over 30 år med kamp om Førdefjorden og Engebøfjellet håpar eg det snart er ein ende på det, for både grunneigarar og bygda treng det, for å kunne leve vidare og få utvikling. Eg kan ikkje sjå nokon annan ende at fjorden er rein og Engebøfjellet heilt – og at gruvedrifta er framtidsretta og berekraftig.

Frå Firda 7.7.1990.

Frå Firda 7.7.1990. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags