Fredsfestivalen som samlar heile verda

MØTE: Førdefestivalen set oss i kontakt med grunnleggande følelsar som er felles for alle menneske. Den får oss til å innsjå det vi alle inst inne eigentleg veit, – at berre respekt for menneskeverdet, kjærleik og empati kan skape varig fred i verda, skriv Arild R. Sætre.

MØTE: Førdefestivalen set oss i kontakt med grunnleggande følelsar som er felles for alle menneske. Den får oss til å innsjå det vi alle inst inne eigentleg veit, – at berre respekt for menneskeverdet, kjærleik og empati kan skape varig fred i verda, skriv Arild R. Sætre. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Festivalen viser at det går an å samle folk frå heile verda når hovudtemaet er grunnleggande menneskelege verdiar som musikk og dans, skriv Arild R. Sætre i denne kronikken.

DEL

KronikkVI KAN VERE stolte av Førdefestivalen. Vi kan, etter mi meining vere svært stolte. Den kan etter kvart samanliknast med god årgangsvin. Den blir betre og betre og den stig i verdi. For festivalen er verdifull på mange plan.

DEN MEST SYNLEGE og målbare verdien er talet på besøkande og verdien dette har for næringslivet i byen og for inntektene til festivalen. Dette er sjølvsagt viktig, men slik eg ser det, er dei ikkje-målbare verdiane aller viktigast.

FØRDE HAR GRADVIS greidd å riste av seg eit gamalt rykte som ein by som har prioritert vekst framfor arkitektonisk estetikk. Målretta politisk satsing på byfornying og politiske grep som Førdepakken er dei konkrete verkemidla som har ført til og gradvis fører til synleg forbetring.

Arild R. Sætre 

DET ER EIN liten prosent av folk i landet som kjem til Førde og får sjå dette. Men gjennom den mediemerksemda Førde får på grunn av festivalen blir det vist fram. Festivalen har sett Førde på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Alle som har eit snev av interesse for kultur her i landet har høyrt om Førdefestivalen. I svært mange musikkmiljø rundt om i verda er festivalen godt kjent og har høg status.

fredsfestival 

DEN GJENTAKANDE POSITIVE omtalen Førdefestivalen får både nasjonalt og internasjonalt har, etter mi meining, ein uvurderleg verdi som merkevarebyggar og promotør for byen Førde. Dette har vore med på å gi byen eit positivt fokus. Det har bidrege til at det gamle og delvis ufortente ryktet om Førde sin utsjånad gradvis har blitt viska ut.

ETTER KVART SOM stadig fleire forstår verdien av kulturarbeid generelt og kulturelt samarbeid over landegrensene spesielt, vil denne verdien auke. For Førdefestivalen er, etter mi meining, svært viktig som fredssymbol. I nokre hektiske dagar kvar sommar er Førde eit verdssamfunn i miniatyr. Folk frå heile verda er samla i Førde og viser alle at fredeleg internasjonal sameksistens går an.

FESTIVALEN VISER AT det går an å samle folk frå heile verda når hovudtemaet er grunnleggande menneskelege verdiar som musikk og dans. Verdiar der gode følelsar som kjærleik og respekt for menneskeverdet står i sentrum. Når alle skjulte agendaer som politisk makt, økonomisk vinning, eller jakt på naturressursar er fråverande.

SYMBOLVERDIEN FOR FESTIVALEN vil berre auke. For det hjelper ikkje med all verdas rikdom og velstand når vi må leve med ein aukande fare for store konfliktar, klimaendringar og ekstremvêr forårsaka av grådigheitskultur og politikarar som prioriterer politisk makt, proteksjonisme og materiell vekst framfor menneskeverd og rettferdig fordeling av ressursar.

DET BLIR DIFOR stadig viktigare med symbol-arrangement som konkret viser kva for verdiar som eigentleg er dei viktigaste. Som viser at det finst mange menneske som veit dette. At det finst mange menneske som er villige til å kjempe for desse verdiane. Som vil bruke ressursane sine på arbeid som gradvis får fram det beste i menneska og som gradvis vil skape fred i verda.

DET ER DETTE Førdefestivalen har blitt eit symbol for. Det er dette som gradvis har blitt bygd opp gjennom eit nesten 30 år langt nitid arbeid leia av kvinner som heile tida har kjent på ein følelse av og ei forståing for at dei er med på noko stort og viktig. For utan denne følelsen, denne overtydinga, denne indre krafta og denne universelle energien kunne dei ikkje ha greidd det.

FØRDEFESTIVALEN HAR BLITT ein juvel som vi må ta godt vare på. Den får fram det beste i oss. Den hevar oss over det kvardagslege stresset som skuggar for dei eigentlege verdiane. Den set oss i kontakt med grunnleggande følelsar som er felles for alle menneske. Den får oss til å innsjå det vi alle inst inne eigentleg veit, – at berre respekt for menneskeverdet, kjærleik og empati kan skape varig fred i verda.

DET ER DIFOR viktig at vi alle støttar opp om festivalen. At det lokale næringslivet ser både målbare og ikkje målbare verdiar og bidreg med sponsormidlar. Ikkje minst at politikarane ser verdien av slike arrangement og gjev den støtta som skal til for å drive dei. Då vil festivalen, i tillegg til å skape mange gode musikkopplevingar, kunne halde fram med å vere eit lysande fredssymbol. Då vil den kunne sveve vidare slik at alle ser den. Fredsfestivalen vår.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags