Kvifor går det ikkje bybuss til Bruland, Sunde og Farsund?

VIL HA BYBUSS: Magnar Skorven tar til orde for å få bybyssen til å inkludere Sunde og Farsund.

VIL HA BYBUSS: Magnar Skorven tar til orde for å få bybyssen til å inkludere Sunde og Farsund. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFor nokre dagar sidan kom det ei gladmelding i nyheitene: Bybussen skal gå på søndagane.

Det er veldig bra, skal ein ha ein bybuss så bør den og gå om søndagane, skulle berre mangle.

Men det er ein ting eg ikkje forstår, kvifor går det ikkje bybuss til Bruland, Sunde og Farsundfeltet? På den strekninga er det nokre område med lite folk, men det bur mykje folk både på Sunde og i Farsundfeltet, og det bur ein del på Bruland og.

Så kan folk spørje, kvifor bybuss, det går jo ofte bussar forbi. Problemet er at desse bussane ikkje er berekna for nærtransport. Tenk ei småbarnsmor som skal på kontroll med ungen sin på helsestasjonen. Ikkje så enkelt å få med barnevogna inn på ein vanleg buss, men bybussen er det rom for barnevogn og det er enkelt å få ho om bord. Ho kan jo ta bilen seie ein kanskje då, men det er slett ikkje alle som har førarkort eller bil for den saks skuld. Og er det ikkje eit poeng at ein helst skal bruke offentleg transportmiddel? 

Denne diskusjonen var oppe å gjekk for ei tid tilbake og. Då kom det fram eit argument for at bybussen ikkje kunne køyre opp i Farsundfeltet, det var for trongt for bybussen vart det sagt. Det kan godt vere at det kunne ha vore betre tilrettelagt for bybuss, men samtidig har eg med mine eigne auge sett skulebussen køyre opp i Farsundfeltet, og den er større enn ein bybuss.

Eg vil tru at minst 90 prosent av dei som bur i området jobbar i Førde eller i den retninga, ville det ikkje vore fornuftig å fått nokre av dei til å ta bussen?

Ja, ein misser kanskje litt bompengeinntekter, men samtidig får ein mindre bilar i Førde.

No har ein laga eit flott anlegg på Moskog, viss det går etter planen vil det bli mange nye arbeidsplassar der. Då ville det sjølvsagt vere fornuftig å forlenge bybussen til Moskog, slik at dei som jobbar der kan ta bussen på jobb i staden for å bruke bilen.

Håpar politikarane ser kor fornuftig det er å utvide bybusstilbodet slik at ein kan ta bybussen frå Farsundfeltet, Sunde og Bruland og.  

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags