Kva er ein sterk næringslivsby?

NÆRINGSLIV: Olve Grotle skriv om korleis ulike analysar gir ulike svar. – Sidan det er vanskeleg å få med seg det totale bilde i desse undersøkingane, og dertil er så store sprik i vurderingane, må i alle fall nokre av desse møtast med sunn skepsis, skriv han.

NÆRINGSLIV: Olve Grotle skriv om korleis ulike analysar gir ulike svar. – Sidan det er vanskeleg å få med seg det totale bilde i desse undersøkingane, og dertil er så store sprik i vurderingane, må i alle fall nokre av desse møtast med sunn skepsis, skriv han. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Florø og Måløy er dei sterkaste næringslivbyane i Sogn og Fjordane, hevda den entusiastiske Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst i ein artikkel i Fjordenes Tidende nyleg.

Som støtte for påstanden viste ho til NHO sitt kommune NM 2018. Denne kåringa inneheld totalt fem temaområde, og område «Næringsliv» blir Flora og Vågsøy plassert øvst av alle kommunar i Sogn og Fjordane. Den største byen/kommunen i fylket, Førde, som faktisk har nesten har like mange arbeidstakarar i privat sektor (5 483) som Flora (3 786) og Vågsøy (2 279) har til saman, kjem derimot berre på ein 8. plass.

At Førde under temaområde «Arbeidsmarknad» i NHO sin rapport blir rangert som den 3. beste kommunen i landet, og dertil den 17. beste i landet når det gjeld tema «Kompetanse», har heller ikkje noko å seie når det gjeld NHO sin vurdering av næringslivet.

Denne veka kom Telemarkforsking sin årlege regionale analyse. Analysen tar for seg mange sider av Sogn og Fjordane, ikkje minst korleis det står til i arbeids- og næringslivet. Næringslivsindeksen – som har som formål å få fram om næringslivet går godt eller dårleg samanlikna med andre stader – opererer med fem område. Desse er: Produktivitet, Lønnsemd, Nyetableringar, Arbeidsplassvekst og Næringslivet sin storleik. I analysen kjem Førde på 1. plass i Sogn og Fjordane, medan Flora og Vågsøy kjem på 5. og 6. plass.

Kva er det som gjer at kommunane tilsynelatande blir vurdert så ulikt? Spørsmålet er ikkje lett å svare på. Noko kan skuldast at ein opererer med ulike definisjonar av næringsliv, at ein ikkje får med seg det totale bildeT, at ein ser på ulike sider ved dette, vektlegg ulikt eller det ligg føre andre forståelege grunnar. Andre grunnar synest meir vanskeleg å forstå, og ser ut til å kvile på nesten politiske oppfatningar.

NHO sitt temaområde «Næringsliv» - kor altså Flora og Vågøy kom så godt ut - bygger på fire enkeltindikatorar: Næringslivsvariasjon, inntektsnivå, privat sysselsetting og kommunen sine kjøp av private tenester. Dei to første indikatorane er både logiske og forståelege. Når det derimot gjeld omfanget av ein kommune sitt kjøp av private tenester, er samanhengen dette har med eit sterkt eller svakt næringsliv svakare.

Når det så gjeld indikatoren privat sysselsetting, ser NHO og Telemarkforsking til og med ut til å ha heilt ulike vurderingar. Hos NHO er det med indikatoren privat sysselsetting, meint sysselsette sin prosentdel av dei totale sysselsette. Tankegangen er her at næringslivet i kommunen blir sterkare til større prosentdel private sysselsette kommunen har. Det må vere lov til å stille spørsmål ved kor haldbart dette er, noko eit tenkt eksempel kan illustrere: Ein kommune som får nedlagt t.d. ein høgskule (med offentlege arbeidsplassar), vil straks få ein høgre prosentdelen private sysselsette av dei totale sysselsette. Men næringslivet får vel ikkje noko større omfang eller styrke av det?

Telemarkforsking ser på privat sysselsetting på ein måte som er meir forståeleg. Her blir det under temaet næringslivet sin storleik, sett på talet på private sysselsette i forhold til talet på innbyggarane i kommunen. Talet på sysselsette i offentleg sektor er altså ikkje ein del av vurderinga om næringslivet har stort omfang eller er sterkt.

Forskjellen i analysane gjer altså at det same talet på private sysselsette i Førde slår positivt ut hos Telemarkforsking, medan det slår sterkt negativt ut hos NHO.

Utover (med rette) å snakke varmt om næringslivet i dei to kystbyane, var Randi Paulsen Humborstad sitt bodskap i artikkelen i Fjordenes Tidende at Vågsøy bør får fleire statlege (offentlege) arbeidsplassar. Paradoksalt nok vil ei oppfylling av dette ønsket, automatisk føre til at kommunen taper i NHO si Næringslivs-rangering. Det er vanskeleg å forstå at dette kan vere rett.

Rapportar og undersøkingar om samfunna våre – og ikkje minst materiale om korleis utviklinga går – er viktige reiskap for politikarar og andre samfunnsaktørar. Ikkje berre for å gjere best mulige vedtak, men òg når ein skal nå ut med informasjon til folk. Sidan det er vanskeleg å få med seg det totale bilde i desse undersøkingane, og dertil er så store sprik i vurderingane, må i alle fall nokre av desse møtast med sunn skepsis. Så får heller Randi Paulsen Humborstad, eg og andre få litt slingringsmon når vi likar å skyte av kommunane våre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags