DEBATT: Nedlegginga av 09.10-avgangen må reverserast!

FLYRUTER: – Meldinga som kom tidlegare denne veka om nedlegging av 09.10-avgangen mellom Førde og Oslo var knapt til å tru, skriv Stian Hårklau ved Airlift.

FLYRUTER: – Meldinga som kom tidlegare denne veka om nedlegging av 09.10-avgangen mellom Førde og Oslo var knapt til å tru, skriv Stian Hårklau ved Airlift. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Meldinga som kom tidlegare denne veka om nedlegging av 09.10-avgangen mellom Førde og Oslo var knapt til å tru. Som leiar av Airlift veit eg både av eiga erfaring, men ikkje minst på vegner av Airlift, kor viktig denne avgangen er.
 

Dei aller fleste dagar i veka har vi tilsette som nyttar seg av denne avgangen. Dette i forbindelse med møter i Oslo, reiser vidare til samarbeidspartnarar i andre delar av verda, eller tilsette som skal heim etter avslutta arbeidsperiode på Bringeland. Ei nedlegging av denne avgangen har såleis store konsekvensar.

I Airlift går det veldig bra om dagen, og vi vil om kort tid presentere dei beste økonomiske resultata i selskapet si historie. I tillegg satsar vi tungt på utvikling av ny grøn luftfartsteknologi gjennom vårt deleigde selskap Airlift Solutions. Dette klarar vi fordi vi har eit tungt kompetansemiljø på luftfart, og tilsette med spisskompetanse. Veldig mange av desse pendlar til Bringeland frå andre delar av landet.

Eit av områda vi slit med er å rekruttere teknisk kompetanse til vedlikehald av våre helikopter, dersom vi no må tilby våre tilsette endå dårlegare reiseruter når dei skal heim, så vil dette skape store utfordringar for oss over tid.

Skuffelsen og frustrasjonen blei endå større etter å ha lese Widerøe sitt ytst arrogante svar om at dette ikkje er ei nedlegging. Reint kommunikasjonsmessig håpar eg dette er ein glipp.

Her må næringsliv og politikarar gje klar melding om at dette aksepterer vi ikkje.


 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags