Svar frå «utfordraren»

FJELLET: Engebøfjellet sett frå vest.

FJELLET: Engebøfjellet sett frå vest. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Konkurranse vil uansett gjere prosjektet i Engebøfjellet betre, skriv Stian Thingnes.

DEL

Debatt Eg ser, av innlegget til Reidar J. Hansen den 27. juni, at Arctic Mineral Resources (AMR) sitt forslag til drift blir oppfatta av han som eit tjuveri av Nordic Minings (NOM) arbeid og planar. Eg er fortalt at nokon aksjonærar i NOM kan oppleve det slik.

Eg som innbyggjar i Vevring opplever det heilt motsett. Når eit selskap lagar planar for å ta ut granat og selje den utan først å snakke med dei som bur der og faktisk eig førekomsten, blir det opplevd som tjuveri. I alle høve når dei veit at granat ikkje berre er eit nødvendig biprodukt av rutilproduksjon, men er eit mineral som kan drivast aleine.

Stian Thingnes.

Stian Thingnes. Foto:

Slik eg som innbyggjar i Vevring, grunneigar og medeigar av AMR ser det har vi endeleg fått gjennomslag for vårt arbeid for å beskytte fjorden og lokalsamfunnet vårt, samstundes som vi genererer arbeidsplassar. Folk i Vevring og langs Førdefjorden har lenge jobba for å unngå ope dagbrot og fjorddeponi. Då vi vart presentert for gjennomførbare planar med sikre aktørar og god økonomi, utan dei mest negative miljøulempene for bygda og fjorden, valte vi å gå for det. Med tanke på at verksemda gir like mange arbeidsplassar, over lengre tid, betre ressursutnytting ved å lagre restmineral i fjell i forhold til Nordic Minings prosjekt, er valet for meg enkelt.

Slik situasjonen er no har Nordic Mining rettar til grunneigars mineral på austsida av fjellet, og AMR har rettane på vestsida. Granat er grunneigars mineral og utgjer omtrent 75 prosent av verdiane i forhold til rutil med dagens pris, og einaste mineral som kan drivast aleine. På vestsida har aldri Nordic mining vist interesse for å snakke med grunneigarar om å erverve rettar for mineral. Dei har heller aldri drive leiting eller prøveboring på denne sida. Prøveboring vart gjort av NGU og Conoco lenge før Nordic Mining vart oppretta (det er difor ikkje på kostnad av NOM som Hansen skriv). At det var ein stor førekomst av granat har også vore kjent like lenge. Det vi som grunneigarar ikkje kjente til var at det var vi som rådde over dette mineralet, og ikkje staten. Difor føler vi oss frårøva når eit selskap prøvar å vinne ut og selje noko som vi eig, utan først å spørje om lov.

AMR planlegg altså drift på eigne mineral som vart kartlagt av NGU i samarbeid med Conoco på vestsida av Engebøfjellet. Direktoratet for mineralforvaltning vil ta alle avgjerder i spørsmål om drift og kven som presenterer den beste planen for uttak. Truleg blir AMR og Nordic Mining bedne om å samarbeide for å få til ei drift som blir det beste for miljø, samfunn og økonomi.

Om alt hadde vore klart og avgjort ville ikkje NOMs aksjonærar eller vi i AMR brukt tid på å skrive lesarinnlegg. Konkurranse vil uansett gjere prosjektet i Engebøfjellet betre. No må Nordic Mining også tenke nytt, då dei ikkje lenger kan etablere deler av dagbrotet og seinare undergrunnsdrift på våre eigedommar slik dei hadde planar om. Kanskje dette er bra for NOM, då også investorar blir meir opptekne av omdømme og miljø.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags