Motstand mot fjorddeponi – eit ungdomsopprør?

HEIAR: Joril Viken Sandnes heitar på det ungdommelege engasjementet rundt Engebøfjellet. Bildet er frå aksjon mot gruveprosjektet på Engebø i 2016.

HEIAR: Joril Viken Sandnes heitar på det ungdommelege engasjementet rundt Engebøfjellet. Bildet er frå aksjon mot gruveprosjektet på Engebø i 2016. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Første gong eg vart kjend med uttrykket «berekraftig utvikling» var i samband med Gro Harlem Brundtland og Brundtlandkommisjonen sin rapport «Vår felles framtid» (1987).

Gyldendals store leksikon definerer det slik: «Berekraftig utvikling er ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydelegge framtidige generasjonars moglegheiter til å tilfredsstille sine behov».

Det er difor med stor undring eg las referatet frå møtet i Vestland arbeidarparti i Firda 28.01.19. Eg er sjølv medlem i Arbeidarpartiet og er veldig stolt over at mitt lokallag i Førde har jobba aktivt og godt mot fjorddeponi.

Fire fylkesårsmøte i Arbeidarpartiet har stemt for Nordic Mining sitt gruveprosjekt med tilhøyrande fjorddeponi. Kan hende det no er tid for å sette krav til at miljøvenleg handtering av avfallsmassane også vert teke inn i prosjektet. I så fall er ein omkamp av det gode.

Det vert argumentert for kor ufarleg deponiet er, men kvifor vert det ikkje forska på kva avfallet kan nyttast til? Eg personleg mistenker at utvinnar er mest oppteken av inntektene og mindre interessert i utgiftene som vidare forsking på dette vil medføre. For meg er det vanskeleg å tru at fint oppmalt steinstøv tilsett kjemikaliar er bra for fjorden, korkje på kort eller lang sikt.

Ureining av hav har nasjonalt og internasjonalt fokus. Forureina sjøbotn og miljøgifter i hav og hamnebasseng får stor merksemd og oppryddinga er kostnadskrevjande. Plastrydding har fått fram mykje god dugnadsvilje blant born og vaksne. Sekkar med boss av alle slag er henta på land og kan handterast på ein forsvarleg måte. Dette er meiningsfylt, men ein vert litt forstyrra i dei gode tankane av å vite at litt utanfor i fjorden har styresmaktene tillate å lempe store massar tilsett miljøgifter.

I denne saka handlar det også om tillit for meg. Det vert hevda at prosjektet er greia ut av dei fremste fagfolk.

Ja, kan eg stole på det? Etter som eg kjenner til har det vore ulike meiningar og resultat som er framlagt. Havforskingsinstituttet er dei eg har mest tillit til når det gjeld kunnskap om hav og sjø. Og eg trur det skulle bli vanskeleg å finne forskarar på marinbiologi og fiskeliv som jublar over fjorddeponiet. For min tillit betyr det noko kven som har bestilt rapporten. Kombinasjonen av økonomiske, politiske og faglege interesser gjer meg mistenksam.

Det at vi kjenner avmakt, er den største trusselen mot eit folkeleg miljøengasjement.

Eg reagerer kraftig på at kritiske argument og spørsmål om deponi vert framsett som ungdomsopprør. Likeins vert det framsett som utidig innblanding at bergensarane uttalar seg i dette. Ja, om vi er så nærblinde at vi ikkje ser verdien av ein rein fjord i eige nærmiljø, gler eg meg over at nokon ser det annleis.

På bakgrunn av ønskje om eit berekraftig prosjekt i Engebøfjellet, heiar eg på det ungdommelege engasjementet!

Dette er ei sak som har så store framtidige konsekvensar at vi truleg skulle gje dei ei dobbeltstemme!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags