DEBATT: Nordic Mining skal aldri få øydelegge Førdefjorden

AKSJON: – I 2016 var me over 100 personar som lenka seg fast og stansa boremaskiner på Engebøfjellet, i minusgradar og snøstorm på ein forblåst fjelltopp, skriv innsendaren.

AKSJON: – I 2016 var me over 100 personar som lenka seg fast og stansa boremaskiner på Engebøfjellet, i minusgradar og snøstorm på ein forblåst fjelltopp, skriv innsendaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarI Firdas leiar 7. februar gir avisa inntrykk av at nå som Nordic Mining har søkt om driftsløyve til gruveprosjektet sitt i Vevring, vil dei i løpet av kort tid vere i gang med dumping av gruveslam i Førdefjorden. I og med at søknaden om driftsløyvet ikkje er offentleg enno, må ein lure korleis avisa kan trekke slike konklusjonar. For det er ei rekke grunnar til at Nordic Mining aldri vil få gjennomført prosjektet sitt.

Det siste året har grunneigarane i Vevring gått saman om eit alternativt selskap – Arctic Mineral Resources – som vil bruke den lovfesta retten sin til å vinne ut mineral. Utan å kappe toppen av fjellet og dumpe 250 millionar tonn gruveslam i fjorden slik Nordic Mining vil. Dette bør vere eit tydeleg signal til politikarane om at dei ikkje kan godta Nordic Minings planar. Det finst alternativ.

Nordic Mining har kraftig nedskalert anslaga sine for arbeidsplassar og levetid på gruva. Då dei fekk lov til å dumpe giftig gruveslam i fjorden i 2015 var føresetnaden at gruva ville skape 170 lokale arbeidsplassar i 50 år. Nordic Minings siste anslag er at det nå er 110 arbeidsplassar i 29 år – over ei halvering i tal årsverk. Å øydelegge fjorden ville vore gale uansett, men når Nordic Mining har halde politikarane for narr ved å love fleire arbeidsplassar enn dei faktisk kan gi, må prosjektet vurderast på nytt.

Agnar Kvellestad som forskar på fiskehelse ved Norges Miljø- og biovitskaplege universitet har òg peika på at risikoen for spreiing av slam og skadane ved kjemikaliebruk er grovt undervurdert. Havforskingsinstituttet har også kritisert modellane Nordic Mining har basert seg på, dei er for enkle og undervurderer at slammet vil spreie seg mykje meir enn forventa.

I 2017 gjorde Havforskingsinstituttet kartleggingar av livet på botnen av Jøssingfjorden i Rogaland, kor ein dumpa gruveavfall fram til 1984. Sjølv nå, meir enn 30 år seinare, er det nesten ikkje liv på fjordbotnen. Det står i sterk kontrast til Nordic Mining og regjeringas påstandar om at det vil ta fem til ti år før livet på fjordbotnen er tilbake. Det er ein grunn til at det berre er fem land i verda som tillèt dumping av gruveslam i sjø, og nå bør ikkje Noreg gjenta feil frå fortida.

Det har kome mykje ny kunnskap om kor skadeleg dumping av gruveavfall i Førdefjorden vil vere sidan kommunestyra i Naustdal og Askvoll vedtok Nordic Minings planar, og sidan regjeringa gav løyve til å dumpe avfallet i fjorden. Når ein får ny kunnskap, som endrar heilt på saka, må politikarar ombestemme seg. Nordic Mining har nå søkt om driftsløyve til gruva, men dette er ikkje, som Firda gir inntrykk av, det same som at dei nå kan starte opp. Nordic Mining manglar enno finansiering, løyve til kjemikaliebruk og i tillegg kan dei ikkje ta frå grunneigarane retten til å velje korleis dei vil vinne ut minerala på eigedommen deira.

Som Firda-leiaren sjølv peikar på er det rørsle i fleire parti om saka, og det er merkeleg avisa konkluderer med ei skjebnetru på at nå vil det bli gruvedumping, uansett. Faktum er jo at Nordic Mining ikkje har brei støtte. Då Naustdal kommune røysta over mineralstrategi i fjor, som ville legge til rette for Nordic Mining, var det eit knappast mogleg fleirtal på 11 mot 10 røystar som avgjorde at den blei vedtatt. Vestland AP er eit av partia som nå går i retning mot ein meir fornuftig politikk for gruvedrift i Noreg.

Nye Sunnfjord kommune står fritt til å omgjere Nordic Minings planar. Politikarane står enno i si fulle makt til å lytte til havforskarar, laksefiskarar, fjordfiskarar, reiselivsbedrifter og grunneigarar og stanse den største miljøkatastrofen i nyare tid, og det bør dei gjere!

Som leiarartikkelen i Firda skriv er det fleire som vil ta til sivil ulydnad for å stanse prosjektet dersom det kjem til byggestart. Firda uttrykker bekymring over om slike aksjonar kan kome ut av kontroll. Her kan me forsikre avisa om at det vil dei ikkje.

I 2016 var me over 100 personar som lenka seg fast og stansa boremaskiner på Engebøfjellet, i minusgradar og snøstorm på ein forblåst fjelltopp. Men me hadde ingen ulykker eller vonde opplevingar (utanom blaute sko) i løpet av tre veker med aksjonar. Me hadde god kontakt med politiet, som trass i å arrestere og bøtelegge oss gong på gong, oppførte seg eksemplarisk. I tillegg til å stanse Nordic Mining så lenge, så er det at aksjonane gjekk så knirkefritt noko av det me er mest nøgde med. I miljørørsla i Noreg har me tradisjon for å gjennomføre sivilt ulydige aksjonar med openheit og ikkjevald. Dersom nokon ikkje vil følge desse sentrale prinsippa kan dei ikkje vere med, me tolererer ikkje hærverk eller hets.

Firda skriv «Men den dagen Nordic Mining startar drifta, og alt tyder på at den dagen kjem, kan ingen vere i tvil om at dei i alle fall politisk og juridisk har retten på si side». Her burde avisa vite betre.

Det er fullt mogleg å øydelegge naturen innanfor dagens politiske og juridiske system, men det betyr ikkje at det er rett å gjere det. Og det er og grunnen til at det i skrivande stund er 2900 som har skrive seg på liste og sagt seg villige til å aksjonere. Dette vil vere eit for stort overgrep mot naturen til at me kan stå på sidelina og sjå på. Førdefjorden får dei aldri, fjorden skal leve!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags