Det er vårt bord

Ulovleg teinefiske fleire stadar i hummarfredningssona i Sognefjorden.

Ulovleg teinefiske fleire stadar i hummarfredningssona i Sognefjorden. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

DebattAvisa Firda har i det siste hatt eit par saker og ein leiar om ei tilsynelatande ansvarsfråskriving frå Fiskeridirektoratet si side i samband med tips om ulovlege teiner i eit nyoppretta hummarfredingsområde i Høyanger. I den samanheng kjenner vi eit behov for å kome med nokre oppklaringar og samstundes gjere det klart at Fiskeridirektoratet tar ansvar for denne saka og slår fast at det er vårt bord!

Saka dreier seg om tips om ulovlege teiner i hummarfredingsområde i Høyanger kommune. Både politiet i Høyanger og Fiskeridirektoratet fekk tips om at det var umerka reiskap i fredingsområdet. Fiskeridirektoratet er hovudansvarleg for forvaltning av og kontroll med dei norske fiskeria. For å få utført jobben vår på kontroll så godt som mogeleg har vi eit tett samarbeid med politi, Statens naturoppsyn (SNO) og Kystvakta. Det er også tilfellet her, sjølv om det ikkje kjem fram i Firda. Vi kan avkrefte at det er nokon som helst krangel mellom Fiskeridirektoratet og politiet i denne saka.

Det står ikkje på viljen vår når folk opplever at vi ikkje tar tak i ting, men vi når rett og slett ikkje over alt – av ulike årsaker. Så kan det også hende at avisa Firda også sviktar litt i si framstilling. I denne konkrete saka vart vi samde med politiet og SNO sin representant i Sunnfjord om at SNO skal følge opp tipset saman med Fiskeridirektoratet så snart kapasiteten er på plass. Det er nemleg slik at korkje vi, politiet eller SNO kan følge opp alle saker, og heller ikkje alltid straks følge opp saker vi vil gå vidare med. Alt er avhengig av kapasitet og tilgjengelege ressursar. Men dette er eit tips som vi vil følge opp i samarbeid med både SNO og politiet.

Vi er samde med Firda i at hummaren er ein truga art som det er naudsynt å verne gjennom ulike reguleringstiltak. Også andre artar på kysten og i fjordane våre krev ekstra merksemd og vi kan forsikre om at dette er eit ansvar vi tek svært alvorleg.

Slik saka er framstilt både i artiklane og i leiaren vil folk få inntrykk av at vi ikkje tar vårt eige regelverk så nøye, og heller ikkje er spesielt interessert i å følge opp tips frå publikum. Vi mottar mange tips kvar dag og vi er glade for at publikum tar kontakt med oss. Vi er heilt avhengige av tips for å kunne bidra til å redusere kriminalitet i fiskeria. Og vi agerer med bakgrunn i tips. For å understreke poenget har vi til og med ein eigen døgnbemanna vaktsentral som i tillegg til å både overvake og yte sørvis til fiskerinæringa, også mottar og formidlar vidare tips om ulike hendingar, alt frå rømming av oppdrettsfisk til bruk av ulovlege reiskapar.

Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet.

Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags