Lett å overdrive forventningane til dei økonomiske ringverknadane av arrangement

PUBLIKUM: – Av dei 4600 personane som deltok på Førdefestivalen 2015, var om lag halvparten busette i Førde eller i Sunnfjord. Desse må vi utelate når vi skal seie noko om økonomiske ringverknader, fordi dei vil då bruke pengar i Sunnfjord uansett, skriv kronikk-forfattarane.

PUBLIKUM: – Av dei 4600 personane som deltok på Førdefestivalen 2015, var om lag halvparten busette i Førde eller i Sunnfjord. Desse må vi utelate når vi skal seie noko om økonomiske ringverknader, fordi dei vil då bruke pengar i Sunnfjord uansett, skriv kronikk-forfattarane. Foto:

Av

Omtalar av kjende og mindre kjende arrangement vert gjerne følgt av påstandar om høg oppslutnad og store økonomiske effektar. Dei fleste overdriv.

DEL

Kronikk

Vi har alle høyrt forteljinga om geitekillingen som hadde lært å telje til ti. Eventyret lærte oss at det av og til er viktig å telje, og at det nokre gonger også er viktig å telje rett. Nokre gonger vert vi også sjølve talde. Til dømes når vi er til stades på festivalar og arrangement. Vi kan verta talde både ein eller fleire gonger, alt ettersom. Måtane vi vert talde på, har konsekvensar for historia om arrangementet og forventningane til kva økonomiske ringverknader arrangementet kan gje.

Landsskyttarstemnet og Førdefestivalen

Svært ofte kan vi i den offentlege debatten sjå synspunkt om at dei økonomiske ringverknadane av festivalar og idrettsarrangement er store. Gjennom eit større forskingsprosjekt som er gjennomført i regi av Høgskulen på Vestlandet, og intervju av til saman 2600 tilskodarar og deltakarar ved tre ulike typar arrangement, veit vi no meir om dette. Resultat frå noko av denne forskinga er no publisert i eit internasjonalt leiande vitskapeleg tidsskrift.

Forskinga ved høgskulen er knytt til tre kjende norske arrangement. Fyrste arrangement var verdscuprenna i hopp i Holmenkollen, Vikersund og Granåsen i 2013. Det andre var Førdefestivalen 2015, og det tredje var Landsskyttarstemnet i Førde i 2017. Deltakarar og publikum vart intervjua om korleis dei nytta pengar og om ulike faktorar knytt til motivasjonen for å delta.

Forskingsarbeidet syner at festivalar og arrangement er svært ulike og at folk kan bruke pengar på svært ulikt vis på ulike typar arrangement. Vidare ser vi at måten deltakarane på arrangementa vert talde på, er avgjerande for kva historie som kan forteljast i etterkant.

Kor mange personar kjem eigentleg?

På Førdefestivalen er det, ifølge årsmeldinga, kvart år om lag 28.000 besøkande. Studien vår synte at deltakarane på festivalen i gjennomsnitt deltek på i overkant av seks konsertar, så dersom vi reknar dette om til tal unike individ vert det rundt 4600 personar. Det vert to heilt ulike historier om ein reknar dette som 28.000 besøkande eller 4600 personar. Men oppslutnaden om festivalen er altså den same.

FOLKEDANS: – På Førdefestivalen er det, i fylgje årsmeldinga, kvart år om lag 28.000 besøkande. Studien vår synte at deltakarane på festivalen i gjennomsnitt deltek på i overkant av seks konsertar, så dersom vi reknar dette om til tal unike individ vert det rundt 4600 personar. Det vert to heilt ulike historier om ein reknar dette som 28.000 besøkande eller 4600 personar. Men oppslutnaden om festivalen er altså den same, skriv kronikkforfattarne.

FOLKEDANS: – På Førdefestivalen er det, i fylgje årsmeldinga, kvart år om lag 28.000 besøkande. Studien vår synte at deltakarane på festivalen i gjennomsnitt deltek på i overkant av seks konsertar, så dersom vi reknar dette om til tal unike individ vert det rundt 4600 personar. Det vert to heilt ulike historier om ein reknar dette som 28.000 besøkande eller 4600 personar. Men oppslutnaden om festivalen er altså den same, skriv kronikkforfattarne. Foto:

Dersom ein skal seie noko om dei økonomiske ringverknadane av festivalen, er det heilt avgjerande korleis deltakarane vert talde. Legg vi offisielle publikumstal til grunn (28.000), kan vi rekne ein direkte økonomisk effekt (dette er alt forbruk med unntak av overnatting, reiser og billettar) av festivalen i Førde på over 10 millionar kroner. Legg vi derimot tal personar til grunn (4600), vert effekten redusert til om lag 2 millionar kroner. Det er altså viktig å telje rett.

Å telje dei same deltakarane fleire gonger er ikkje noko som er unikt i Førde. Når publikum på fotballkampar i eliteserien vert talde, vert selde sesongkort gjerne først telt før ein byrjar å telje dei som er på tribunen. Men mange av desse er dei same som har sesongkort, og blir dermed telte fleire gongar. Ein studie nokre år attende undersøkte påstanden frå London Maraton om 750.000 tilskodarar. Studie av flyfoto synte at det var mange av dei same personane som flytte seg rundt langs løypa. Dei vart altså også talde fleire gonger.

Ulikt publikum, ulikt forbruk

Fenomenet er såleis universelt, utbreitt over heile verda. Likevel, nokre gonger er det viktig å telje rett. Det er særleg dei gongene som omhandlar ulike økonomiske resonnement. Og særleg dei gongene publikumstal vert lagde til grunn for offentlege løyvingar eller sponsormidlar.

Skal vi seie noko om økonomiske ringverknader av eit arrangement, er det fleire ting det er viktig å telje, og å telje rett. For det fyrste er det systematiske forskjellar i kor mykje publikum for dei ulike arrangementa forbrukar per dag. Gjennomsnittleg dagleg forbruk per person er over 2,5 gonger høgare på Landsskyttarstemnet i 2017 enn kva det var på Førdefestivalen 2015.

VERKNADANE: – Det er lett å overdrive forventninga til oppslutninga om arrangement, og kva økonomiske ringverknadar arrangementet kan gje. Store arrangement er ikkje alltid så store som vi trur, skriv forskarane.

VERKNADANE: – Det er lett å overdrive forventninga til oppslutninga om arrangement, og kva økonomiske ringverknadar arrangementet kan gje. Store arrangement er ikkje alltid så store som vi trur, skriv forskarane. Foto:

For det andre kan vi ikkje telje med alle dei 4600 personane som var på festivalen. Av dei 4600 personane som deltok på Førdefestivalen 2015, var om lag halvparten busette i Førde eller i Sunnfjord. Desse må vi utelate når vi skal seie noko om økonomiske ringverknader, fordi dei vil då bruke pengar i Sunnfjord uansett. Vidare vil det ofte vera deler av publikum som har flytta ei planlagd reise for å vera med på festivalen. Festivalen medfører at ein flytter tidspunktet for reisa, men ikkje at ein reiser meir. Denne typen deltakarar må ein også late vere å telje. I studien vår utgjorde denne gruppa knappe 200 personar.

Ei realitetsorientering

Den siste gruppa med tilskodarar eller publikum vi må la vere å telje, er dei som hadde reist til arrangørstaden uansett. Tilfeldigvis er dei i Førde samstundes med festivalen. Også denne gruppa utgjer i underkant av 200 personar på Førdefestivalen, medan den er knapt målbar på Landsskyttarstemnet.

Forskinga syner at økonomiske verknader av arrangement avheng av fleire faktorar. Det er lett å overdrive forventninga til oppslutninga om arrangement, og kva økonomiske ringverknadar arrangementet kan gje. Store arrangement er ikkje alltid så store som vi trur.

Denne forskinga er finansiert av «Strategisk forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane». Forskingsprogrammet er ei felles satsing mellom Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune, fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking og reiselivsnæringa i fylket.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags