Politikk eller polemikk?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Naustdal har diverre spelt ut si politiske rolle. Eller kanskje skuta framleis kan rettast opp, spør Ole Erik Thingnes.

DEL

LesarbrevDet er ikkje dumt å få passet påskrive frå «sidelinja» att i blant. Mykje sant i det Frode Grimelid skriv i kommentaren i Firda 26.06, og karikaturen er fantastisk bra!

Eg er aldeles samd i at Naustdal treng hjelp i sakene som omhandlar mineralnæring i kommunen. Her er mykje kultur/ukultur som er vanskeleg å bryte gjennom. Til ettertanke for alle og ein kvar. Fellesnemnda for Sunnfjord kommune bør snarast ta tak i dette.

Eg tenkjer mykje av grunnen til at stemninga i kommunestyret har vorte slik, er mangel av arena for konstruktiv debatt. Debatten har stort sett fått føregå andre stader. Det har oppstått eit vakuum i kommunestyret som får fritt utløp so snart der dukkar opp ein anledning. Det er ikkje bra. Det er slike saker vi har «politisk dag» for.

Eg trur mykje kunne vore unngått om politikarane hadde sett seg i lag og diskutert den «mineralske» framtida, litt meir uformelt. Det burde vore gjort frå starten av, og ikkje minst etter Nordic Mining kom på bana i 2006.

Politikarar er menneske som alle andre. Alle treng å få treng å få testa ut synspunkta sine, og få andre sine innspel og tankar til ettertanke. Når debatten føregår under tidspress, og der alt skal stemmast over til slutt, gjer det dårlege rammer for læring.

Eg også tenkjer at dette no bør skje i fellesnemnda, og i den nye kommunen. Naustdal har dessverre spelt ut si politiske rolle. Eller kanskje skuta framleis kan rettast opp?

Når det gjeld mi, og SV si rolle, so er det nok noko meir balansert enn det kan virke som her, men det er då også grundig dokumentert i sakshandsaminga. Ikkje at det hjelp det grann i denne situasjonen, men mykje kunne vore annleis om dei kritiske stemmene vart høyrde, ikkje berre avfeia som «miljøfanatisme» og motstand.

Dei gode løysingane kjem som oftast til av kompromiss og forhandling. Det har det vore lite av i den politiske handsaminga i Naustdal dessverre.

Når det gjeld det nye selskapet sitt inntog, beviser dei berre ein ting: Der finnast alltid alternativ. Om dei har noko å fare med vil tida vise.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags