Utfall på radioen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Kjell Opheimshaug uttrykker irritasjon over hyppige utfall på radioen i Firda 21 juni.


Vi forstår godt at stadige avbrot i radiolyttinga er irriterande. Opheimshaug seier ikkje kva kanalar han lytta til då han var på biltur. Det er forskjell på dekninga til NRK og dei kommersielle kanalane i nokre av områda Opheimshaug nemner. For NRKs del er det god dekning alle stadene, bortsett frå strekninga over Gaularfjellet, her er signala litt svake.

Ei mogleg forklaring på utfalla Opheimshaug opplevde (gitt at han lytta til NRK) då han var Innvik, Stryn og Loen er at bilradioen (eller adapteren) tok inn signal frå DAB-sendarar i Møre og Romsdal. Sidan desse sendarane står lengre unna, er signala er svakare og utfall blir meir sannsynleg. Mange radiomottakarar i bil har funksjonen «service following» (også kjent som «automatisk frekvensskifte»). Denne funksjonen gjer at sjåføren ikkje treng å manuelt søke opp kanalen det blir lytta til, når han køyrer inn i eit område der kanalen blir sendt på ein anna frekvens. I Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blir ikkje NRKs kanalar sendt på dei same frekvensane.

Ein måte for Opheimshaug å unngå at radioen/adapteren skiftar frekvens når han køyrer i desse områda er å slå av funksjonen service following. Då forblir radioen på «Sogn og Fjordane-frekvensen» (NRK Reg4 HoSoFj, blokk 12B). Vi håper dette hjelper og ønsker Opheimshaug ein god radiosommar. Vi oppfordrar alle til å ta kontakt med NRK Publikumsservice (skriv til info@nrk.no eller ring 23047000) ved spørsmål eller problem.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken