Mytar og fakta om Guleslettene Vindpark

LANGEVATN: –  Sjølv om vi ikkje klarer å imøtekomme alle kommunens ønsker opplever vi samstundes at det er ein god tone, og ein respekt for einannan i arbeidsmøta med både Bremanger og Flora kommune, skriv innsendarane.

LANGEVATN: – Sjølv om vi ikkje klarer å imøtekomme alle kommunens ønsker opplever vi samstundes at det er ein god tone, og ein respekt for einannan i arbeidsmøta med både Bremanger og Flora kommune, skriv innsendarane. Foto:

Av
DEL

MeiningarGrunneigarane og kommunane blir tekne på alvor av utbyggjaren på Guleslettene. Men det er ein heilt anna historie som kjem fram i media.

Det har i løpet av dei siste månadane vore ein rekke lesarinnlegg og artiklar om vindparken på Guleslettene. Fredag 5. oktober kunne vi lese på leiarplass i Firda at «verken kommunar eller grunneigarar føler seg tekne på alvor av utbyggjar». Dette gjev eit veldig feil inntrykk av det som er verkelegheita og vi har behov for å komme med nokre klargjeringar.

Grunneigarar opplever prosessen som grundig.

Som utviklar og no utbyggar av vindparken på Guleslettene har Zephyr hatt eit svært godt samarbeid med grunneigarane på Guleslettene. Det heile starta i 2007. Då hadde selskapet ei rekke møter med grunneigarane og konkurrerte med andre utviklarar om å få inngå leigeavtale med dei. Saman med småkraftselskapet Elkem Fornybar Energi skipa vi selskapet Guleslettene Vindkraft i 2008 som vann grunneigaranes tillit og inngjekk leigeavtale med dei.

Dei 55 grunneigarane til Guleslettene er organisert gjennom eit forhandlingsutval. Utvalet opptrer på vegner av grunneigarane både i forhandlingar og ved grunneigar-spørsmål. Forhandlingsutvalet har i motsetning til kva Firda skriv, opplevd prosessen med Guleslettene Vindkraft og Zephyr som svært ryddig og skikkeleg, og det er difor med undring at ein no les at vi ikkje blir tatt på alvor.

Vi tek kommunane på alvor.

I desember 2011 gav Flora bystyre si støtte til at det vart gjeve konsesjon til vindparken på Guleslettene med 22 mot 13 stemmer. I januar 2012 gav Bremanger kommunestyre si samrøystes støtte til prosjektet. Det skulle gå ytterlegare fem år før det kom ein endeleg konsesjon og nesten sju år til bygginga av anlegget kunne starte opp i 2018.

Begge kommunar har skrive i sine vedtak at dei ønskjer at ein unngår «dei høgaste toppane og dei ytste kantane slik at landskapsverknadene vert redusert». Den vindfulle delen av Guleslettene består nesten berre av toppar og kantar.

Det har derfor vore ei vanskeleg oppgåve å finne turbinplasseringar som tilfredsstiller begge kommunar sine ønskjer. I utgangspunktet prøvde Zephyr å plassere turbinane mest mogleg på Bremanger-sida av Guleslettene slik at den visuelle effekten frå Florø skulle bli minst mogleg.

Det viste seg då at vindforholda i området Skudalsnipa/Botnanipa – den nordvestre delen av planområdet – var for ekstreme til at turbinane kunne bli plasserte der. Difor måtte vi plassere turbinar rundt Slettevarden i Flora kommune. Sidan heile området rundt Skudalsnipa/Botnanipa dermed er utan turbinar, har vi enda opp med eit kompakt anlegg der vi har spart ni kvadratkilometer for inngrep av det totale planområdet på 29 kvadratkilometer. Det er viktig for oss å presisere at vi held oss innanfor det konsesjonsgjevne området.

I Flora kommune si handsaming av konsesjonssøknaden står det i sakshandsaminga til Bystyret at ein kan byggje inntil 65 vindturbinar som vil gje ein årleg produksjon på 500 GWh. No blir det bygt eit anlegg på 47 turbinar som vil gje ein årleg produksjon på over 700 GWh.

I konsesjonssøknaden i 2011 var det nytta den turbin som då var mest aktuell som døme på korleis vindparken kunne bli bygd. Det står tydeleg i søknaden at det kan « ...være aktuelt å endre turbinplasseringene i forhold til det som er vist i eksempelløsningen ….». Det burde såleis ikkje komme som noko overrasking at vi sju år etter at konsesjonssøknaden vart skrive, endar opp med ein annan turbintype og ei anna turbinplassering enn det som er vist i konsesjonssøknaden. Ved å sjå på andre konsesjonssøknadar, vil ein finne tilsvarande endringar som følge av detaljplanlegging og teknologisk utvikling.

Administrasjonen i Flora kommune skreiv i si sakshandsaming at «Guleslettene Vindkraft A/S har etter dei krava dei har å halde seg til, gjennomført ein god prosess og levert ein gjennomarbeid konsesjonssøknad». Slik var situasjonen i 2011 og det er sikkert nokon som treng å bli minna på det no sju år etter. Sjølv om vi ikkje klarer å imøtekomme alle kommunens ønsker opplever vi samstundes at det er ein god tone, og ein respekt for einannan i arbeidsmøta med både Bremanger og Flora kommune. Vi kjenner oss derfor ikkje igjen i skildringa i Firda fredag 5. oktober.

Vi bygger lysløype og varmestove.

Ein av grunnane til at Flora kommune stemde for vindparken på Guleslettene i 2011 var den samstemte støtta prosjektet hadde hos grunneigarane. Vi grunneigarar har eit ønskje om at vindparken skal bli eit friluftsområde for dei mange, når den står ferdig hausten 2020. Vi bygger difor ei varmestove ved Langevatnet som blir open for alle. Det vert parkeringsplass, toalettfasilitetar og fiskeplass med universell utforming ved Kupevatnet. Det vert også ei lysløype i tilknyting til varmestova. Dette er alle tiltak som begge vertskommunar har stilt seg positive til og som vi håpar mange vil sette pris på.

Vindparken på Guleslettene har ein konsesjon på 25 år. Det er no under utbygginga at vi utformar lysløype, varmestove, rasteplassar, fiskeplass og parkeringsplassar. Vi ønskjer difor ein tett dialog og nært samarbeid med kommunane og friluftsinteressene for å få så gode løysingar som mogleg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags