Om Førdevekst og Førdepakken

TRAFIKK OG VEKST: – Når det så særleg gjeld trafikksituasjonen i Førde i dag og for den del den venta trafikkutviklinga, har underteikna fleire gonger peika på at Førde kommune vanskeleg kan sjå bort frå dei konklusjonane dei fremste fagmiljøa i landet, her medrekna Statens vegvesen, har kome til, skriv Olve Grotle.

TRAFIKK OG VEKST: – Når det så særleg gjeld trafikksituasjonen i Førde i dag og for den del den venta trafikkutviklinga, har underteikna fleire gonger peika på at Førde kommune vanskeleg kan sjå bort frå dei konklusjonane dei fremste fagmiljøa i landet, her medrekna Statens vegvesen, har kome til, skriv Olve Grotle. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI eit innlegg i Firda tar Kurt Grønli på ny opp nokre spørsmål knytt til Førde og Førdepakken, og han ber underteikna gi tilsvar. Underteikna har alt gjort greie for synet mitt i eit svarinnlegg til Grønli i februar, men svarer likevel på ny. I hovudsak gjeld saka Førde sin historiske vekst, venta framtidig vekst og nokre forhold knyt til Førdepakken.

Når det gjeld det første held Grønli fast ved at Førde ikkje har hatt sterk vekst dei siste tiåra. Vidare meiner han å hugse at underteikna til dokumentasjon på at Førde har hatt slik vekst, berre hadde brukt «noe som var skrevet til et jubileum for Førde by». Dette er ikkje rett.

I innlegget frå februar peika eg på fleire kjelder. Eg viste såleis til bind IV i Soga om Sogn og Fjordane frå 2017, kor det på side 244 heiter at «Førde kommune har hatt fylkets sterkaste folketalsutvikling i heile etterkrigstida, trenden har ikkje vorte svakare dei siste 25 åra».

Vidare peikte eg på at det same gjekk igjen i Vestlandsforsking-rapport nr 12/2011: Strategiar for utvikling av et kunnskapsbasert Sogn og Fjordane. Sluttrapport, kor det heiter på side 14: «Fra 1998 til 2010 er faktisk Førde de fylkessenteret i hele Norge som har hatt høyest befolkningsvekst, etterfulgt av Trondheim, Tromsø og Bodø».

Underteikna meiner òg at jubileumsboka Førde blir by frå 2017, gir relevant og rett informasjon om dette temaet. Ei bok kor det alt i forordet blir slått fast at bygdesenteret Førde har «fullstendig skifta ham, på ein måte som stikk seg fram også nasjonalt» og vidare: «Frå å vere blant dei mindre tettstadane i Sogn og Fjordane har Førde vakse seg til tyngdepunktet i fylket».

Når det så gjeld dagens vekst skriv Grønli at underteikna i august i år «erkjente» at veksten i Førde er bekymringsfull, og dette blir framstilt slik at underteikna ikkje har gitt uttrykk for dette tidlegare. Dette er heller ikkje korrekt.

Underteikna har fleire gonger, både i førre og nåverande valperiode, peika på at vi har utfordringar knytt til folketalsveksten, og dette blei til alt overmål òg tatt opp i innlegget mitt frå februar i år. I same innlegget gav eg elles uttrykk for at Statistisk sentralbyrå i sine framskriving av folketalet legg til grunn at Førde òg vil ha ein vekst i tiåra framover, noko som framleis er tilfelle sjølv om veksten i Førde – som i resten av landet- for tida er låg. Det bør her òg nemnast at folketalsveksten i heile landet har svinga svært mykje dei siste åra, og at dette er ein fleire grunnar til at det er vanskeleg å seie noko eksakt om korleis folketalet både i Førde og i resten av landet vil vere om nokre tiår.

Når det så særleg gjeld trafikksituasjonen i Førde i dag og for den del den venta trafikkutviklinga, har underteikna fleire gonger peika på at Førde kommune vanskeleg kan sjå bort frå dei konklusjonane dei fremste fagmiljøa i landet, her medrekna Statens vegvesen, har kome til.

Konklusjonar som fortel oss at grepa i Førdepakken er riktige, gode og nødvendige, og dette gjeld i all hovudsak òg med dagens trafikksituasjon. Det kan elles her nemnast at Førdepakken er ei resultat av ein omfattande prosess, kor mange fag-, forvaltnings- og folkevalde organ har greidd ut, vurdert og gjort vedtak, og kor Stortinget til slutt gjorde endeleg vedtak.

Til slutt i innlegget gjer Kurt Grønli til greie for synet sitt på vekst, og underteikna oppfattar det slik at han her meiner den reine forbruksveksten. Underteikna er derimot opptatt av ein annan type veks; nemleg den som knyter seg til folketal, arbeidsplassar, utbyggingar og aktivitetsnivå.

Når det gjeld denne veksten, vil eg avslutte med å sitere tidlegare fylkesmann Anne Karin Hamre som i bloggen sin i 2013 tok opp ei side ved denne, og formulerte seg slik: «Så kvifor jage etter vekst og utvikling? Kan vi ikkje vere lykkelege som små? Tja. Problemet er at folketalsutviklinga òg får konsekvensar for økonomi og innverknaden vår på samfunnsutviklinga. Mange løyvingar over statsbudsjettet heng saman med folketalsutvikling. Ei utvikling under landssnittet, gjer at kakestykket som vert Sogn og Fjordane til del, vert mindre. Dei av kommunane våre som taper flest folk, merkar at det vert tyngre og tyngre å få budsjetta til å gå i hop».

Movember, før-bilder, Olve Grotle

Movember, før-bilder, Olve Grotle Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags