Omsorgsberedskapsseminar

Av
DEL

Lesarbrev 

Tysdag 10. okt. var meir enn 60 sanitetskvinner frå Sogn og Fjordane samla til Omsorgsberedskapsseminar på Soltua i Florø.

N.K.S. har Omsorgsberedskap over heile landet. Om lag 3000 kvinner er klare til å stille opp med hus, mat og omsorg i tilfelle kriser, ulykker, naturkatastrofar m.m.

I Sogn og Fjordane har vi grupper i ti av dei elleve kommunane der vi har sanitetsforeiningar. I løpet av ein time kan mange av dei 300 sanitetskvinnene i fylket som er med i ei gruppe, vere klare til hjelp. Vi har forpliktande avtaler med kommunane. Dei veit om oss og veit at vi er å stole på.

Frå 2005 og 2006 har N.K.S. samarbeidsavtale med Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap og med Helsedirektoratet.

Før jul i 2017 fekk vi nasjonal avtale med Politidirektoratet. Til det årlege seminaret vårt vart det difor i år naturleg å ta kontakt med Vest Politidirektorat om nokon derifrå kunne kome. Vi gjekk høgt på bana og spurde stabssjef Gustav Landro om han kunne kome. Og det ville han.

Han hadde ein imponerande presentasjon der han fortalde om oppbygginga av kriseleiinga/redningsleiinga, om korleis den fungerer og om kvar det er naturleg at sanitetskvinnene kan bidra. Han hadde verkeleg sett seg inn i det arbeidet kvinnene i N.K.S. har gjort og framleis gjer. Han sette sanitetskvinnene sine ressursar i samanheng med samfunnet og politiet sine behov.

Gustav Landro fekk på ein inkluderande og fin måte forklart oss at vi verkeleg er ei viktig brikke i beredskapsarbeidet, at vi verkeleg gjer det vi kan for eit tryggare lokalsamfunn.

Stabssjef Gustav Landro tek arbeidet vårt med seg ut til innsatsleiarane og fagleiarane i politiet i Sogn og Fjordane med oppmoding om at dei inviterer N.K.S. til møte og seminar som dei måtte ha.

Seniorrådgjevar for Omsorgsberedskapen i N.K.S., May Britt Buhaug orienterte om Omsorgsberedskapen generelt. Kvar står vi i dag og om vegen vidare. Elles kunne ho svare på spørsmål frå deltakarane.

Leiaren for Omsorgsberedskapen i fylket orienterte om stoda her.

Heldigvis har det ikkje vore aktuelt å kalle oss ut til ulykker i år, men gruppeleiarane har vore kalla inn til møte og øvingar i sin kommune. Den aller viktigaste oppgåva vår er å vere klar når alarmen går. Vi kan håpe på at ulykkene ikkje kjem, men vi kan ikkje stole på det. Vi veit aldri når og kvar krisa kjem. Difor må vi vere budde!

Takk til dyktige foredragshaldarar og til alle dykk som møtte opp. Takk til dykk som vil bruke av tida og kreftene dykkar for eit tryggare lokalsamfunn i bygda/ byen din.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags