Milliardar av felleskroner vert ikkje brukt på barnehagar!

UTBYTTE: For SV er det viktig at fellesskapet sine pengar i dette tilfelle skal sikre gode tenester i barnehagane, ikkje gå til kommersielle eigarar! skriv Magne Aardal.

UTBYTTE: For SV er det viktig at fellesskapet sine pengar i dette tilfelle skal sikre gode tenester i barnehagane, ikkje gå til kommersielle eigarar! skriv Magne Aardal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSju av ti private barnehagar gjekk med overskot i fjor. Til saman 1,2 milliardar kroner er ikkje brukt til barnehageformål, men overført til eigarar (SSB). Pengar som blir i barnehagane som eigenkapital, kan i neste omgang gjere barnehagen til eit attraktivt kjøpsobjekt. Høyskolen i Innlandet dokumenterte (2018) at salsgevinsten i ni kontrollerte barnehagar i 2016 var 622 millionar kroner.

Barnehageprofittane vert i hovudsak finansiert av lågare bemanning og lågare pensjonskostnad. Fleire studium har vist at det er betydeleg differanse mellom tilskot til pensjon og dei faktiske pensjonsutgiftene. Dei tilsette i mange private barnehagar vil få betydeleg lågare pensjon enn kollegaene i offentlege barnehagar.

Men mange kommersielle eigarar hentar ut pengar på fleire måtar. For eksempel ved å kjøpe teneste frå selskap dei sjølve eig, og betale høg husleige på bygningar dei sjølve eig. Slik blir pengar som skal komme borna til gode i barnehagar brukt på alt frå høge leiarløner og bonus, til bilar, feriehytter og spabesøk!

Private barnehagers landsforbund (PBL) påstod i 2017 at bemanningsnorma «ikke var mulig å gjennomføre med dagens finansiering» (PBL, 22.06.17) Når både private og offentlege barnehagar skal auke bemanninga i fem månader frå 1. august 2019, blir kostnaden omtrent 280 millionar kroner (KS). Profitten på 1.2 milliardar er meir enn fire gonger det beløpet. Det svarar til meir enn to tusen heiltidstilsette i barnehagane i 2017! Overskotet kunne og ha redusert maksprisen på heildagsplassar betydeleg.

For SV er det viktig at fellesskapet sine pengar i dette tilfelle skal sikre gode tenester i barnehagane, ikkje gå til kommersielle eigarar!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags