Vi melder for sjeldan frå til barnevernet

MELD FRÅ: – Å unnlate å melde frå i situasjonar der barnevernet skulle vore varsla, kan i verste fall få svært alvorlege konsekvensar for borna det gjeld, skriv Borgtor Bøyum, høgskule- og universitetslektor.

MELD FRÅ: – Å unnlate å melde frå i situasjonar der barnevernet skulle vore varsla, kan i verste fall få svært alvorlege konsekvensar for borna det gjeld, skriv Borgtor Bøyum, høgskule- og universitetslektor. Foto:

Av
DEL

KronikkStyresmaktene meiner at for få melder frå til barnevernet når dei uroar seg for eit barn. Justeringar i barnevernslova skal gjere det tydlegare når vi bør gjere det.

Knut er fire år og går i barnehage. Tidlegare var han ein blid og sosial gut, men har den siste tida trekt seg tilbake frå dei andre borna og byrja å tisse på seg omtrent dagleg. Som barnehagelærar uroar du deg for åtferdsendringa, som du ikkje finn noko forklaring på. Kari er åtte år og går i 3. klasse. Ho byrjar å snakke om episodar heime som gjer deg som lærar uroleg. Lars er ti år og du som tannlege er uroa for den dårlege tannhelsa hans, samt at han ofte ikkje møter til avtalte tannlegetimar. Du stussar. Skal du melde frå eller ikkje?

For det meste er svaret – meld frå!

Ei forklaring på at enkelte let vere å melde frå om uroa si, kan vere at ein er redd for å bryte teieplikta som yrkesgrupper som arbeider med barn har. Teieplikta er streng, og det skal den framleis vere. Som tilsett i helsevesen, skule, barnehage, NAV med meir, kan du få kjennskap til svært personleg og sensitiv informasjon.

Av personvernomsyn og av omsyn til tillitsforholdet mellom tenesteytar og tenestemottakar, er det svært viktig å overhalde teieplikta. Svekka tillit kan til dømes gjere at foreldra til Lars ikkje lengre tek han med til tannlege, og at ein som pasient ikkje utleverer opplysingar som er naudsynte for at ein skal få den hjelpa ein treng.

Andre kan vere usikre på om mistanken er reell og dei er då redde for å melde frå på feil grunnlag. Læraren til Kari kan vere usikker på om det Kari fortel stemmer og om det er grunnlag nok for å melde frå til barnevernet. Læraren kan vere redd for å melde frå, av frykt for kva det vil få å seie for samarbeidet mellom skule og foreldre.

Barn er ei sårbar gruppe som i dei fleste tilfelle ikkje kan forsvare seg mot overgrep og omsorgssvikt. Det vil i dei fleste saker vere dei som skal beskytte barnet, som utset det for overgrep og omsorgssvikt. Barnevernet skal sikre at utsette barn og unge får naudsynt hjelp, omsorg og beskyttelse til rett tid. For at barnevernet skal klare å hjelpe barn som treng det, er dei avhengige av å få meldingar frå personar som er urolege for eit barn sin omsorgs- og livssituasjon.

Yrkesgrupper som arbeider med barn er difor pålagt ei melde- og opplysingsplikt til barnevernet, som går framfor teieplikta. Det betyr ikkje at ein skal melde frå til barnevernet om kvar minste bekymring. Det er situasjonar av ein viss alvorsgrad, og lova skildrar i kva situasjonar meldeplikta gjeld. Meldeplikta oppstår når det «grunn til å tru» at barnet lever i ein situasjon som skildra i lova. Det betyr at ein må ha meir enn ein vag mistanke for å melde frå, men det er ikkje krav om sikker kunnskap om kor alvorleg situasjonen er.

Balansegangen mellom teieplikt og meldeplikt kan vere vanskeleg. Ein skal gjerne ha kontakt med foreldra til barna i lang tid framover, til dømes skal foreldra til Knut levere og hente han i barnehagen dagleg eit par år framover. Barnehagen kan då kvi seg for kva ei melding til barnevernet vil ha å seie for samarbeidet med foreldra.

Å unnlate å melde frå i situasjonar der barnevernet skulle vore varsla, kan i verste fall få svært alvorlege konsekvensar for borna det gjeld. Den tragiske Christoffer-saka for nokre år sidan, der guten vart mishandla til døde av stefar sin, er eit døme på kor ille det kan gå når ein ikkje melder frå til barnevernet om mistankane sine. Frå 1. juli i år vart det gjort endringar i barnevernslova og ei rekkje andre lover som pålegg ulike yrkesutøvarar melde- og opplysingsplikt. Endringane er ikkje meint å senke terskelen for å melde frå til barnevernet, men å klargjere, forenkle og harmonisere bestemmingane, slik at dei blir lettare å forstå og bruke.

Målet er å få fleire til å melde frå gjennom lovendringar som gjer det meir tydeleg i kva situasjonar ein har meldeplikt, samt at ein i større grad får fram ansvaret mange yrkesgrupper har for å melde frå til barnevernet på eige initiativ.

For å unngå å skade tillitsforholdet til foreldra, er det viktig å involvere dei i bekymringa for barnet. Om det ikkje er snakk om dei mest alvorlege bekymringar som vald og seksuelle overgrep, kan du invitere foreldre til ein samtale. Om du som lærar etter samtale med foreldra til Kari framleis er uroa, kan du be om samtykke til å melde frå til barnevernet. Om Kari sine foreldra ikkje gir samtykke, bør du informere om at du likevel vil vurdere å melde frå.

Då speler du med opne kort og det er større sjanse for at du klarer bevare tillitsforholdet mellom skule og foreldre. Ei anna løysing kan vere å ringe barnevernet og diskutere saka anonymt og be om råd frå barnevernet om saka skal meldast inn eller ikkje. Om barnevernet meiner saka skal meldast inn, bør det igjen skje i samarbeid med foreldra. Det kan vere tøft å gå i dialog med foreldre om uroa for eit barn som har det vanskeleg, men openheit vil som oftast vere ein styrke for samarbeidet mellom foreldre og tenesteytar.

Eit nærare samarbeid mellom barnevern og offentlege institusjonar kan òg bidra til at fleire melder frå om uroa si. Undersøkingar viser at ein del som er pålagt meldeplikt er usikre på korleis dei skal tolke teikn på omsorgssvikt og overgrep og kva dei skal sjå etter. At barnevernet deltek på personalmøte, foreldremøte og elles er synlege for både tilsette og foreldre, gir barnevernet eit ansikt. Dette kan både styrke samarbeidet mellom barnevern og dei som er pålagt meldeplikt og det kan ufarleggjere barnevernet for dei foreldre som i dag opplever barnevernet som noko skremmande.

Forskingsdagane 2018

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival der kunnskapsinstitusjonar i heile landet viser fram forskinga si.

I år er temaet «Oppvekst».

Lokale forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking markerer dette mellom anna gjennom ein serie kronikkar der dei ser på kva det vil seie å vekse opp i Noreg i dag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags