DEBATT: Opptente feriepengar og NAV

Av
DEL

Lesarbrev 

Ser i avisene at ein kar ute i Dale har fått oppfordring om å betale tilbake pengar som vart utbetalte etter han slutta i arbeid og tok ut AFP.

Det forundrar meg at NAV eller det offentlige ikkje i åras løp har funne ei løysing for å unngå denne unødvendige brevvekslinga. Dette er det same som eg sjølv opplevde etter likninga på grunnlag av sluttoppgjer/feriepengar mottatt etter uttak av AFP i april 2009, etter 44 års tenestetid.

Etter som eg forstår av NAV-kontorsjefen sitt svar, har dei no omarbeidd brevet litt, noko som eg meiner var høgst nødvendig. Eg håpar at det er til det betre.

I mitt brev , som eg diverre ikkje har lenger, vart fortalt om alle farar eg utsette meg sjølv for ved å forsøke å motta urettmessige ytelsar. Rett nok var det ein setning mot slutten av brevet som avtyda at det kunne vere feriepengar som var opptente siste år og utbetalt etter sluttdato.

Men då var eg så skremd at eg øyeblikkeleg oppsøkte næraste NAV-kontor for å avgi forklaring og presentere dokumentasjon. Det var det imidlertid lite hjelp i, for det var ikkje dette kontoret som hadde sendt brevet. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags